Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på leseoppgåva –romanutdrag

I leseoppgåva kan du få ei novelle, eit dikt, eit utdrag frå ein roman eller ein sakprosatekst. Målet er at du skal vise leseforståing og bruke eit klart språk. No skal du øve deg til eksamen ved å lese eit utdrag frå Zeshan Shakars roman Tante Ulrikkes vei.
Mann med mørkt hår og kort skjegg står oppstilt med hendene i lommene på ein grøn plen framfor ei bustadblokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under ser du eit døme på ei typisk leseoppgåve du kan få til eksamen. I denne øvinga skal de samle notat og diskutere vedlegget. Først i neste steg skal du øve deg på å skrive eit godt svar på oppgåva.

Les eksamensoppgåva og tekstvedlegget under. Skroll deretter nedover og gjer øvingsoppgåvene under tekstvedlegget.

Oppgåve 1

Vedlegg: Utdrag frå romanen Tante Ulrikkes vei (2017) av Zeshan Shakar.

Svar på spørsmåla:

a. Kva forhold har Jamal og Mo til heimstaden sin, Stovner? Forklar med eigne ord.

Svaret blir vurdert på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

b. Gjer greie for korleis Mo og Jamal blir skildra i teksten. Bruk minst tre døme som viser korleis dei blir skildra. Kva er det ved personskildringane som gjer at du tolkar dei slik?  

Svaret blir vurdert på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

c. Kvifor trur du Jamal og Mo har så ulikt forhold til heimstaden sin? Grunngi svaret ved å vise til minst eitt døme i teksten.

Svaret blir vurdert på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

Svaret blir vurdert på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • bruk av fagspråk

  • tekst i kontekst

  • formalia

Relatert innhald

Oppdrag 1: Noter og diskuter oppgåve 1

  1. Les oppgåve 1 i eksempeloppgåva over. Skriv deretter ned notat som skal vere svar på dette spørsmålet i boksen under.

  2. Samanlikn det du har svart med svara til andre i klassen. Viss du synest andre har gode svar, så skriv ned desse i notata dine.

Oppdrag 2: Noter og diskuter oppgåve 2

I oppgåve 2 er det tre ulike oppdrag:

  1. Gjer greie for korleis Mo og Jamal blir skildra i teksten.

  2. Bruk minst tre døme frå teksten som viser korleis dei blir skildra.

  3. Kva er det ved personskildringane som gjer at du tolkar dei slik?

Jobb aleine:

Skriv notat til desse tre oppdraga i boksane under. I kvar boks kan du trykkje på ein knapp oppe til høgre for å få hjelp.

Jobb i grupper:

Samanlikn svara dykkar. Noter ned viss du synest dei andre i gruppa har gode innspel. Eksporter teksten din til slutt.

Oppdrag 3: Noter og diskuter oppgåve 3

I oppgåve 3 skal du reflektere over kvifor Mo og og Jamal har ulikt forhold til heimstaden sin, Stovner.

a. Jobb i grupper

Gå saman i grupper. Diskuter spørsmålet i oppgåve 3. Dette kan vere til hjelp i diskusjonen:

  • Kva inntrykk får du av Stovner ut frå det du les om Mo og Jamal? Kva slags stad er det?

  • Kva samanheng kan Mo og Jamal sin identitet ha med kjenslene dei har for heimstaden sin?

  • Kva draumar for framtida har Mo? Kan desse ha noko med kjenslene han har for Stovner å gjere?

b. Jobb aleine

Skriv ned svar på spørsmålet etter gruppediskusjonen i tekstboksen under.

Gå vidare

Korleis vil eit godt svar på denne oppgåva sjå ut? Gå vidare til ressursen "Ein modelltekst om Tante Ulrikkes vei" for å finne ut korleis du kan svare godt på leseoppgåva om skjønnlitteratur.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2021

Læringsressursar

Førebu deg til skriftleg eksamen