Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Frå hærførar til helgen

Etter at han var død, blei Olav Haraldsson kanonisert som helgen i den katolske kyrkja. Kva har forteljinga til Snorre om Heilag-Olav til felles med forteljingar om martyrar i vår tid?

Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad. Men etter at han var død, blei han den mektigaste av alle kongar i norrøn tid. Biskopen utropte Olav til helgen, og Snorre fortel om mange av dei undera som folk som såg den døde kongen, opplevde. Nidaros blei ein viktig by for den katolske kyrkjemakta og sentrum for ein omfattande Olav-kultus.

Hærmenn er samla rundt den døde kongen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Slaget på Stiklestad

0:00
-0:00

Olav den heilage blir helgen

0:00
-0:00

Lytt til desse to opplesingane av Jack Fjellstad frå Soga om Heilag-Olav.

  1. Korleis blir tanken om Olav Haraldsson som helgen etablert i desse to tekstutdraga?
  2. Soga om Heilag-Olav blei skriven etter at Olav Haraldsson var død. Kvifor trur du det var viktig for forfattaren å legge vekt på det som hende etter at kongen var død?

Oppgåve 2

Korleis kunne den krigerske og upopulære vikingen Olav bli både heilag og "Noregs evige konge"? Skodespelar Kristofer Hivju har sidan barndommen vore oppslukt av historia om Olav den heilage. I NRK-serien om den norske vikingen og kongen leitar han etter svar saman med journalist Gry Hivju.

Sjå episoden "Helgenen" i serien Olav på NRK.

  1. Kvifor blei Olav kåra til helgen?

  2. Ein helgen er ein person som blir gjenstand for religiøs dyrking (kult) etter sin død. Korleis blei Olav dyrka som helgen?

  3. Kva rolle spelte Nidaros i det katolske universet i mellomalderen?

Kvit trehusbygnad og sjøhus og eit smalt sund. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3

  1. Stadnamn rundt om i Noreg er basert på segner som fortel om dei overnaturlege kreftene Heilag-Olav hadde. Kva er historia bak stadnamna nedanfor?

    • Olav-sundet (Ny-Hellesund)
    • Olavskorset (Gulen)
    • Olavskilden (Lørenskog)
    • Tåresteinen (Kviteseid)
  2. Kjenner de til tilsvarande segner knytte til stadnamn der de bur? Kva går segna ut på, og kva for naturfenomen er ho knytt til?

Oppgåve 4

Legender er forteljingar om livet og døden til helgenar og martyrar. Mange av desse forteljingane har levd på folkemunne før dei vart skrivne ned. Frå norsk mellomalder kjenner vi legender om Heilag-Olav og St. Sunniva.

Ein martyr er ein person som ofrar livet sitt for den religiøse trua si eller for ei spesiell sak. Martyr-omgrepet blir i vår tid ofte brukt om personar som ofrar livet sitt for Allah, eller ei islamistisk overtyding. Martyrar er førebilete for andre, og Koranen gir dei som blir drepne for Guds sak, ein spesiell status etter døden:

"Anse ikke dem som ble drept for Guds sak for døde. Nei, de er levende hos Herren og mottar av Hans gaver"

Koranen 3:163

Skriveoppgåve

Skriv eit kortsvar på 250 ord der du samanliknar tema og forteljarperspektivet i Snorres forteljing om Heilag-Olavs død med ein feature-reportasje om martyrar i vår tid.

Ta utgangspunkt i desse to tekstane:

Relatert innhald

«Soga om Olav den heilage» fortel om bragdene Olav Haraldsson utførte, om kampen hans for å verte konge, og om korleis han innførte kristendommen i Noreg.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2023

Læringsressursar

Norrøn tid 800–1350