Svartedauden var ei pest som råka heile Europa, og som utrydda heile bygdelag i Noreg på 1300-talet. Samanlikn Theodor Kittelsen sine teikningar av Pesta med måleriet Die Pest av den sveitsiske kunstnaren Arnold Böcklin, og studer eit moderne bilete.
Oppgåve 1
Teikninga er ein illustrasjon av Svartedauden, pesten som utrydda heile bygdelag i Noreg på 1300-talet.
- Beskriv motiva i Theodor Kittelsen sine teikningar av Pesta som kjem.
- Kor er kvinna på biletet på veg?
- Kva er ho eit symbol på?
- Kvinna ber på ei rive og ein sopelime. Kva for symbolsk tyding har desse gjenstandane?
- Kva skjer når ho kjem fram dit ho skal?
- Kva for verkemiddel bruker Kittelsen for å få fram det dystre og skremmande i dette biletet?
Oppgåve 2
Svartedauden råka heile Europa. Samanlikn Kittelsen sine teikningar med måleriet Die Pest av den sveitsiske kunstnaren Arnold Böcklin (1827-1901).
- Kva har desse bileta felles?
- Kva er forskjellig?
- Kva for verkemiddel bruker Bökler for å få fram det dystre og skremmande i biletet sitt?
- Korleis kan vi sjå at desse bileta er inspirerte av folkediktinga i to ulike nasjonar?
Oppgåve 3
Studer dette fotografiet som seinare blei brukt i ein reklameplakat for klesfirmaet United Color of Benetton: The Face of AIDS
- Korleis blir pesta framstilt i dette biletet?
- Kvifor trur du Benetton bruker slike bilete i reklamen sin?
- Det er blitt hevda at dette biletet var med på å endre den oppfatninga folk hadde av aids. Kva trur du grunnen kan vere til det?
- Korleis er komposisjonen med på å forsterke bodskapen i biletet?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2018