Hopp til innhald

Fagstoff

Soga om Olav den heilage

Olavsfrontalet fra første halvdel av 1300-tallet viser historier fra tiden rundt slaget på Stiklestad i 1030. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei forteljing om Olav Haraldsson

«Soga om Olav den heilage» er den mest omfangsrike av Snorres kongesoger. Soga fortel om Olav Haraldssons bragder i ungdommen og om kampen hans for å verte konge og for å innføre kristendommen i landet. På same måten som ættesogene er kongesogene til Snorre ei blanding av historie og diktverk. Forteljemåten, personskildringane og den fyndige, knappe stilen har kongesogene felles med islendingesogene.

Historisk bakgrunn

Olav Haraldsson er son av ein norsk småkonge og fødd på Ringerike rundt år 995. Det eksakte fødselsåret er usikkert. Tolv år gammal reiser han på si første vikingferd. Snorre fortel at han har villskapen, eventyrlysta og dei eigenskapane som skal til for å verte ein god viking.

Først reiser han til austersjølanda, deretter til Danmark og England. 16 år er han med og plyndrar Canterbury. Etter fleire tokt i England dreg han til Normandie i Nord-Frankrike, der han lèt seg døype i Rouen. Her får han mange kristne impulsar og vert påverka av forteljingar om heltar og overnaturlege hendingar.

På veg heim til Noreg er han innom London, der han gir kong Adalråd ei hjelpande hand mot danene. London Bridge vert riven i 1015 i kampen mot danske Knut den mektige, og Olav vert lønt av kong Adalråd for hjelpa. Olav kjem heim til eit splitta Noreg som i stor grad er eit ættesamfunn styrt av småkongar og høvdingar. Det er med andre ord lite rom for å innføre kristen tru, men Olav har likevel eit prosjekt han trur på, og som han er villig til å gjennomføre med kamp. Olav vert konge på Austlandet, seinare i Vika (Oslofjordområdet) og på Agder. Deretter reiser han nordover, og etter nokre år er han konge over både Sør-Noreg og Trøndelag.

Kristendommen held på å få fotfeste, men mest i namnet. Folk flest tek ikkje den kristne trua så nøye, trass i at lagtinga rundt om i landet har vedteke at kristendommen skal innførast. Snorre fortel at Olav går fram med hard hand, og det hende at folk vart drepne når dei nekta å godta den nye trua.

Kyrkjemøtet på Moster

I 1023 vert det halde kyrkjemøte på Moster. Her vert kyrkja knytt til kongen som ei statskyrkje, og det vert utarbeidd kyrkjelover. Olav har fire engelske biskopar med seg under møtet. Lova er omtalt som «det store sedskiftet», og lovteksten opnar slik:

Det første i lova vår er at vi skal bøye oss mot aust og be Kvitekrist om godt år og fred, at vi må halde landet vårt bygd og drotten vår ved helse. Han vere vår venn og vi hans venner, og Gud vere venn for oss alle.

Under møtet på Moster vert det mellom anna vedteke forbod mot fleirkoneri, forbod mot å setje ut barn som er uønskte, og forbod mot å selje trælar. Dessutan vert det bestemt at alle døde skal gravleggjast i vigsla jord. Olav reiser rundt og snakkar om kristenretten, men han møter mykje motstand frå bøndene. Olav trugar bøndene med tap av jord og eigedom. På den måten skaffar kongen seg mange uvenner.

Olav den hellige blir drept på Stiklestad. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Olavs fall

I 1028 kjem Knut den mektige (konge over Danmark og England) til Noreg med 50 krigsskip. Olav vert sviken av sine eigne hærmenn og må flykte. Han reiser med sonen Magnus og kona Astrid, som er dotter av svenskekongen, til Gardarike (Russland). Der slår dei seg ned hos svenske slektningar.

Etter ei tid har Olav ein draum der Olav Tryggvason syner seg for han og oppmodar han til å følgje Guds vilje og reise attende til Noreg. I tillegg får Olav vite at Håkon Ladejarl, som Knut den mektige har sett inn som jarl over Noreg, har mist livet i eit skipsforlis. Han samlar mennene sine og dreg til Trøndelag, der han veit han vil møte den sterkaste motstanden. Han er fullt klar over det er eit vågestykke, men går med den innstillinga at det får bere eller breste.

Like før slaget på Stiklestad drøymer han at han klatrar opp ein stige som når heilt til himmelen. Han lovar mennene sine at Gud vil gi dei større lønn enn gleda over verdslege ting. Dei kjempar tappert mot overmakta, men må gi tapt. Olav fell på Stiklestad 29. juli 1030.

Olav som helgen

Snorre fortel om Olavs fall som ein martyrdød, og etter slaget på Stiklestad får forteljinga om Olavs død status som kristusliknande helgenforteljing. Ein bonde frå Stiklestad tek med seg liket av Olav og gravlegg det der Nidarosdomen står i dag. Snart byrjar folk å tenkje på Olav som ein heilag mann. Det vert fortalt historier om underlege ting som skjer ved grava hans: Blinde får tilbake synet, og sjuke folk vert friske etter å ha rørt grava til kong Olav. Han vert opphøgd til katolsk helgen.

I 1070 startar bygginga av Nidarosdomen, og kyrkja står ferdig rundt år 1300. Nidaros vert det viktigaste pilegrimsmålet i Norden gjennom heile mellomalderen, og kyrkja er framleis ein viktig stad for pilegrimar.

Lær meir om pilegrimsmålet Nidaros:

Relatert innhald

Vi seier gjerne at kristendommen blei innført i Noreg i 1030, ved slaget på Stiklestad og den seinare kanoniseringa av Olav den heilage.

I denne oppgåva skal du gjere deg nærare kjend med historiske og litterære framstillingar av slaget på Stiklestad i 1030.

CC BY-SASkrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017

Læringsressursar

Norrøn tid 800–1350