Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein modelltekst om Tante Ulrikkes vei

Korleis skal du skrive eit godt svar på leseoppgåva til eksamen? Les ein modelltekst og diskuter med medelevar kva som gjer denne til eit godt svar. Etterpå skal du prøve å skrive sjølv.
Tre jenter sit ved eit bord og diskuterer. Dei har kvar sin pc, og alle ser på noko på den eine jenta sin pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les ein modelltekst for å forstå kva som er eit godt svar

Før du set i gong med å skrive svaret på oppgåva, kan det vere lurt å lese ein modelltekst. Ein modelltekst er eit godt svar på ei oppgåve som liknar den du skal løyse. Då får du både inspirasjon og ei betre forståing av kva som er forventa av eit godt svar på oppgåva.

Modellteksten er svar på spørsmål om eit utdrag frå romanen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar.

Les spørsmåla og svara under. Samarbeid deretter med andre elevar i klassen om oppgåvene under modellteksten.

Oppgåve 1

Vedlegg: Utdrag frå romanen Tante Ulrikkes vei (2017) av Zeshan Shakar

Svar på spørsmåla:

a. Kva forhold har Jamal og Mo til heimstaden sin, Stovner? Forklar med eigne ord.

Svaret blir vurdert på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

Svar:

Jamal og Mo bur på Stovner, men ser ut til å ha eit heilt ulikt forhold til heimstaden sin. Medan Jamal er stolt av Stovner og seier at "[...] Stovner, T.U.V., Tante Ulrikkes vei, du veit, representerer alltid", verkar Mo som han ønskjer seg vekk: "Jeg plasserte meg selv steder, steder jeg innbilte meg var skikkelig ikke Stovner."

b. Gjer greie for korleis Mo og Jamal blir skildra i teksten. Bruk minst tre døme som viser korleis dei blir skildra. Kva er det med personskildringane som gjer at du tolkar dei slik?  

Svara blir vurderte på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

Svar:

Mo og Jamal står fram som kontrastar. Årsaka til at dei verkar så ulike, er at forfattaren, Zeshan Shakar, har valt å gi dei heilt ulike stemmer.

Jamal blir skildra som det vi kanskje tenkjer på som typisk for Stovner – ein slags gangstertype. Han liker musikk som er opprørsk. I tillegg karakteriserer språket han som ein outsider. Han snakkar til dømes multietnolekt: "Glem han, han er borte, han tisharen der."

Språket til Mo er heilt annleis. Han skriv godt norsk, og språket er prega av metaforar: "En flukt uten føtter". Dermed verkar han kanskje heller som ein meir seriøs og skuleflink gut.

I tillegg har dei to gutane ulikt temperament. Jamal verkar både utettervend og sjølvsikker. Vi får dette inntrykket fordi han bruker mykje slang, banneord og utrop: "Liksom, ghettoen blæsta ut fra den stereoen ass. Det var så jævla real ass, skjønner du hva jeg mener?". Mo verkar heller forsiktig og sjenert. Til dømes er språket hans meir dempa: "Det er nesten flaut å snakke om, men det var sånne drømmer jeg hadde."

c. Kvifor trur du Jamal og Mo har så ulikt forhold til heimstaden sin? Grunngi svaret ved å vise til minst eitt døme i teksten.

Svaret blir vurdert på følgjande område:  

  • presentere forståing av tekst

  • formalia

Svar:

Eg trur årsaka til at Mo og Jamal har ulikt forhold til heimstaden, heng saman med identitet. Det er tydeleg at Jamal identifiserer seg med Stovner og set pris på bakgrunnen sin. Både språket hans og musikken han høyrer på, er typiske identitetsmarkørar for Stovner. Mo sin identitet er annleis. Han ønskjer å bli sett på som norsk, ikkje "norsk med utanlandsk bakgrunn". Dermed ønskjer han seg bort frå Stovner, der det bur mange med minoritetsbakgrunn.

Kvifor er dette eit godt svar på oppgåva?

Oppgåve 1

Å lese modelltekstar, slik som svaret over, er fint for å forstå kva som skal til for å svare godt på leseoppgåva til eksamen. Men i tillegg bør du studere svaret nøyare for å forstå kvifor det er eit godt svar. Du må rett og slett finne ut av

  • kva det er med språk og innhald som gjer at svaret får høg måloppnåing

  • kva du kan ta med deg frå dette svaret når du sjølv skal ha eksamen

A) Studer innhaldet i oppgåve a

Les spørsmål og svar til oppgåve a (avsendar og formål). Diskuter deretter desse punkta med ein medelev:

  1. Dette svaret er kort, men veldig presist. Kva betyr det at dette er eit "presist" svar?

  2. Korleis får skrivaren til å vere presis?

B) Studer innhald og språk i oppgåve b

Les spørsmål og svar til oppgåve b og svar på følgjande:

  1. Det aller første avsnittet i svaret på oppgåve b gir eit presist svar på oppgåva. Korleis blir dette gjort?

  2. Korleis blir sitat brukte som grunngiving når både Mo og Jamal blir karakteriserte i avsnitt to og tre?

  3. Strek under setningane som er eit svar på det tredje oppdraget i oppgåve 1b: "Kva er det med personskildringane som gjer at du tolkar dei slik?  "

  4. Korleis klarer skrivaren å svare på dette spørsmålet utan å bruke ordet "eg"?

  5. Korleis blir språklege verkemiddel og personkarakteristikk kopla saman i dette svaret?

  6. Kvifor er dette eit godt strukturert svar?

  7. Strek under ord og frasar som skaper flyt, altså setningskoplarar, i svaret.

C) Studer innhaldet i oppgåve c

Dette svarer viser både forståing av tekst og god evne til å reflektere sjølvstendig. Korleis?

Ung, kvinneleg tenåring sit og tenkjer. Ho har lagt fingeren på det eine kinnet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2. Samanfatt

Skriv ein logg der du samanfattar kva du kan ta med deg til eiga skriving etter å ha lese og plukka frå kvarandre denne modellteksten. Legg vekt på både språk og innhald. Dette er stikkord til kva du kan ta med i loggen:

  • Korleis skal eg strukturere svaret mitt?

  • Korleis skal eg skape flyt mellom setningar og avsnitt i teksten min?

  • Korleis skal eg svare presist på alle oppdraga i spørsmåla?

  • Korleis, og kvifor, skal eg bruke fagomgrep?

  • Kvifor er det så viktig å skrive om korleis forfattaren skriv?

  • Korleis kan eg kople saman språklege verkemiddel og temaet i teksten?

  • Korleis skal eg vise kunnskap om tekst i kontekst og evne til sjølvstendig refleksjon?

CC BY-NC-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Førebu deg til skriftleg eksamen