Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Haakon Magnus abdiserer

I novella "Venteværelset" av Demian Vitanza møter vi kronprinsen som skal overta eit land han har forakt for. Kva er det han misliker med landet vårt? Og kva hadde skjedd om Vitanza sin Haakon hadde møtt Bjørnstjerne Bjørnson i ferd med å skrive "Ja, vi elsker"?
Ein smilande kronprins Haakon Magnus i uniform. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Diskuter monarkiet og Noreg

Diskuter i klassen:

  1. Viss det hadde vore folkerøysting om avskaffing av monarkiet i morgon, kva hadde de stemt? Dei som ønskjer å behalde monarkiet, reiser seg, medan dei som ønskjer å avskaffe det, blir sitjande.
  2. Kva argument for og mot monarkiet har de? Diskuter i plenum.
  3. Diskuter dei to påstandane under:
    • Eg er stolt av å vere nordmann. Noreg er eit døme på eit perfekt land.
    • Nordmenn er sjølvhøgtidelege nasjonalistar som trur dei er betre enn andre.

Del 2: Les novella

Les novella "Venteværelset" av Demian Vitanza. Etterpå skal du svare på spørsmåla under:

  1. Kvifor tviler kronprins Haakon Magnus på om han vil overta som konge?
  2. Skriv ned alle momenta kronprinsen peikar på som han meiner indikerer at noko er gale med landet vårt.
  3. Novella er lagt til framtida. Korleis bruker forfattaren dette verkemiddelet for å kritisere haldningane nordmenn har til innvandrarar?

Relatert innhald

Del 3: Diskuter novella

Er de einige i den kritikken av Noreg som kjem fram i teksten? Grunngi.

Del 4: Samanlikn novella med nasjonalsongen vår

Samanlikn framstillinga av det norske og nordmannen i novella "Venteværelset" og "Ja, vi elsker". Legg vekt på

  • kva forfattarane trekkjer fram som typisk norsk
  • korleis tekstane framstiller nordmenn

Del 5: Tekst i kontekst

Korleis pregar konteksten framstillinga av Noreg i dei to tekstane? Utforsk dette ved å lese eit intervju og sjå ein kort film.

  1. Les intervjuet med Demian Vitanza i VG om kvifor han blei provosert over å bli bedd om å skrive om "det norske".
  2. Sjå filmen om nasjonalsongen og nasjonalromantikken under. Skriv ned moment som kan forklare kvifor nasjonalsongen vår blei som den blei.
  3. I filmen blir ungdommar intervjua om kva som kjenneteiknar kulturen vår. Finn moment som

    • støttar Bjørnstjerne Bjørnson si framstilling av det norske
    • støttar Demian Vitanza si framstilling av det norske

Del 6: Kva om Bjørnstjerne og Haakon Magnus møttest?

Sjå for dykk at den tvilande Haakon Magnus, hovudpersonen i Vitanza si novelle, dreg tilbake i tid til 1850-talet då Bjørnstjerne Bjørnson skriv "Ja, vi elsker". Han sit ved skrivebordet saman med Bjørnstjerne og prøver å påverke han til å endre på utkastet sitt til songen.

Alternativ 1: Lag ein munnleg dialog mellom Bjørnstjerne Bjørnson og Haakon Magnus som viser den konflikten som oppstår mellom nasjonalromantikaren Bjørnson og nasjonalkritikaren Haakon Magnus.

Presenter framfor klassen

Alternativ 2: Skriv dialogen mellom Bjørnstjerne Bjørnson og Haakon Magnus. Veksle mellom replikkar og handlingsreferat. Hovudfokuset skal vere på den konflikten som oppstår mellom Bjørnson som ønskjer å hylle nasjonen og Haakon Magnus som tviler på at Noreg og nordmenn er noko å vere stolte av.

Bruk gjerne tips frå artikkelen under om korleis du kan setje opp teksten din.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2020

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet