Hopp til innhald

Fagstoff

Jens Stoltenberg: Ein bodskap frå heile Noreg

Kva var den retoriske situasjonen rundt Jens Stoltenbergs tale "Ein bodskap frå heile Noreg" 22. juli 2011?
Tekstversjon

Et budskap fra hele Norge

I dag er Norge rammet av to sjokkerende, blodige og feige angrep. Vi vet ikke hvem som angrep oss, mye er fortsatt usikkert. Men vi vet at mange er døde, at mange er såret. Vi er alle rystet over ondskapen som traff oss så brutalt og så brått.

Dette er en kveld som krever mye av oss alle. Dagene som følger kommer til å kreve enda mer. Det er vi beredt til å møte.

Norge står sammen i krisetider. Vi sørger over våre døde. Vi lider med de sårede. Og vi føler med de pårørende.

Det handler om angrep på uskyldige sivile -- på ungdom på sommerleir -- på oss alle.

Jeg har et budskap til dem som angrep oss, og til de som står bak. Det er et budskap fra hele Norge. De skal ikke få ødelegge oss. Dere skal ikke få ødelegge vårt demokrati og vårt engasjement for en bedre verden.

Vi er en liten nasjon. Men vi er en stolt nasjon. Ingen skal få bombe oss til taushet. Ingen skal skyte oss til taushet. Ingen skal noensinne skremme oss fra å være Norge.

I kveld og i natt skal vi ta vare på hverandre: gi hverandre trøst, snakke sammen, og stå sammen. I morgen skal vi vise verden at det norske demokratiet blir sterkere når det gjelder.

Vi skal finne de skyldige og holde dem ansvarlig.

Det viktigste i kveld er å redde menneskeliv, og vise omsorg for alle som er rammet og deres pårørende.

Jeg vil gi min anerkjennelse til politi, helsepersonell og alle andre som i disse timer gjør en formidabel jobb for å hjelpe mennesker, begrense skader, og redde menneskeliv.

Vi må aldri slutte å stå opp for våre verdier. Vi må vise at vårt åpne samfunn består også denne prøven. At svaret på vold er enda mer demokrati. Enda mer humanitet, men aldri naivitet. Det skylder vi ofrene og deres pårørende.

Jens Stoltenberg, Oslo, 22. juli 2011.

Kjelde: www.nrk.no/video/stoltenberg_taler_etter_terrorangrepet

Ei retorisk situasjonsskildring

Mykje av innhaldet i denne eksempelskildringa er henta frå ei mastergradsavhandling i retorikk (Stien, 2013) der tre av Stoltenbergs talar i samband med terrorangrepa 22. juli 2011 blir analysert. Du finn referanse til avhandlinga i sin heilskap nedst på sida.

Generell introduksjon av situasjonen

I videoen over ser vi dåverande statsminister Jens Stoltenbergs tale på ein pressekonferanse i samband med terrorangrepet mot AUFs sommarleir på Utøya og Regjeringskvartalet i Oslo den 22. juli 2011. 77 menneske blei drepne i terroren, over 100 såra, og ein heil nasjon blei traumatisert etter det verste terrorangrepet på norsk jord sidan andre verdskrigen. Til venstre for Stoltenberg står dåverande justisminister Knut Storberget. Konferansen blei halden klokka 22.37 same kveld som terrorangrepet skjedde, og eit stort pressekorps var til stades i salen. Konferansen blei direktesend på fleire norske og utanlandske tv-kanalar.

Det påtrengjande problemet

Bygning i Regjeringskvartalet etter terrorbomba. Alle vindauge er knuste, og bygningsdelar er spreidde utover plassen framfor bygningen. Foto.

Problemet var kort sagt terrorhandlingane 22. juli 2011. Noreg hadde vore vitne til ekstremt brutale valdshandlingar. Terroristen ville ramme Arbeidarpartiet, men terroren var eit angrep på heile Noreg – på norsk kultur og norske verdiar. Det var òg eit angrep på uskyldige menneske, dei fleste av dei barn.

Angrepet førte til sorg, frykt og sinne. Dessutan var situasjonen uoversiktleg og svært kaotisk. Folk fekk dermed eit enormt behov for informasjon som kunne få dei til å forstå det som hadde skjedd, men dei trong òg noko som kunne dempe sorga, uvissa og frykta.

Det påtrengjande problemet for Stoltenberg hang tett saman med folket sitt behov og forventningane deira på grunn av rolla hans som leiaren av nasjonen. For det første måtte Stoltenberg vise folket at han var i live, og at han var til stades. Og sjølv om han var kollega eller ven av mange av dei omkomne og var sjokkert, forvirra og redd som alle andre, måtte han i kraft av å vere statsminister vise styrke, innsikt og kontroll. Samtidig måtte han som menneske, kollega, ven – og ein god leiar – samtidig trøyste, roe og tryggje. Dessutan måtte han få ut ein bodskap – om å stå saman, og om at det viktigaste var å redde liv og hjelpe skadde.

Det retoriske publikummet

Mange talar opnar med ein førespurnad til mottakarane, men denne talen gjorde ikkje det. Situasjonen talen inngår i, og innhaldet i sjølve talen, tilseier likevel at det retoriske publikummet først og fremst var det norske folket. Skulle Stoltenberg – og Noreg – unngå kollektiv angst, spreiing av "alternative fakta" og konspirasjonsteoriar, hemnaksjonar og mistillit til politikarane i landet, for å nemne noko, måtte det norske folket overtydast.

Talen vende seg òg til dei overlevande etter angrepa og til pårørande av dei omkomne og overlevande. Sjølv om dei er ein del av det norske folket, har talen heilt bestemde formål overfor desse menneska, som dermed må inkluderast som del av talen sitt retoriske publikum.

