Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv eit svar på leseoppgåva om romanutdrag

I denne oppgåva skal du øve deg på å skrive eit godt svar på leseoppgåva om skjønnlitteratur i norsk for yrkesfag. Du vil få tips om både innhald, språk og struktur. Målet er at du skal vere godt førebudd når du møter denne oppgåvetypen til eksamen.
Elevar sit i eit klasserom. Dei sit konsentrert ved pultane sine og har framme  pc-ar og Mac-ar. Dei snakkar saman og har ark og pennar tilgjengelege. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne ressursen skal du først lese gjennom eksamensoppgåva under. Etterpå kan du gå i gong med oppgåve 1a under oppgåva.

Døme på leseoppgåve som kan komme til eksamen:

Vedlegg: Utdrag frå novella "London" (2009) av Bjarte Klakegg

Du skal lese vedlegget og deretter svare på oppgåve a, b og c. 

Svara bør samla sett vere på 250–300 ord.   

Relatert innhald

Svar på spørsmåla:

a. Kva gjer hovudpersonen i dette utdraget? Forklar med eigne ord.

Svaret blir vurdert på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

b. Gjer greie for korleis kjenslene og handlingane til hovudpersonen blir skildra i teksten. Bruk tre døme frå teksten som viser korleis desse blir skildra. Korleis tolkar du hovudpersonen ut frå handlingane i teksten?  

Svara blir vurderte på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

c. Kvifor trur du hovudpersonen gjer det han gjer? Grunngi svaret ditt. 

Svaret blir vurdert på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

Svara blir vurderte på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • bruk av fagspråk

  • tekst i kontekst

  • formalia

Tilråding

Før du går laus på oppgåvene under, bør du gå gjennom ressursen "Ein modelltekst om Tante Ulrikkes vei". Her vil du finne tips og kommentarar til modellteksten som kan hjelpe deg til å skrive gode svar i øvinga under.

Relatert innhald

Oppgåve 1. Skriv eit svar på oppgåve 1a

Den første oppgåva du skal skrive eit svar på, er denne:

Kva gjer hovudpersonen i dette utdraget? Forklar med eigne ord.

Svaret blir vurdert på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

  1. Fortel att det som skjer i teksten med maks fem setningar. Skriv inn i tekstboksen under. Viss du trykkjer på "Hjelp til å skrive", vil du finne tips til godt språk.

  2. Eksporter teksten din.

Oppgåve 2

Den andre oppgåva lyder slik:

b. Gjer greie for korleis kjenslene og handlingane til hovudpersonen blir skildra i teksten. Bruk tre døme frå teksten. Korleis tolkar du hovudpersonen ut frå handlingane i teksten?  

Svara blir vurderte på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

a. Marker setningane som beskriv kjenslene til hovudpersonen. Fortel deretter att skriftleg, i boksen under, kva kjensler hovudpersonen har, og kvifor han har desse kjenslene.

Litt hjelp på vegen?
  • Det sentrale for å svare godt på denne oppgåva er å vise korleis sinnet til hovudpersonen blir skildra. Finn setningar som beskriv dette.

  • Prøv i tillegg å setje ord på kva som utløyser sinnet.

  • Relevante fagomgrep i denne oppgåva vil vere:

    • samanlikning

    • personifikasjon

    • indirekte personskildring

Finn du døme på desse verkemidla?

b. Skriv deretter eit svar i boksen under. Viss du trykkjer på "Hjelp?", finn du tips og hjelpesetningar som kan gjere det enklare for deg å formulere deg godt.

Oppgåve 3

Den siste oppgåva du skal skrive eit svar på, er denne:

c. Kvifor trur du hovudpersonen gjer det han gjer? Grunngi svaret ditt. 

Svaret blir vurdert på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

Denne oppgåva ber om tolkinga di av teksten. Men hugs at du ikkje berre kan slenge ut ei tolking. Du må grunngi svaret ditt ved å vise til døme frå utdraget.

  1. Skriv ei setning du meiner svarer på kvifor hovudpersonen gjer som han gjer.

  2. Finn minst éin passasje i teksten du meiner grunngir svaret ditt.

  3. Samanlikn svaret ditt med svara til andre elevar i klassen. Juster eige svar om du endrar syn etter å ha snakka med andre.

  4. Skriv svaret ditt i tekstboksen under. Du bør skrive fem–sju setningar.

  5. Eksporter teksten din.

Oppgåve 4

No skal du ha eksportert alle svara dine til ei tekstfil. Korleis ser det eigentleg ut?

  1. Les gjennom svaret ditt i dokumentet og gjer eventuelle endringar i språk og innhald.

  2. Byt svaret ditt med svaret til ein medelev. Gi kvarandre tilbakemelding på kva som er bra, og kva som kan bli betre.

  3. Skriv ein kort logg der du svarer på desse spørsmåla:

    • Korleis såg svaret ditt ut då du eksporterte det? Hadde du klart å formulere deg godt og strukturere svaret, eller var det mykje gale? Kva var i så fall grunnen til at noko ikkje såg bra ut?

    • Kva kan du gjere på sjølve eksamensdagen for å sikre deg at svaret ditt ikkje har unødvendige feil før du sender det inn?

    • Kva fekk du godt til i svaret ditt?

    • Kva må du øve meir på?

CC BY-NC-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022

Læringsressursar

Førebu deg til skriftleg eksamen