Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om Snorres kongesoger

Snorres kongesoger inneheld sogene om dei norske kongane frå Halvdan Svarte, som levde midt på 800-talet, og fram til kong Sverre, som levde på same tid som Snorre.
Håkon den gode taler på tinget til trønderne. Illustrasjon til Heimskringla 1899-versjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Sogene om kongerekkja

Tittelfrise. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2

Ynglingesoga. Samarbeid to og to om å løyse oppgåva.

  1. Dei fem første strofene omtaler verda, slik ho var kjend på Snorres tid. Teikn eit kart basert på opplysningane forfattaren kjem med. Fotnotane forklarer ein del av namna som vert brukte.
  2. Kva fortel denne omtalen om kontakten mellom ulike folkegrupper i Europa på denne tida?
  3. Strofe 4 til 9 fortel om Odin, som var den høgste guden blant æsene. Kva for samfunnsprinsipp er det Odin innfører?
  4. Samanlikn strofene 10 til 50 i Ynglingesoga med tekstutdraget frå Evangeliet etter Matteus kap.1, 1-25 i Det nye testamentet.
    • Kva har desse to tekstane felles?
    • Kvifor vert desse historiene fortalte?

Relatert innhald

Heimskringla er forteljingane om dei norske kongane fra 800-talet og fram til 1200-talet, fortalt av islendingen Snorre Sturlason.

CC BY-SASkrive av Anne Ely Thorenfeldt og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Norrøn tid 800–1350