Terroristen/terroristane (ein visste på det tidspunktet ikkje kven eller kor mange som stod bak) var òg ein del av det retoriske publikummet til talen. På vegner av heile Noreg sende Stoltenberg ein bodskap til den/dei som stod bak terroren: "De skal ikkje få øydeleggje demokratiet vårt og engasjementet vårt for ei betre verd". Stoltenbergs bruk av "vi" gjer heile Noreg om til avsendar.

Politi som held pressekonferanse utanfor hovudkvarteret til Arbeiderpartiet på Youngstorget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Journalistane var dei einaste som opplevde situasjonen fysisk. Alle andre fekk teksten i meir eller mindre kjende omgivnader gjennom tv-, data- eller mobilskjermen. Journalistane var på ei side berre meint å vidareformidle Stoltenbergs bodskap til mottakarar over heile verda, men ein statsminister er heilt avhengig av media for å halde kontakten med folket. Så Stoltenberg var på mange måtar avhengig av at også journalistane lèt seg overtyde. Dermed kan det argumenterast for at dei òg er ein del av det retoriske publikummet i denne situasjonen.

Dei tvingande omstenda

Dei tvingande omstenda er situasjonen og kulturen den retoriske teksten er i og påverkar kva avsendaren kan seie for å nå fram. Tvingande omstende inkluderer mellom anna: tidspunkt, stad, avsendar og publikum og relasjonen mellom dei, fakta, kunnskap om saka/situasjonen, personlege og kulturelle erfaringar, personleg og kulturell haldning, tru eller overtyding, objekt og medium. Vi kjem ikkje inn på alt i like stor grad i denne samanhengen.

Tidspunktet for talen er viktig. Det er ikkje meir enn sju timar sidan bilbomba sprengde i Regjeringskvartalet, og idet Stoltenberg starta talen sin, var situasjonen framleis svært uoversiktleg. Korleis gi uttrykk for ro, kontroll og initiativ så kort tid etterpå, og når det finst fleire spørsmål enn svar?

Sjølve saka er ein så stor tragedie, at det gjer det svært vanskeleg for Stoltenberg å behalde fatninga. Han både kan og bør vise kjensler og samkjensle, men må samtidig vise profesjonalitet, slik at folket har tillit til at han kan ta fornuftige avgjerder.

Tilstanden i nasjonen var òg viktig. Heile folket var det retoriske publikummet, og dei var redde, sjokkerte og sinte. Korleis trøyste og roe? Korleis dempe sinnet? Korleis sørgje for at alle kjenner seg tekne vare på? Korleis snakke så alle forstår?

To gardistar med paradeuniform og skotsikre vestar. Ein ligg og siktar med gevær. Ein sit i skjul. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange av faktaa knytte til saka var framleis usikre. Kven hadde utført angrepa? Stod dei i samanheng? Kor mange var døde? Kunne vi forvente fleire angrep? Er vi i stand til å forsvare oss? Statsministeren visste i forkant av talen at dødstala var mykje høgare enn det som blei opplyst offentleg. Kva kunne han seie og ikkje? Korleis balansere mellom folkets trong til og behov for informasjon på den eine sida og kravet om at informasjonen er hundre prosent riktig på den andre? Og kva med informasjon som skaper meir frykt, sinne eller sorg? Korleis unngå det utan å bli skylda for å lyge i ettertid?

Talen blir halden framfor journalistar og pressefolk. Avsendaren verken ser eller høyrer dei han først og fremst snakkar til. Men gjennom skjermen, i kjende omgivnader, kan publikum høyre Stoltenberg godt, og dei kan sjå nærbilete av andletsuttrykket og kroppsspråket til talaren. Stoltenberg må altså ikkje berre tenkje gjennom orda han bruker, men òg korleis han framfører dei.

Hender som held roser i veret i rosetoget som blei arrangert i kjølvatnet av terrorhandlingane 22. juli 2011
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stoltenberg taler primært til det norske folket, og han tek derfor for gitt eit felles kulturelt erfaringsgrunnlag og felles bakgrunnskunnskap. Likevel må han vere forsiktig med å ta altfor mykje for gitt, både fordi det norske folket er samansett, og fordi alvorsgraden til situasjonen gjer at han ikkje kan risikere at nokon ikkje forstår.

Av andre kulturelle omstende kan vi nemne at Noreg har eit godt demokrati, er eit lite og ope samfunn, og at vi sjeldan (aldri?) har opplevd tragediar som denne. Det legg føringar for kva slags kjensler, argument og ord avsendaren vel. Stoltenberg viser til dømes sinne, men ikkje aggresjon. Stoltenberg maner til samhald, demokrati og openheit heller enn kamp om hemn og nedstenging.

Korleis påverka avgrensingane og moglegheitene i situasjonen Stoltenbergs retorikk? For å svare på det må vi analysere retorikken i sjølve talen, men det er ei anna oppgåve.

Relatert innhald

Den retoriske situasjonen er heilt avgjerande for innhaldet i den retoriske teksten og korleis han blir motteken. Kva består den retoriske situasjonen av?

Kjelde

Stien, E. (2013). Rette ord til rett tid. Ein retorisk analyse av Jens Stoltenbergs talar etter terrortragedien i Oslo og på Utøya 22. juli 2011. (Masteroppgåve, Universitetet i Agder). Henta frå: https://uia.brage.unit.no/uia-xmlui/bitstream/handle/11250/193706/no-500%202013%20h%C3%B8st%20masteroppgave%20Eline%20Stien.PDF?sequence=1&isAllowed=y. (April 2021)

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2021

Læringsressursar

Retorikk i bruk