Korleis skal du førebu deg til eksamen i norsk for yrkesfag? - Arkivet - NDLAHopp til innhald
Fagartikkel
Korleis skal du førebu deg til eksamen i norsk for yrkesfag?
Før du skal ha norskeksamen, bør du bruke god tid til å førebu deg. Det aller viktigaste er å bli kjent med oppgåvetypane og øve deg på å svare slik du skal gjere på sjølve eksamensdagen.
Steg 1: Bli kjent med oppgåvene som kjem
Det aller første du bør gjere, er å setje deg inn i kva for ulike oppgåver som kjem til eksamen. For viss oppgåva spør deg om noko du ikkje forstår, kan du bli veldig stressa! Å vite kva som ventar deg, er rett og slett ein vaksine mot eksamensnervar.
To ulike oppgåvetypar
Til eksamen vil du få tre oppgåver som er delte inn slik:
ei leseoppgåve
ei skriveoppgåve med vedlegg
ei skriveoppgåve utan vedlegg
1) Leseoppgåva
I leseoppgåva skal du vise at du kan forstå tekst. Denne oppgåva ber deg lese ein tekst og svare kort for å vise at du har forstått innhaldet. Ho kan òg be deg peike på verkemiddel i teksten.
Oppgåva ber deg bruke cirka 250–300 ord i svaret ditt.
To døme
Døme 1: Sjå ein reklamefilm
Du skal sjå reklamefilmen Minus 5 – De tapte krigsårene (2020) frå Forsvaret og deretter svare på oppgåve a, b og c. Sjå gjerne filmen fleire gonger.
Kven er avsendar av reklamefilmen, og kva er formålet? Grunngi svaret med døme frå filmen.
I reklamefilmen er det brukt kontrast som verkemiddel. Beskriv nokre av kontrastane. Kva trur du avsendar ønskjer å oppnå ved å bruke dette verkemiddelet? Kva for ei retorisk appellform meiner du er mest brukt i reklamefilmen? Grunngi svaret ditt med døme frå filmen.
Reflekter over kva slags påverknadskraft ein slik reklamefilm kan ha på ulike målgrupper.
Svaret bør samla sett vere på 250–300 ord.
Døme 2: Les eit utdrag frå ein roman
Vedlegg: Utdrag frå romanen Anna. Ein fabel om klima og miljø (2013) av Jostein Gaarder
Kva snakkar Anna og psykiateren om? Forklar med eigne ord.
Gjer greie for korleis psykiataren blir beskriven i teksten. Bruk tre døme frå teksten som viser korleis han blir beskriven. Korleis tolkar du psykiataren ut frå personskildringane i teksten?
Kan samtalen med psykiataren vere til hjelp for Anna? Grunngi svaret ditt.
Svaret bør samla sett vere på 250-300 ord.
Kjelde
Utdanningsdirektoratet (2021). Eksempeloppgaver i norsk, yrkesfag vg2. https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/eksempeloppgaver/eksempeloppgaver-norsk-yrkesfag-vg2/ (Krev passord).
2) Skriveoppgåva utan tekstvedlegg
I skriveoppgåva utan tekstvedlegg får du oppgitt ei oppgåveformulering å svare på. I svaret ditt skal du vise at du kan skrive ein tekst med god struktur og tekstbinding.
Du kan få oppgåver som handlar om utdanningsprogrammet ditt eller oppgåver der du blir beden om å skrive innanfor ein viss sjanger.
Oppgåva ber deg bruke cirka 400–600 ord i svaret ditt.
Tre døme
Døme 1: Skriv skjønnlitterært
Skriv ein tekst der du bruker språklege og litterære verkemiddel. Teksten skal handle om klima og miljø, og han skal gå føre seg i framtida. Du kan til dømes skrive ei kort forteljing eller byrjinga på ein roman. Lag tittel sjølv.
Skriv cirka 400–600 ord.
Døme 2: Skriv eit formelt brev
Sjå for deg at du er verneombod på arbeidsplassen din og er vitne til at arbeidsgivar bryt HMS-reglane.
Skriv eit formelt brev eller ein formell e-post til Arbeidstilsynet der du gjer greie for to–tre brot på HMS-reglane på arbeidsplassen din. Forklar kva konsekvensar desse brota kan ha. Ta utgangspunkt i eige utdanningsprogram eller det framtidige yrket ditt.
