Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmen Arn – Tempelridderen som historisk beretning

Det finst svært mange beretningar om krosstoga og kampen mellom kristne og muslimar i Midtausten på 1100-talet. Nokre beretningar er fiktive forteljingar, andre er sakprosatekstar som gir seg ut for å vere historisk korrekte.
Muslimske og kristne riddere i kamp. Bokilluminasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Saladin er ein mytisk karakter som vi kjenner frå munnlege overleveringar, både i Europa og i Midtausten. Men han er også ein person som faktisk har levd. Saladin, eller Ṣalāḥ ad-Dīn Yūsuf ibn Ayyūb, som han eigentleg heitte, var av kurdisk opphav og grunnla Ayyubide-dynastiet. Tittelen hans var sultan av Egypt.

Søk informasjon på Internett, og vurder om denne informasjonen er korrekt.

  1. Skriv eit kortfatta resymé av den informasjonen du finn om Saladin som historisk person gjennom søk på Internett.
  2. Kva seier kjeldene om når og kor Saladin vart fødd, og når og kor han døydde?
  3. Gir kjeldene same svar på dette spørsmålet?
  4. Korleis kan du sjekke om den informasjonen du har funne om Saladin, er historisk korrekt?

Oppgåve 2

Filmen Arn – Tempelridderen (2007) er basert på ein romantrilogi av den svenske forfattaren Jan Guillou (1999). Filmen handlar om den svenske krossfararen Arn Magnusson og møtet hans med den segnomsuste muslimske hærføraren Saladin.

Sjå filmen og svar på spørsmåla.

  1. Kva for historiske fakta byggjer denne filmen på?
  2. Kva for eigenskapar tillegg filmen Arn Magnusson og Saladin?
  3. Korleis utviklar hovudkarakteren Arn Magnusson seg i løpet av filmen?

Oppgåve 3

Historiske spelefilmar og TV-drama påverkar førestillingane vi har om historiske personar og hendingar. Film påverkar kjenslene i sterkare grad enn skriftlege tekstar. Vi blir engasjerte og lever oss inn i det som skjer i filmen. Det er likevel viktig å hugse at ein spelefilm er ein fiksjon der vi får historia tolka gjennom dei grepa filmskaparen vel å ta.

Diskuter i klassen. Hugs å grunngi dei synspunkta de kjem med!

  • I kva grad gir filmen Arn – Tempelridderen eit sant bilete av historiske personar og hendingar?
  • Kva for verkemiddel er brukt for å få tilskodarane engasjerte i det som skjer?
  • Er historiske spelefilmar ei viktigare kjelde til kunnskap om fortida for unge i dag enn pensumbøkene i historie?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Kjeldekritikk