Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Les ein modelltekst om reklamefilm

Korleis skal du skrive eit godt svar på leseoppgåva i norsk for yrkesfag? Å lese og plukke frå kvarandre eit godt svar vil vere til god hjelp når du skal skrive sjølv. Her skal du lese ein modelltekst som handlar om ein reklamefilm for Chipotle.

Oppgåve 1. Les ein modelltekst

Før du set i gong med å skrive svaret på oppgåva, kan det vere lurt å lese ein modelltekst. Ein modelltekst er eit godt svar på ei oppgåve som liknar den du skal løyse. Det gjer at du får inspirasjon og enklare forstår kva som er forventa av eit godt svar på oppgåva.

Modellteksten er ein analyse av reklamefilmen Fugleskremselet for den amerikanske hurtigmatkjeda Chipotle.

a) Kven er avsendar av reklamefilmen, og kva er formålet?

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

Svar:

Avsendaren av reklamefilmen Fugleskremselet er den amerikanske hurtigmatkjeda Chipotle. Hovudformålet med filmen er naturlegvis å selje fleire av eigne produkt. Dette er ein reklame for eit produkt, og formålet med all produktreklame er å selje. Eit sekundært formål kan vere å kritisere industrialiseringa av jordbruket som har funne stad dei siste tiåra.

b) I reklamefilmen er det brukt kontrast som verkemiddel. Beskriv bruken av verkemiddelet. Kva trur du avsendar ønskjer å oppnå ved å bruke kontrast? Kva for ei retorisk appellform meiner du er mest brukt i reklamefilmen? Grunngi svaret ditt med døme frå filmen.

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:

  • presentere forståing av tekst

  • fagspråk

  • formalia

Svar:

Det viktigaste verkemiddelet i reklamen er kontrast. Filmen startar med å vise eit fugleskremsel som går inn i ein gigantisk fabrikk for å jobbe. I denne delen av videoen blir det spelt melankolsk musikk, og fugleskremselet ser trist ut. Det kjem tydeleg fram at det gruar seg til å jobbe på den store fabrikken. Livet på fabrikken blir dermed framstilt som kaldt og fiendtleg. Til dømes blir arbeidarane frakta inn til jobben på samleband. I denne delen av filmen blir masseproduksjonen av mat framstilt på ein negativ måte. Filmen viser til dømes kor dårleg menneska behandlar dyr berre for å skape mykje og billig mat til seg sjølv.

Kontrasten oppstår omtrent midt i filmen. Då kjem fugleskremselet heim og får auge på ein frisk og naturleg chili. Synet får fugleskremselet til å bryte ut i eit smil. I tillegg blir musikken muntrare, noko som skal understreke bodskapen: Naturleg mat er best. Filmen blir avslutta med at fugleskremselet lagar og sel mat på tradisjonelt vis, noko som sannsynlegvis skal vise verdiane til Chipotle. Med dette verkemiddelet ønskjer altså bedrifta å verke som at ho bryr seg om både dyrevelferd og jordas framtid. Målet er å gi mottakarane positive assosiasjonar til restaurantkjeda når dei skal velje ein stad å ete.

I denne samansette teksten blir det brukt mykje patos. Reklamen speler på kjenslene gjennom både bilete og musikk. Bileta i første del skal gi medkjensle med dyra i videoen og avsky for industrijordbruket. Når stemninga skiftar midtvegs, skal den muntrare musikken og bileta skape gode kjensler for Chipotle, som ifølgje denne filmen ønskjer å lage naturlege produkt. Verkemiddelet kontrast bidreg altså til å styrkje patos i reklamefilmen.

c. Reflekter over påverknadskrafta ein slik reklamefilm kan ha på ulike målgrupper

Svaret ditt vil bli vurdert på følgjande område:

  • presentasjon av forståing av tekst

  • tekst i kontekst

  • formalia

Svar:

Denne reklamefilmen kan ha sterk påverknadskraft på dei som er engasjerte i dyrevern og økologisk mat. Det er det mange som er opptekne av i dag. Eg trur òg at når avsendar bruker patos, kan det vise dei som ikkje bryr seg om desse problemstillingane, at måten vi behandlar naturen og dyra på, ikkje er rett.

