Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli kjend med skriveoppgåva med vedlegg

Det er umogleg å seie noko sikkert om kva skriveoppgåve med vedlegg som ventar deg til norskeksamen, men i denne ressursen skal du bli kjend med ei typisk oppgåve, lese tips og prøve deg på å skrive sjølv.
Ei kvinne som skriv på pc-en sin mens bokstavar stig opp i lufta frå pc-skjermen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei typisk oppgåve

Slik kan ei typisk skriveoppgåve med vedlegg sjå ut til eksamen:

Les dei to utdraga om kropp.

Ta utgangspunkt i vedlegga og skriv ein tekst der du først gjer greie for korleis Kristian Fjellanger og Ingrid Thunem omtaler sin eigen kropp. Reflekter deretter over kva rolle kroppen speler i dagens samfunn.

Lag overskrift sjølv. 

Skriv ca. 400–600 ord. 

Teksten blir vurdert på desse områda:

  • innhald

  • tekst i kontekst

  • struktur

  • språk

  • formalia

  • kjeldebruk og kjeldeføring

Vedlegg:

  • Fjellanger, K. (2010). Feit. Mitt liv som tjukkas. Forlaget Manifest.

  • Thunem, I. (2021, 6. desember). "Hvor er kropper som min?" Dagsavisen, Debattinnlegg.

Relatert innhald

1 Diskuter oppgåva

  1. Diskuter oppgåva med ein medelev i klassen. Forstår de kva oppgåva ber dykk om?

  2. Forstår de kva svaret vil bli vurdert etter?

  3. Skriv ned spørsmål viss de ikkje er sikre på kva oppgåva ber om, eller kva svaret vil bli vurdert etter.

  4. Kva trur de skal til for å lykkast med å svare godt på denne oppgåva? Skriv ned minst tre suksesskriterium.

2 Les eit godt svar

  1. Les svaret "Når kropp ikkje er topp".

  2. Dette er eit godt svar på oppgåva. Skriv ned minst tre punkt som etter ditt syn gjer svaret godt.

  3. Jobb saman med ein medelev og samanlikn punkta de har notert.

  4. Skriv ned minst fem punkt du vil ta med deg til eiga skriving.

Filer

3 Kva er det som gjer tekstdømet til eit godt svar?

No skal vi gå grundigare gjennom teksten "Når kropp ikkje er topp" og peike på fleire trekk som gjer teksten til eit godt svar. Målet er ikkje at du skal skrive akkurat likt, men at du skal ta med deg nokre tips til eiga skriving på eksamensdagen.

4 Kva vil du ta med deg til eksamen?

Skriv i femten minutt og svar på spørsmåla under:

  1. Kva meiner du er det aller viktigaste du har lært om å svare på skriveoppgåve med vedlegg?

  2. Kva må du hugse på når du bygger opp teksten din? (Stikkord: innleiing, hovuddel, avslutning og avsnittsinndeling)

  3. Kva er det viktig å hugse på når du skal skrive innleiing?

  4. Kva må du passe på når du omtaler vedlegga i svaret ditt?

  5. Korleis skal du gjere greie for innhaldet i vedlegga?

  6. Korleis kan du gå fram når du skal reflektere over eit tema eller spørsmål?

  7. Korleis kan du lage ei god avslutning?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2021

Læringsressursar

Førebu deg til skriftleg eksamen