Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Går det an å skrive kreative retoriske analysar?

Retorisk analyse er kanskje ein sjanger du forbind med tørt og sakleg språk? At språket skal vere sakleg, er heilt riktig. Likevel skal du no få jobbe med ein retorisk analyse som er både kreativ og spenstig.
Portrettfoto av Johan Harstad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elevteksten du skal lese, er ein retorisk analyse av teksten "Riv skiten" av den norske forfattaren Johan Harstad. Før lesinga bør de diskutere kva de ville ha lagt vekt på om de fekk i oppgåve å skrive ein retorisk analyse av Harstads tekst.

Johan Harstads tekst "Riv skiten" på Forfatternes klimaaksjon

Oppgåve 1. Les og diskuter "Riv skiten"

Jobb aleine:

  • Les teksten "Riv skiten" og formuler det du meiner er bodskapen i teksten.

  • Grunngi påstanden din ved å trekkje ut ei setning frå teksten.

Samanlikn med andre i grupper:

  • Var de einige om kva som var bodskapen? Viss ikkje – diskuter og sjå om de kjem fram til ein konklusjon.

Oppgåve 2. Korleis prøver teksten å påverke deg?

Jobb aleine:

  • Start med detektivarbeidet: Les teksten med "forstørringsglas" – korleis prøver avsendaren å påverke deg for å nå fram med bodskapen sin?

  • Skriv ned namnet på alle språklege verkemiddel du ville teke for deg om du skulle ha skrive ein retorisk analyse av teksten. Vurder deretter korleis desse appellerer til patos, etos eller logos.

Diskuter i plenum:

  • Korleis prøver Johan Harstad å påverke oss med bodskapen sin gjennom ulike verkemiddel? Skriv på tavla alle fagomgrepa de i klassen ville brukt om de skulle ha skrive ein retorisk analyse av teksten. Diskuter kva funksjon verkemidla har.

Oppgåve 3. Les ein analyse av "Riv skiten"

No skal de lese og diskutere ein god retorisk analyse av Johan Harstads tekst. Målet er å få meir innsikt i kor viktig det er å bruke fagomgrep, skrive om funksjonen til verkemidla og skrive godt.

Relatert innhald

Jobb aleine:

  • Les analysen. Mens du les, skal du markere alle delar av teksten som du synest er gode.

  • Marker òg alle fagomgrepa som er brukte i teksten.

Diskuter i grupper:

  • Kvifor er dette ein god retorisk analyse? Kva er det eleven får til?

  • Har teksten nokon svakheiter? I så fall – kva for svakheiter er det?

Oppgåve 4. Å skrive kreativt i retoriske analysar

Ein av styrkane til den retoriske analysen er at han både er ein god analyse av teksten, i tillegg til at språket er kreativt og fullt av overskot.

At språket er kreativt, vil seie at det har ein del originale sider ved seg. Dette er ein elev som vågar å leike med språket og sleppe seg laus, og det kan vere ein styrke, også i sakprosasjangeren.

Jobb aleine:

  • Les gjennom teksten ein gong til. No skal du markere alle stader der du legg merke til eit originalt og kreativt språk.

  • Sett namn på dei verkemidla eleven bruker i språket sitt.

Diskuter i plenum:

  • Kva delar av teksten er gode og kreative?

  • Korleis kan de sjølv jobbe med språket når de skriv sakprosa, slik at det blir meir originalt – så å seie finne "dykkar eiga stemme"?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2021

Læringsressursar

Retorisk analyse