Hopp til innhald

Fagstoff

Dei retoriske stilideala

Skal du overtyde eit publikum, bør du ha eit godt innhald. Men viss språkstilen er dårleg, når du kanskje ikkje fram i det heile. Stilideala til den antikke retorikken beskriv kva ein god retorikar alltid bør prøve å oppnå. Ideala fungerer godt òg i dag.
Elevar presenterer i klasserommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

  • Kva er viktigast i ein skulepresentasjon? Forma eller innhaldet?

  • Korleis kan språket hjelpe deg eller hindre deg i å nå fram til publikummet ditt?

Form og innhald

Viss presentasjonen eller talen din skal nå fram til publikum, er det mykje som skal klaffe på ein gong. Du skal ikkje berre ha eit godt, relevant innhald med gode argument, du må òg ha ei form som passar både innhald og situasjon. Ein viktig del av forma er språket. Viss du meistrar språket, viser du òg at du har innsikt i det du snakkar om.

Stilideala til retorikken

Den tradisjonelle retorikkens fem stilideal beskriv kva ein god retorikar alltid bør prøve å oppnå:

1: Presisjon – å bruke eit korrekt språk

Både i munnlege og skriftlege tekstar betyr det å bøye orda riktig, ha korrekt setningsoppbygging og ha eit stort og presist ordforråd, slik at du bruker dei rette orda. I ein munnleg tekst gjeld òg korrekt uttale, mens i skriftlege tekstar gjeld det å stave orda riktig og ha korrekt teiknsetjing.

Plakat med skrivefeil. Foto.

2: Klarleik – å bruke eit klart språk

Det gjeld å bruke ord som betyr det du faktisk ønskjer å kommunisere. Setningane bør òg vere enkle å forstå. Viss publikum må lese noko fleire gonger, tenkje mykje og kanskje spørje for å forstå, vil dei falle av lasset ganske raskt.

Unngå lange og komplekse setningar, innskotne setningar, ironi og vagt og tvitydig språk. Samtidig må du passe på å skildre og forklare nok til at publikum kan kjenne, forstå og førestille seg. Det er viktig at det ikkje blir så mykje at innhald eller argumentasjon "druknar".

Kva er vagt eller tvitydig språk?

Viss du er vag, bruker du omtrentlege, upresise ord, uttrykk eller formuleringar. Dermed blir det uklart for mottakar kva du faktisk prøver å formidle. I faglege samanhengar treng vi presise ord og uttrykk med presis, avgrensa betyding. I daglegspråket, der vi ikkje alltid treng å vere så presise, bruker vi oftare eit vagt språk.

Mange ord vi bruker i det daglege, blir kanskje for vage i tekstar eller faglege samanhengar. "Det var bra sagt" kan til dømes i ulike situasjonar uttrykkjast meir presist: "det var høfleg", "det var reflektert", "det var presist", "det var innsiktsfullt" eller "det var velformulert" og så vidare.

Andre døme på vage ord og uttrykk:

  • og sånt, på ein måte, fin flyt

  • bra, ting, god, fin, opplegg

Å vere tvitydig er òg ein måte å vere vag på. Bruker du ironi eller ord og uttrykk eller formuleringar som kan forståast på fleire måtar, er du tvitydig. Tvitydnad kan forvirre mottakar eller gi feil inntrykk av kva du faktisk prøver å seie. Somme gonger oppstår tvitydnad heilt ubevisst eller som ein konsekvens av tankefeil. Andre gonger blir det brukt bevisst for å villeie.

Nokre døme på tvetydighet kan vere:

  • "Han er heit": Er han populær og aktuell i media, eller er han sexy?

  • "Har ho svart?" (skriftleg): Spør du om ho har svart på spørsmålet, eller om ho har svart brikke i brettspelet?

  • "Kunnskapen til eleven er viktig for læraren": Betyr det at læraren dreg nytte av kunnskapane til eleven, eller at det er viktig for læraren å sørgje for at eleven lærer noko?

  • "No var du smart" (når nokon gjer eller seier noko dumt): Er det meint ironisk eller ikkje?

  • "Eg møtte ei dame i butikken eg ikkje hugsar namnet på." Er det dama eller butikken hen ikkje hugsar namnet på?

3: Å vere foremålstenleg – å tilpasse språket til publikum og situasjon

Kva ord bør du velje? Kva uttrykk eignar seg? Kor formelt eller uformelt bør språket vere? Kor komplekse eller enkle bør setningane vere? Kanskje bør du unngå banneord, framandord, sjargong eller slang? Dette er ofte avhengig av kva publikum du har og sjølve situasjonen du skal ytre deg i. Dette punktet er knytt til det retoriske omgrepet aptum.

4: Språkleg utsmykking – å "pynte" på språket

Korleis språket ser ut eller høyrest ut, appellerer til sansane våre. Derfor "pyntar" vi språket.

Det kan vi mellom anna gjere ved hjelp av språklege bilete som metaforar, besjelingar og samanlikningar. Vi kan òg bruke andre språklege verkemiddel som rim, , gjentakingar og rytme.

Det gjeld å velje språkleg "pynt" som passar til situasjonen. Nokre situasjonar krev meir språkleg utsmykking enn andre. Samtidig kan mykje "pynt" bli veldig formelt, overdrive kreativt, høgtideleg eller pompøst. Lite "pynt" kan på si side bli tørt, upersonleg og uengasjerende.

5: Å vere kort – å fatte seg kort

Sei ikkje meir enn du må. "Det enkle er ofte det beste."

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Retorikk i bruk