Norsk (SF vg2)
Bygger på:Norsk (SF vg1)
Leier til:Norsk (SF vg3)
Språkleg mangfald
Språk, kultur og identitet heng saman. Språket formar oss, og vi formar språket. Derfor er det viktig å kunne forstå sin eigen og andre sin språklege situasjon i Noreg. Lær om kva som skjer når språk møtest, og utforsk kva for språk som blir snakka i Noreg.
Språk og samfunn
Det spennande med språket er at det heile tida endrar seg. Det utviklar seg når vi er i kontakt med andre menneske, og det speglar det samfunnet og den kulturen vi er ein del av. Politiske, sosiale og teknologiske endringar påverkar språket vårt, språkbruken og språkhaldningane våre.