Hopp til innhald

Kritisk tilnærming til tekst

Korleis blir du påverka av tekstane rundt deg? I ei digital verd der alle kan produsere og konsumere uendeleg med tekstar, er det viktig at vi kan vurdere truverdet i tekstar. På same tid bør vi opptre etisk og reflektert i vår eigen kommunikasjon med andre.

Retorikk i bruk

Læra om retorikk blei utvikla av dei gamle grekarane for over 2000 år sidan og gjaldt talekunsten. I dag argumenterer vi både munnleg og skriftleg. Det handlar om å overtyde ein mottakar med gode argument, men også framstå som truverdig og vekkje dei rette kjenslene hos mottakaren.