Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv eit svar på leseoppgåva om reklamefilm

I denne oppgåva skal du øve deg på å skrive eit godt svar på leseoppgåva om reklamefilm til eksamen i norsk for yrkesfag. Du vil få tips til både innhald, språk og struktur.

Når du har teke notat til reklamefilmen og lese ein modelltekst, er du klar til å øve deg på det viktigaste – nemleg å skrive svaret.

Har du ikkje teke notat eller lese ein modelltekst?

I dei to relaterte artiklane nedst på sida finn du oppgåver som tek for seg dette. Du bør ha både notat og modelltekst framfor deg når du skal øve på å skrive sjølv.

Oppgåve 1. Skriv eit svar på oppgåve 1a

Den første oppgåva du skal skrive eit svar på, er denne:

a) Kven er avsendar av reklamefilmen, og kva er formålet? Grunngi svaret med døme frå filmen

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

Sjå på eigne notat og modellteksten. Skriv eit kort og presist svar på det oppgåva spør om. Bruk gjerne tekstboksen under. Her kan du òg trykkje øvst til høgre for å finne modellteksten og hjelpesetningar.

Etter at du har skrive svaret ditt, skal du eksportere teksten.

Skriv svaret ditt her:

Oppgåve 2. Skriv eit svar på oppgåve 1b

Neste steg er å svare på denne oppgåva:

b) I reklamefilmen er det brukt satire og humor som verkemiddel. Beskriv korleis desse verkemidla er brukte. Kva trur du avsendar ønskjer å oppnå ved å bruke dei? Kva for ei retorisk appellform meiner du er mest brukt? Grunngi svaret med døme frå filmen.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:

  • presentere forståing av tekst

  • fagspråk

  • formalia

I denne oppgåva er det svært viktig at du svarer på alle oppdraga som blir spurt etter:

  1. Beskriv bruken av humor og satire.

  2. Kva trur du avsendar ønskjer å oppnå ved å bruke humor og satire?

  3. Kva for ei retorisk appellform meiner du er mest brukt i reklamefilmen?

Legg merke til at du må bruke døme i svaret ditt.

Vi foreslår derfor at du tek for deg eitt og eitt oppdrag for å sikre at du svarer på alt oppgåva spør om. Bruk skjemaet under til å svare på dei tre oppdraga. Hugs å bruke tips- og modelltekstknappen under kvart oppdrag.

Oppgåve 3. Skriv eit svar på oppgåve 1c

Til sist skal du skrive eit svar på denne oppgåva:

c) Reflekter over påverknadskrafta ein slik reklamefilm kan ha på ulike målgrupper

  • presentere forståing av tekst

  • tekst i kontekst

  • formalia

Som du ser av vurderingskriteria, så blir mellom anna "tekst i kontekst" vektlagd. Det vil seie at du skal reflektere over kva trekk ved den tida vi lever i som kan forklare kvifor filmen er utforma som han er.

Skriv svaret inn her:

Oppgåve 4

Sit saman i grupper og vis kvarandre svara dykkar. Gi kvarandre ros for det som er bra og gode råd for kva som kan bli betre. De bør særleg kommentere dette:

  • Har de klart å svare på alle oppdraga oppgåva spør om?

  • Har de hugsa å grunngi ved å vise til døme frå filmen?

  • Har de hugsa å skrive om kva funksjon verkemiddelet har?

  • Er teksten godt strukturert, slik at de skriv om eitt moment i kvart avsnitt?

  • Har de klart å skape flyt ved å bruke setningskoplarar mellom avsnitta?

  • Bruker de relevante fagomgrep?

Oppgåve 5

Skriv ein kort logg der du svarer på desse spørsmåla:

  • Korleis såg svaret ditt ut då du eksporterte det? Hadde du klart å formulere deg godt og strukturere svaret, eller var det mykje gale? Kva var i så fall grunnen til at noko ikkje såg bra ut?

  • Kva kan du gjere på sjølve eksamensdagen for å sikre at svaret ditt ikkje har unødvendige feil før du sender det inn?

  • Kva fekk du godt til i svaret ditt?

  • Kva må du øve meir på?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Førebu deg til skriftleg eksamen