Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på leseoppgåva – reklamefilm

Til eksamen i norsk for yrkesfag får du tre oppgåver: ei leseoppgåve og to skriveoppgåver. I denne ressursen skal du bli kjend med ein av oppgåvetypane som kan komme i leseoppgåva: analyse av reklamefilm.
To elevar øver til eksamen. Dei sit ved ein pult med oppslåtte bøker. Dei smiler til kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølv om vi kallar den første oppgåvetypen "leseoppgåve", er det slett ikkje sikkert at du får delt ut ein tekst du skal lese. Det kan òg vere at du skal gå inn på ei lenkje og sjå ein film. Under ser du døme på to typiske leseoppgåver som kan vente deg på eksamensdagen:

Leseoppgåve 1. Analyser og vurder ein reklamefilm

Oppgåva:

Du skal sjå reklamefilmen Kjøpt brukt. Eller ingenting (2019) frå Finn.no. Deretter skal du svare på oppgåve a, b og c. Sjå gjerne filmen fleire gonger.

a. Kven er avsendar? Kva er formålet? Grunngi svaret ditt med døme frå filmen.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

b. Satire og humor er brukt som verkemiddel. Beskriv korleis desse verkemidla er brukte. Kva trur du avsendar ønskjer å oppnå ved å bruke dei? Kva for ei retorisk appellform meiner du er mest brukt? Grunngi svaret med døme frå filmen.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:

  • presentere forståing av tekst

  • fagspråk

  • formalia

c. Reflekter over kva slags påverknadskraft ein slik reklamefilm kan ha på ulike målgrupper.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:

  • presentere forståing av tekst

  • fagspråk

  • formalia

Kva skal du gjere?

No får du tre oppdrag. Desse skal du gjere saman med andre. De skal skrive notat om både oppgåveteksten og reklamefilmen. Bruk gjerne boksane under og avslutt med å eksportere det du har skrive til pc-en din.

Kvifor skal du gjere dette?

  • Du treng desse notata for å øve deg på å skrive sjølve svaret i neste steg.

  • Det er mykje enklare å skrive eit svar etter at du har diskutert innhaldet med andre.

  • Når du diskuterer oppgåveformulering og vedlegg med andre, lærer du mykje du kan ta med deg til eksamensdagen.

Oppdrag 1: Diskuter og skriv om leseoppgåva

Det aller første du må gjere, er å oppklare om du forstår kva oppgåva spør deg om. Det gjeld både om du forstår kor mange oppdrag oppgåva har, kva oppdraga betyr, og kva som trengst for å skrive eit godt svar.

Sit i par eller grupper. Diskuter spørsmåla under og skriv inn i boksane. Avslutt med å eksportere det du har skrive til pc-en din.

Oppdrag 2: Diskuter det som er uklart

  1. Gå gjennom spørsmåla og det som de skreiv ned i plenum som var uklart.

  2. Les gjennom "fasiten" under.

  3. Forstår de alt no? Viss ikkje – spør læraren om hjelp.

Oppdrag 3: Sjå filmen, reflekter, skriv og diskuter

  1. Sjå filmen, minst tre gonger. Skriv deretter ned svar på dei seks oppdraga i eksamensoppgåva. I denne fasen treng du ikkje tenkje nøye over formalia (språk og struktur). Det viktigaste er at du reflekterer, analyserer og tenkjeskriv.

  2. Samanlikn svara dine med ein annan i klassen.

  3. Gå gjennom det de har svart i plenum. Skriv ned eventuelle nye poeng i skjemaet under medan de går gjennom dei seks oppdraga. Ta vare på svara til neste steg.

Avslutning

No har du forhåpentleg gode notat til neste steg i eksamensøvinga – nemleg å øve deg på å skrive sjølve oppgåvesvaret.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2021

Læringsressursar

Førebu deg til skriftleg eksamen