Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Retorikk og pandemi

Her skal du analysere og samanlikne retorikken i to filmar som tek utgangspunkt i koronapandemien som oppstod i 2020.

Del 1: "Koronakvardagen"

  1. Korleis er/var det å leve under koronapandemien?

    • Tre stikkord: Kva kjensler forbind med tida under koronapandemien?
    • Tre stikkord: Kva har du sakna mest under koronapandemien?
  2. Kva trur du er/var dei største utfordringane til styresmaktene under koronapandemien?
  3. Del og samanlikn a) og b) i grupper. Kor einige er de?

Del 2: To retoriske tekstar

Sjå filmen Sammen kan vi stoppe smitten. Takk for at du bidrar! frå Folkehelseinstituttet på YouTube.

Sjå filmen DNB - Er du klar når verden åpner igjen? frå DNB på YouTube.

Del 3: Den retoriske situasjonen

Kva er meint med den retoriske situasjonen?

1) Påtrengjande problem

Det påtrengjande problemet er eit problem, eit hinder eller eit behov som kan løysast ved hjelp av retorikk. Den som ønskjer å løyse problemet – avsendaren, formar ein tekst – den retoriske teksten.

2) Retorisk publikum

Formålet med ein retorisk tekst er å overtyde publikum til å handle. Det retoriske publikummet blir då den eller dei som det teoretisk sett er mogleg å overtyde ved hjelp av retorikk, og som kan løyse det påtrengjande problemet.

3) Tvingande omstende

Tvingande omstende er forhold i konteksten som styrer kva avsendaren kan seie, korleis hen kan seie det, og korleis hen kan oppføre seg. Det kan vere forhold ved personane i situasjonen, situasjonen i seg sjølv eller kulturen.

  1. Kva kan vere det påtrengjande problemet i kvar av filmane – altså det som fekk dei til å lage filmane?
  2. Kva trur du er formålet med kvar av filmane, og kvifor?
  3. Korleis kan kunnskap om avsendarane hjelpe oss å vurdere kva som er det påtrengjande problemet og formålet med dei to filmane?
  4. Kven er det retoriske publikummet til kvar av dei to filmane?
  5. Kva er dei tvingande omstenda rundt kvar av filmane?
Tips til oppgåvene

Formålet med ein retorisk tekst er gjerne å løyse det påtrengjande problemet.

Det retoriske publikummet er dei som kan la seg overtyde, og som kan bidra til å løyse det påtrengjande problemet. Det kan vere fleire publikum, men ofte er teksten tiltenkt nokon meir enn andre.

Tvingande omstende: Kva forventningar har vi til avsendaren? Er det noko avsendar MÅ seie eller IKKJE BØR eller KAN seie? Er det noko som potensielt kan hindre avsendar i å nå målet – i kulturen, situasjonen eller mediet?

Del 4: Appellformer

  1. Finn ut kva avsendaren av kvar av dei to filmane satsar mest på:

    • å byggje opp truverdet sitt (etos)
    • å appellere til kjenslene (patos)
    • å gi saksinformasjon og kome med gode, fornuftige argument (logos)

    Grunngi svaret ditt.

  2. Ein viktig patosfunksjon er å motivere til handling. Motiverer begge filmane til handling? I så fall – korleis?
  3. Kva er hovudargumentet eller hovudresonnementet i kvar av dei to filmane? Og er det ope, altså direkte formulert i filmen, eller er det skjult, altså at det kjem til uttrykk mellom linjene?
  4. Nedanfor finn du ei liste med døme på ulike kjensler. Vel ei eller to kjensler som du meiner kvar av dei to filmane skaper eller speler på. Forklar korleis dei gjer det.

Del 5: Verkemiddel

Nokre døme på verkemiddel:
  • val av scener
  • val av miljø
  • tempo
  • komposisjon/rekkjefølgje
  • bruk av forteljarstemme
  • fargebruk
  • humor
  • symbolikk
  • språklege bilete ( metafor, besjeling, simile, kontrast, personifikasjon)
  1. Korleis bruker kvar av dei to filmane verkemiddel for å byggje truverd, vekke kjensler, eller informere og/eller grunngi?
  2. Peik ut det verkemiddelet du synest er viktigast i kvar av dei to filmane og forklar kvifor.
  3. Filmen til Helsedirektoratet har ikkje musikk. Kva for ein retorisk effekt kan det ha?
  4. Kva for ein retorisk effekt kan musikken i DNB sin film ha?


Del 6: Vurdering av retorikken

  1. Korleis utnyttar DNB den rette augneblinken, altså kairos, i reklamefilmen sin?
  2. Speler nokon av filmane på dei kjenslene eller behova du og andre i klassen kjende på under koronapandemien?
  3. Lykkes DNB med retorikken? Vurder filmen si form og innhaldet i lys av situasjon, avsendar, publikum og formål.
  4. Lykkes Helsedirektoratet med retorikken? Vurder filmen si form og innhaldet i lys av situasjon, avsendar, publikum og formål.

Del 7: Samanlikning

Bruk det du har kome fram til i analyseoppgåvene ovanfor. Gjer ei retorisk samanlikning av dei to filmane med vekt på forholdet mellom form, innhald, formål og situasjon. Samanlikninga skal ende i eit skriftleg eller munnleg produkt.

Du kan byggje opp samanlikninga rundt følgjande struktur:

  1. innleiing
  2. samanlikning av dei to retoriske situasjonane
  3. analyse av hovudtrekka ved retorikken (argumentasjon og verkemiddel) i dei to filmane
  4. samanlikning av retorikken i dei to filmane
  5. vurdering av kor godt dei ulike filmane lykkast med å tilpasse retorikken til situasjonen
  6. oppsummering og konklusjon

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Retorisk analyse