Hopp til innhald

Fagstoff

Film: Frå Voluspå til Knausgård

Kvifor skal vi samanlikne eldre og nyare tekstar? Når vi samanliknar tekstar frå ulike periodar, oppdagar vi både kor like – og ulike – vi er menneske som levde før oss.

I denne filmen fortel professor Janne Stigen Drangsholt om korleis enkelte tema går igjen i litteratur gjennom tidene. Voluspå frå vikingtida, Markens grøde av Knut Hamsun frå 1900-talet og Morgenstjernen av Karl Ove Knausgård frå 2020 handlar alle om det same: korleis livet startar, og korleis det sluttar. Ved å studere og samanlikne litteratur frå ulike periodar kan vi sjå korleis vi menneske har tenkt om visse allmenngyldige tema.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2021

Læringsressursar

Norrøn tid 800–1350