Oppgåve
Samanlikn eventyret Rødhette og ulven med filmen Skylappjenta
I denne oppgåva skal du samanlikne eit folkeeventyr med eit moderne eventyr.
Sjå filmen Skylappjenta.
Skriv ned det du meiner er tema og bodskap etter å ha sett kortfilmen.
Samanlikn og diskuter tema og bodskap med dei andre i klassen
Sjå filmen ein gong til. Denne gongen skal du fokusere på forma til filmen. Korleis blir temaet og bodskapen formidla? Noter ned:
Kva symbol finn du i filmen?
Kva kontrastar finn du i filmen?
Kva for klassiske eventyrtrekk og motiv er det i filmen?
Korleis blir det norske framstilt i filmen?
Korleis blir minoritetssamfunnet framstilt?
Korleis tolkar du slutten?
Les eventyret "Rødhette og ulven".
- Samanlikn morsrolla i filmen Skylappjenta og eventyret "Rødhette og ulven".
- Rødhette har på seg ei raud kappe med heitte på, og Skylappjenta har på seg ei skylapplue og ei slags kappe. Kvifor trur du at jentene er kledde nettopp slik?
- Kva rolle har bestemor i "Rødhette og ulven" og i Skylappjenta?
- Eventyret om Rødhette og ulven og filmen om Skylappjenta endar godt, men begge jentene har lært noko av turen til huset til bestemor. Kva har dei lært?
- Finn du nokon likskapar i tema og bodskap i dei to forteljingane? Grunngi svaret ditt.
- Kva likskapar og forskjellar er det i forma til dei to tekstane?
Kvifor trur de Iram Haq har valt å bruke eventyret om Rødhette og ulven som utgangspunkt for kortfilmen sin?