Norsk (YF)
Tekst i kontekst
Dikt, forteljingar og skodespel, men også saktekstar, gir oss innblikk i korleis menneske har levd, tenkt og følt til ulike tider. Leseopplevingar kan gjere oss glade, ettertenksame, triste eller sinte – og alltid litt klokare!
Saktekstar
Dei fleste tekstane vi les, er saktekstar. Felles for saktekstane er at dei handlar om røyndomen, om verda vi lever i. Utover dette kan saktekstar vere svært ulike. Alt frå matoppskrifter, tryggleiksinstruksar, møtereferat og nyheitsartiklar til brev, kåseri og essay er saktekstar.
Kåseri og petit
Kåseri og petit er to sjangrar som har mykje til felles. Begge er korte tekstar som tar for seg eit kvardagsleg tema. Eit munnleg språk, humor og ironi er vanlege verkemiddel. Formålet er å underhalde, men samtidig bidra med eit nytt blikk på ei sak.