Bruk dei retoriske stilideala i presentasjon og tale
No skal de øve på framføring i grupper ved hjelp av det som i retorikken blir kalla stilideal.
Dei retoriske stilideala handlar om korleis du bruker språket for at innhaldet ditt skal nå fram til publikum på best mogleg måte. Ideala består av fem punkt som beskriv kva ein god retorikar alltid bør prøve å oppnå:
Bruk korrekt språk
Bruk klart språk
Tilpass språket til situasjonen
"Pynt" språket
Ver kortfatta
Oppgåve
Les artikkelen: Dei retoriske stilideala
Etter at de har lese, fordel dei fem punkta mellom dykk på gruppa. Fortel att etter tur kva dei fem stilideala går ut på.
Gå saman om å finne døme på god og dårleg oppnåing av dei ulike stilideala.
No skal de lage manus til ei rekkje korte presentasjonar eller talar. Vel minst tre tema eller vinklingar frå lista nedanfor og lag to versjonar til kvart av temaa de valde. Presentasjonane/talane bør vare mellom 30 og 60 sekund.
Viktig: I kvar versjon skal de prøve å oppnå 4 av dei 5 stilideala. Det siste idealet skal de bryte med vilje. Varier kva ideal de bryt:
Kva er subjekt og verbal?
Kven var Henrik Wergeland?
Kva var barokken?
Kva kjenneteiknar ein ættesaga?
Songtekstar er òg god lyrikk.
Kva er forskjellen på ei besjeling og ein personifikasjon?
Kvifor bør alle tekstar ha ei innleiing og ei avslutning?
Kva kjenneteiknar ei novelle?
Kva er språkstyring?
Kva er forskjellen på moderat og radikalt bokmål?
Derfor er den lokale dialekten vår viktig å ta vare på!
Engelsk eller norsk – kva er viktigast?
No skal de gå saman med ein eller to andre grupper og framføre presentasjonane eller talane de har laga.
Gjennomfør presentasjonane slik:
Gruppa startar presentasjonane sine – éin versjon om gongen.
Dei som lyttar, skal kvar for seg skrive ned kva stilideal dei meiner gruppa brøyt med.
Samanlikn med kva dei andre skreiv.
Hadde de rett?
Diskuter ulike svar
Var det nokon av stilideala de opplevde som viktigare enn andre? Grunngi svaret.
Var det nokon av stilideala de synest var vanskelegare å oppnå enn andre? Grunngi svaret.
Notar tre konkrete ting du lærte, og som du kan ta med deg når du skal halde presentasjonar eller munnlege innlegg.
Samanlikn punkta i klassen. Er det noko som går igjen?
Relatert innhald
Dei retoriske stilideala beskriv korleis vi bør bruke språket for å lykkast med retorikken.