Norsk (YF)
Tekst i kontekst
Dikt, forteljingar og skodespel, men også saktekstar, gir oss innblikk i korleis menneske har levd, tenkt og følt til ulike tider. Leseopplevingar kan gjere oss glade, ettertenksame, triste eller sinte – og alltid litt klokare!
Saktekstar
Dei fleste tekstane vi les, er saktekstar. Felles for saktekstane er at dei handlar om røyndomen, om verda vi lever i. Utover dette kan saktekstar vere svært ulike. Alt frå matoppskrifter, tryggleiksinstruksar, møtereferat og nyheitsartiklar til brev, kåseri og essay er saktekstar.
Essay
Essayet er gjerne omtalt som ei vandring i eit tema, der den som skriv beveger seg i eit hovudemne, men vekslar mellom subjektive meiningar, refleksjonar, sitat og saksopplysingar. Målet er å sette eit nytt lys på temaet, ikkje å kome fram til eit svar eller ein konklusjon.