Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å vurdere tekst i kontekst

Skal du vurdere andre sin retorikk, eller lykkast sjølv, må du vurdere teksten i kontekst. Då kan det vere nyttig å forstå omgrepa aptum og kairos.

Oppgåve 1. Å skrive ein tale

I filmen nedanfor møter vi Mina Gerhardsen. Ho var statssekretær og ein av taleskrivarane til Jens Stoltenberg då han var statsminister.

  1. Mellom 0:00 og 1:00 nemner Gerhardsen ei rekkje forhold som ho må ta omsyn til når ho skal utforme ein tale. Vel minst tre av forholda og diskuter korleis dei på ulike måtar kan påverke form og innhald i ein tale.
  2. I videoen får vi sjå Jens Stoltenberg tale i to ulike kontekstar. Kva kontekstar er det, og legg du merke til forskjellar mellom dei to talane?
  3. Kva funksjon har innleiing, hovuddel og avslutning i ein politisk tale, ifølgje Gerhardsen?
  4. Korleis kan ein politisk tale bli interessant òg for ein vanleg borgar?

Oppgåve 2. Utforsk kva rolle kairos speler

I denne oppgåva skal de utforske og reflektere over den rolla kairos speler for ei ytring. De skal jobbe i par eller grupper og ta for dykk ein tale, eit utspel på sosiale medium eller ei anna ytring der de meiner kairos speler ei viktig rolle. De kan både velje tekstar som har blitt vurderte som vellykka, og som har blitt vurderte som mislykka.

Legg fram det de har funne ut for resten av klassen.

De kan anten finne tekstar sjølv eller velje blant tekstane under. Reflekter rundt desse spørsmåla:

  1. Blei utsegna sett på som vellykka då ho kom ut?
  2. Kva rolle spelte avsendaren sitt omsyn til kairos (rett ord til rett tid) for korleis teksten har blitt vurdert?
    For å svare på spørsmålet bør du reflektere over følgjande:

    • Spelte omstenda rundt ytringa ei viktig rolle? Hadde det til dømes skjedd noko i forkant som spelte ei rolle for utforminga av teksten?
    • Kven er mottakarane av ytringa? Har det noko å seie for om ho blir vurdert som mislykka eller vellykka?
    • Har staden talen blei halden på, eller der ytringa blei publisert, noko å seie for korleis dei blir vurderte?

Forslag til tekstar

  1. Martin Luther King sin tale "I have a dream"
  2. John F. Kennedy sin tale "Ich bin ein Berliner"
  3. Ronald Reagan sin tale "Tear down this wall"
  4. Nelson Mandela sin tale då han blei vald til president i Sør-Afrika
  5. Arnulf Øverland sitt foredrag "Kristendommen, den tiende landeplage"
  6. Petter Northug sitt unnskyldningsintervju etter at han blei teken for fyllekøyring
  7. Ein av Jens Stoltenberg sine talar etter terroren 22. juli
  8. Sylvi Listhaug sitt Facebook-innlegg om at "Ap meiner rettane til terroristane er viktigare enn tryggleiken i nasjonen"
  9. Maud Angelica Behn sin tale i far hennar (Ari Behn) si gravferd
  10. Kristin Gjelsvik sitt utspel mot Sophie Elise på Vixen Awards
  11. Siv Jensen sitt utspel "Morna, Jens" eller "Jævla sosialistar"
  12. Greta Thunberg sin tale til FN
  13. Innslaget til radioresepsjonen i "Flauhetskonkurransen" om rasisme og klimafornekting

Relatert innhald

Oppgåve 3. Utforsk aptumomgrepet

En annen sak jeg er skeptisk til, er Norges rolle i Afghanistan. Er det virkelig jeg som må si ifra til utenriksminister Espen Barth Eide hvor skapet skal stå? Inni meg formulerer jeg følgende brev. Kjære Stygge Hælvetes Forbanna Jævla Drittfyr. Jeg blir kvalm av å se deg på TV. Og jeg spyr når jeg hører deg på radio.

Gunhild Dahlberg, Dagbladet 2013

Del 1

  1. Kva er den første reaksjonen din på sitatet ovanfor? Kvifor reagerer du sånn?
  2. Kva vil du seie er innhaldet i den siterte teksten? Formuler innhaldet – altså KVA ho seier – med eigne ord.
  3. Korleis vil du beskrive forma i den siterte teksten? Beskriv forma – altså KORLEIS ho seier det – med eigne ord.

Del 2

Mange vil reagere negativt på teksten fordi han bryt med krava eller forventningane til aptum. Desse krava eller forventningane kan handle om forholdet mellom element i sjølve teksten, eller mellom teksten og element utanfor teksten.

Kva "krav" eller "forventningar" bryt teksten med?

Del 3

Les kronikken til Gunhild Dahlberg, som sitatet ovanfor er henta frå. Dagbladet: "Hei Jonas, din psyke satan"

  1. Kva for eit av alternativa beskriv best temaet for teksten?

    • laurdagsunderhaldninga på TV
    • ventetid for kvinner med brystkreft
    • hets og truslar mot kvinner
    • hets og truslar mot menn
    • språkbruk i media
  2. Kva er bodskapen i teksten?
  3. Kva er formålet i teksten?
  4. No som sitatet over er sett i ein større kontekst, korleis vil du vurdere teksten sitt aptum?
CC BY-SASkrive av Marion Federl, Åsa Abusland og Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2023

Læringsressursar

Retorikk i bruk