Samtidig trur eg mange kan vere skeptiske til om biletet Chipotle skaper av seg sjølv, er sant. Chipotle er ei hurtigmatkjede som ønskjer å selje mat til flest mogleg for å tene mykje pengar. Er det då eigentleg sånn at dei behandlar naturen og dyra så mykje betre enn andre? Desse spørsmåla vil nok mange stille. Kanskje er denne reklamen berre endå eit døme på det som blir kalla "grønvasking" – altså at ei bedrift framstiller seg som meir miljøvennleg enn ho er berre for å selje meir.

Likevel synest eg det er positivt at Chipotle bryr seg som desse verdiane. Det kan påverke andre hurtigmatkjeder til å vise det same engasjementet for å halde følgje med Chipotle.

Oppgåve 2. Kvifor er dette eit godt svar?

Å lese modelltekstar, slik som svaret over, er fint for å forstå kva som skal til for å svare godt på leseoppgåva til eksamen. Men i tillegg bør du studere svaret nøyare for å forstå kvifor det er godt. Du må rett og slett finne ut av

  • kva det er ved språk og innhald som gjer at svaret får høg måloppnåing

  • kva du kan ta med deg frå dette svaret når du sjølv skal ha eksamen

A) Studer innhaldet i oppgåve a

Les spørsmål og svar til oppgåve a (avsendar og formål). Diskuter deretter med ein medelev:

  1. Dette svaret er kort, men veldig presist. Kva betyr det at dette er eit "presist" svar?

  2. Korleis får skrivaren til å vere presis? (Hint: Studer ordet som kvar setning startar med for å svare godt på spørsmålet.)

B) Studer innhald og språk i oppgåve b

Les spørsmål og svar til oppgåve b.

1) Jobb aleine

Les det første avsnittet. Marker deretter

  • kva setningar som beskriv bruken av kontrast (oppdrag 1 i oppgåva)

  • kva setningar som viser kva funksjon verkemiddelet kontrast har

  • kva setningar som viser kva avsendar ønskjer å oppnå ved å bruke kontrast (oppdrag 2 i oppgåva)

  • korleis skrivaren bruker døme frå teksten for å grunngi at det er appellforma patos som blir mest brukt

2) Diskuter med ein medelev

  • Kvifor er dette eit godt svar på dei to første oppdraga i oppgåve b?

  • Korleis bruker skrivaren døme frå teksten for å grunngi at det er appellforma patos som blir mest brukt?

  • Korleis klarer skrivaren å kople saman verkemiddel og appellform?

Tips

Legg merke til den gode koplinga mellom verkemiddelet kontrast og funksjonen verkemiddelet har. Når du beskriv bruken av eit verkemiddel, bør du alltid både vise korleis det blir brukt i ein tekst og skrive om kva funksjon det har.

Legg òg merke til at heile svaret heng saman fordi det blir vist korleis verkemiddelet kontrast forsterkar appellforma patos i reklamefilmen.

3) Språk og struktur i svaret

Ein annan styrke ved svaret, i tillegg til innhaldet, er språk og struktur. Diskuter med ein medelev:

  • Korleis skaper tredelinga av dette svaret ein god struktur i teksten?

  • Korleis bruker skrivaren temasetningane (den første setninga i kvart avsnitt) for å vise lesaren kva avsnittet skal handle om?

  • Strek under alle setningskoplarar i svaret – altså ord og frasar som skaper flyt mellom både setningar og avsnitt.

C) Studer innhald i oppgåve c

Diskuter med ein medelev:

  • I svaret på oppgåve c viser skrivaren kunnskap om "tekst i kontekst". Det vil seie at hen viser korleis reklamefilmen speglar viktige tendensar i vår tid. Korleis?

  • I tillegg viser skrivaren evne til å tenkje kritisk og å sjå saka frå ulike sider. Korleis?

Oppgåve 3. Samanfatt

Skriv ein logg der du samanfattar kva du kan ta med deg til eiga skriving etter å ha lese og plukka frå kvarandre denne modellteksten. Legg vekt på både språk og innhald. Dette er stikkord til kva du kan ta med i loggen:

  • Korleis skal eg strukturere svaret mitt?

  • Korleis skal eg skape flyt mellom setningar og avsnitt i teksten min?

  • Korleis skal eg svare presist på alle oppdraga i spørsmåla?

  • Korleis, og kvifor, skal eg bruke fagomgrep?

  • Kvifor er det så viktig å skrive om funksjonen til verkemiddelet?

  • Korleis kan eg kople saman eit verkemiddel med ei appellform?

  • Korleis skal eg vise kunnskap om tekst i kontekst og evne til kritisk tenking?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2021

Læringsressursar

Førebu deg til skriftleg eksamen