Ikkje bruk ditt eige namn i brevet/e-posten, men lag deg eit oppdikta namn.
Skriv cirka 400–600 ord.
Døme 3: Beskriv ei arbeidsoppgåve
Ein vg1-elev som tek same utdanningsprogram som deg, skal utføre ei praktisk arbeidsoppgåve som er vanleg i yrkesfaget ditt.
Skriv ein tekst der du på ein presis måte beskriv korleis denne eleven skal utføre arbeidsoppgåva. Det skal komme tydeleg fram i teksten kva som er utgangspunktet for arbeidsoppgåva, kva slags utstyr eleven eventuelt må bruke, og korleis hen kan utføre arbeidet. Bruk relevant fagspråk og døme frå eige utdanningsprogram. Lag ei passande overskrift.
Anbefalt ordmengde: 400–600.
Kjelde
Utdanningsdirektoratet (2021). Eksempeloppgaver i norsk, yrkesfag vg2. https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/eksempeloppgaver/eksempeloppgaver-norsk-yrkesfag-vg2/ (Krev passord).
3) Skriveoppgåva med tekstvedlegg
Skriveoppgåva med tekstvedlegg liknar på mange måtar leseoppgåva. Som i leseoppgåva skal du vise at du har lese og forstått innhaldet i eit vedlegg.
Men i tillegg får du ei ekstra oppgåve som ber deg reflektere sjølvstendig over temaet i vedlegget. Her er det viktig at du viser evne til å formidle eigne tankar og resonnement på ein klar måte. Teksten din bør ha god struktur med innleiing, hovuddel og avslutning. Du bør òg bruke avsnitt på ein formålstenleg måte.
Oppgåva ber deg bruke cirka 400–600 ord i svaret ditt.
Tre døme
Døme 1: Reflekter over korleis ein arbeidsplass kan bli meir klimavennleg
Vedlegg: Bjartnes, J. mfl. (2009). Grøne innkjøp. Klimavennlige handlinger på arbeidsplassen. Gyldendal Arbeidsliv.
Les teksten "Grøne innkjøp".
Ta utgangspunkt i vedlegget og skriv ein tekst der du først gjer greie for kva grøne innkjøp betyr. Reflekter deretter over korleis ein arbeidsplass innanfor utdanningsprogrammet ditt kan bli meir klimavennleg.
Lag overskrift sjølv.
Anbefalt ordmengde: 400–600
Døme 2: Reflekter over korleis ein artist kan auke forståinga for det samiske
Les tekstvedlegget "Jeg lever med følelsene utenpå kroppen".
Gjer greie for kva Ella Marie Hætta Isaksen seier om å vere samisk i eit samfunn der norsk kultur er i majoritet. Reflekter over korleis artistar som Hætta Isaksen kan bidra til ei auka forståing av kva samisk kultur er.
Skriv cirka 400–600 ord.
Døme 3: Reflekter over kulturmøte og TV-serien Norsk-ish
Sjå utdrag frå TV-serien Norsk-ish.
Skriv ein tekst der du først gjer greie for korleis utdraget frå TV-serien framstiller eit møte mellom ulike kulturar. Reflekter deretter over kvifor kulturmøte kan skape utfordringar.
Lag overskrift sjølv.
Skriv cirka 400–600 ord.
Kilde
Utdanningsdirektoratet (2021). Eksempeloppgaver i norsk, yrkesfag vg2. https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/eksempeloppgaver/eksempeloppgaver-norsk-yrkesfag-vg2/ (Krev passord).
Steg 2: Korleis svare godt på leseoppgåva?
Kva er det eigentleg som er forventa av deg når du skal svare på leseoppgåva? Finn ut av dette ved å
lese og diskutere oppgåva med andre i klassen
lese og diskutere vurderingskriterium
lese og diskutere gode modelltekstar
øve deg på å skrive eit godt svar på ei av eksempeloppgåvene
få tilbakemelding av medelevar og lærarar
Ressursane under inneheld både øvingar, modelltekstar og oppgåver som skal hjelpe deg med å stille førebudd til leseoppgåva.