Dei retoriske stilideala
Tenk over
Kva er viktigast i ein skulepresentasjon? Forma eller innhaldet?
Korleis kan språket hjelpe deg eller hindre deg i å nå fram til publikummet ditt?
Viss presentasjonen eller talen din skal nå fram til publikum, er det mykje som skal klaffe på ein gong. Du skal ikkje berre ha eit godt, relevant innhald med gode argument, du må òg ha ei form som passar både innhald og situasjon. Ein viktig del av forma er språket. Viss du meistrar språket, viser du òg at du har innsikt i det du snakkar om.
Den tradisjonelle retorikkens fem stilideal beskriv kva ein god retorikar alltid bør prøve å oppnå:
1: Presisjon – å bruke eit korrekt språk
Både i munnlege og skriftlege tekstar betyr det å bøye orda riktig, ha korrekt setningsoppbygging og ha eit stort og presist ordforråd, slik at du bruker dei rette orda. I ein munnleg tekst gjeld òg korrekt uttale, mens i skriftlege tekstar gjeld det å stave orda riktig og ha korrekt teiknsetjing.
2: Klarleik – å bruke eit klart språk
Det gjeld å bruke ord som betyr det du faktisk ønskjer å kommunisere. Setningane bør òg vere enkle å forstå. Viss publikum må lese noko fleire gonger, tenkje mykje og kanskje spørje for å forstå, vil dei falle av lasset ganske raskt.
Unngå lange og komplekse setningar, innskotne setningar, ironi og vagt og tvitydig språk. Samtidig må du passe på å skildre og forklare nok til at publikum kan kjenne, forstå og førestille seg. Det er viktig at det ikkje blir så mykje at innhald eller argumentasjon "druknar".
3: Å vere foremålstenleg – å tilpasse språket til publikum og situasjon
Kva ord bør du velje? Kva uttrykk eignar seg? Kor formelt eller uformelt bør språket vere? Kor komplekse eller enkle bør setningane vere? Kanskje bør du unngå banneord, framandord, sjargong eller slang? Dette er ofte avhengig av kva publikum du har og sjølve situasjonen du skal ytre deg i. Dette punktet er knytt til det retoriske omgrepet aptum.
4: Språkleg utsmykking – å "pynte" på språket
Korleis språket ser ut eller høyrest ut, appellerer til sansane våre. Derfor "pyntar" vi språket.
Det kan vi mellom anna gjere ved hjelp av språklege bilete som metaforar, besjelingar og samanlikningar. Vi kan òg bruke andre språklege verkemiddel som rim, assonans, gjentakingar og rytme.
Det gjeld å velje språkleg "pynt" som passar til situasjonen. Nokre situasjonar krev meir språkleg utsmykking enn andre. Samtidig kan mykje "pynt" bli veldig formelt, overdrive kreativt, høgtideleg eller pompøst. Lite "pynt" kan på si side bli tørt, upersonleg og uengasjerende.
5: Å vere kort – å fatte seg kort
Sei ikkje meir enn du må. "Det enkle er ofte det beste."
Relatert innhald
Forbetre den munnlege kompetansen din ved hjelp av dei retoriske stilideala.