Hopp til innhald

Fagstoff

Kven er nordmannen?

Kva vil det seie å vere norsk? Finst det noko felles ved alle oss som er busette i Noreg? På 1800-talet diskuterte dei slike spørsmål, på jakt etter den såkalla norske folkekarakteren. Finn vi igjen noko av denne karakteren i dag?
Norsk landskap med ei geit ved sida av skilt der det står geitost og spekepølse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven er nordmannen?

Diskuter i klassen:

  • Kva er typisk norske verdiar og ideal?

  • Når er nordmenn mest stolte over å vere norske?

I filmen under frå 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014 går Haddy N'jie og Per Sinding-Larsen tilbake i den norske historia og prøver å finne ut korleis nordmenn har blitt som dei har blitt. Mange av framsyningane vi har om kven vi er, oppstod på 1800-talet. Episoden "Nordmannen" handlar om typiske norske verdiar, ideal og stolte augneblinkar.

Sjå filmen og finn ut om de har trekt ut dei same momenta som serieskaparane:

Den norske folkekarakteren

Folkediktinga

Eit tema som blei diskutert på 1800-talet, var den norske folkekarakteren. Både i folkediktinga og i annan litteratur blei eigenskapar ved nordmannen og nordkvinna presenterte, ofte i form av idealskikkelsar, som du til dømes finn i folkeeventyra om Espen Askeladd og novella "Luren" av Maurits Hansen, eller i satirisk form i litteratur, som i dramaet Peer Gynt.

Espen Askeladd er den unge og fattige guten som overvinn alle hindringar og blir påskjønt med prinsessa og halve kongeriket. Han blir framstilt som nysgjerrig, uredd, men også litt naiv.

Bondeforteljingar

Ofte er det den norske bonden som blir trekt fram som rotekte norsk. Dei såkalla bondeforteljingane på 1800-talet er historier om norske bondesamfunn der bonden gjerne blir framstilt som berar av grunnleggjande nasjonale verdiar, i alle fall etter at han har gjennomgått ei utvikling. Døme på slike forteljingar er "Luren" av Maurits Hansen og "Faderen" og "Synnøve Solbakken" av Bjørnstjerne Bjørnson.

Thord i novella "Luren" er ein staut og høgreist bonde, ikledd nasjonaldrakt. Han er oppteken av at slekta, som stammar frå ein vikingkonge, skal vidareførast "ublanda". I novella endar han likevel opp med å godta at dottera giftar seg med ein fattig bondegut utanfor slekta. Det er forteljaren si tilvising til Bibelen som gjer at han endrar meining.

Personleg og nasjonal identitet

Peer Gynt spelt av Svein Sturla Hungnes. Foto.

Ibsens drama Peer Gynt framstiller den norske bonden i satirisk form. Stykket tematiserer spørsmålet om identitet på ulike måtar, slik Peer sjølv formulerer det: "Kor var eg som meg sjølv, som den heile, den sanne?" Spørsmålet hans kan bli sett på som eit spørsmål om personleg identitet, det vil seie: "Kven er eg?" Men det kan òg bli sett på som eit spørsmål om nasjonal identitet. Kva kjenneteiknar Noreg og nordmannen?

Ibsen har lagt handlinga i eit nasjonalromantisk bondemiljø, men i framstillinga av Peer bryt han med datidas førestilling om kva som var typisk norsk. I stykket blir Peer framstilt som ein egoistisk ung mann som lengtar etter makt, utnyttar andre menneske, lyg og legg seg ut med dei fleste. Han er "seg sjølv nok" og tek ikkje omsyn til andre sine kjensler. Når han døyr, er det aleine og i visse om at livet han har levd har vore fullt av svik. Ved å gi Peer desse eigenskapane klarer Ibsen å ta eit oppgjer med nasjonalromantikken si framstilling av norsk identitet. Kanskje har Ibsen i dette stykket klart å fange kven nordmannen verkeleg er?

Oppsummer/diskuter:

  • Kva eigenskapar hos nordmannen blei framheva på 1800-talet?

  • Er Peer Gynt typisk norsk, synest du?

Forteljingar om nordmannen i dag

Eit raskt nettsøk på "Kva er typisk norsk?" viser at det er eit spørsmål mange er opptekne av, men samtidig ikkje heilt einige om svaret på. Det er uansett umogleg å beskrive innbyggjarane i ein nasjon utan å generalisere. Mange ulike tekstar, frå artiklar og essays til humoristiske videoar, prøver å seie noko om kven nordmannen i dag er. I denne korte videoen prøver Petter Schjerven å oppsummere ved hjelp av statistikk og undersøkingar. Han får òg hjelp av sosialantropolog Hylland Eriksen:

Tenk over/diskuter:
Filmen over er frå 2011. Har noko endra seg sidan han blei laga? I tilfelle kva?

Ei romantisk framsyning

Vi kan lære mykje om oss sjølv gjennom statistikk og undersøkingar, men framsyningane våre om kven vi er, er òg avgjerande. Framstillingane av nordmannen på 1800-talet påverkar framleis identiteten vår. For mange er fjell og fjord, bunad, bygdedialekt og folkemusikk framleis det norskaste vi har. Reklamebransjen ser aldri ut til å bli lei av å spele på nasjonale symbol og gamle førestillingar om kven vi nordmenn er. Og sjølv om slike framsyningar ikkje nødvendigvis stemmer med røyndommen, kan vi tru så sterkt på dei, at dei likevel blir ein del av identiteten vår.

Eit samfunn i endring

Somme av desse framsyningane frå ei anna tid passar ikkje alltid så godt med kven vi er eller vil vere i dag. Det moderne norske samfunnet er samansett og multikulturelt, og kva det vil seie å vere norsk, er i stadig endring. Derfor sluttar vi aldri å diskutere kva som er norsk. For uansett kor ulike vi er, treng vi noko å samlast om, også i dag. Som på 1800-talet er eit velfungerande demokrati avhengig av at vi har noko felles, noko som skaper samhald. Men kva er det i dag? Kanskje er det næraste vi kjem eit fasitsvar på kven nordmannen er, det Kong Harald sa under ein tale i Slottsparken i 2016: "Noreg er først og fremst menneske".

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken, Marthe Johanne Moe og Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet