A-verb
A-verb er ei gruppe verb som vi bøyer etter dette mønsteret på nynorsk:
- å kaste – eg kastar – eg kasta – eg har kasta
På bokmål har desse verba -er i presens (nåtid). I fortid (preteritum og presens perfektum) kan dei få -et eller -a:
- å kaste – jeg kaster – jeg kastet – jeg har kastet
ELLER
- å kaste – jeg kaster – jeg kasta – jeg har kasta
Mange gløymer at a-verb skal ende på -ar i presens (notid) i nynorsk. Dei skriv altså “eg kaster” i staden for det som er rett, nemleg “eg kastar”.
Slike feil kan du lett luke bort om du tar fortids-testen: “I går pratet/prata jeg”. Om du seier -et eller -a i ditt eige talemål, kan du gå ut frå at verbet er eit a-verb også i nynorsk.
Eksempel
Du lurer på om verbet "sykle" er eit a- eller e-verb. Kva seier du på di eiga dialekt i fortid? Du vil nok seie "sykla" eller "syklet", og då veit du at det mest sannsynleg er eit a-verb.
Øving 1
Sett om til nynorsk. Obs! Her må du passe på litt meir enn verbbøying!