Hopp til innhald

Fagstoff

Soga om Gunnlaug Ormstunge

Soga om Gunnlaug er ei kjærleikshistorie, eit trekantdrama der to unge menn, Gunnlaug og Ravn, slåst om den same jenta, Helga den fagre.
Gunnlaug møter kongen sammen med mange menn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det vakraste kjærleiksdramaet i Norden

Soga om Gunnlaug Ormstunge er kort, berre på rundt førti små sider. Handlinga er lagt til ca. år 1000 – ei uroleg tid på Island. Landnåmet er fullført, og dei største ættene driv ein rivaliserande kamp for å skaffe seg makt.

Det er eit lovlaust samfunn der makta rår. Makta ligg hos den som har ei stor ætt og mange med seg. I eit slikt samfunn er det lurt å inngå gode giftarmål, og det er fedrane som alltid har siste ordet før det unge paret får kvarandre.

Soga om Gunnlaug er ei kjærleikshistorie, eit trekantdrama der to unge menn, Gunnlaug og Ravn, slåst om den same jenta, Helga den fagre. Mange kallar Gunnlaugssoga «den vakraste kjærleikshistoria i Norden». I tillegg er ho ei islendingesoge med alle dei ingrediensane som høyrer til denne sjangeren. Her er stor dramatikk med sjalusi, svik, drap og hemn.

Handlinga i soga

Første side i Gunnlaugsagaen. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gunnlaug er son av Illuge Svarte, ein islandsk stormann. Han vil reise ut og «sjå andre folks seder», men faren nektar han å dra fordi han er svært ung og framfus og har ei skarp tunge. Gunnlaug rir av garde i sinne. Han kjem til garden til Torstein, ein annan mektig høvding, og vert teken godt imot der.

Dottera til Torstein heiter Helga, og ho er den fagraste kvinna på Island. Helga og Gunnlaug «får godhug for kvarandre», som det står i soga. Gunnlaug vert buande på garden til Torstein i eit halvt år.

Nokre år seinare ber Gunnlaug far sin om å få dra utanlands, og denne gongen samtykkjer faren. Men Gunnlaug vil ikkje berre reise, han vil også ha Helga til kone når han kjem heim att.

Far til Helga liker dårleg at Gunnlaug frir og skal vere borte i lang tid. Men han vil ikkje miste venskapen med Gunnlaugs far og går med på at Gunnlaug skal få Helga dersom han skikkar seg vel og er tilbake på Island innan tre år.

Turen går til Noreg, England og nordsjøøyane, og deretter vidare til Uppsala, der svenskekongen held til. Her møter Gunnlaug Ravn, ein annan islending som har reist ut før han. Først er dei gode vener, men det endar opp med uvenskap mellom dei etter at Gunnlaug audmjukar Ravn framfor svenskekongen.

Ravn veit korleis han skal ta hemn, nemleg ved å kapre Helga den fagre før Gunnlaug når tilbake til Island. Gunnlaug har eit oppdrag hos kong Adalråd i London som han må oppfylle, og klarer ikkje å halde treårsavtalen. Dermed vinn Ravn kappløpet og giftar seg med Helga. Så er striden i gang, og Gunnlaug utfordrar Ravn til holmgang, ein duell som endar med at begge mister livet.

Helga vert seinare gift med Torkjell Hallkjellsson, ein storbonde i Borgarfjorden. «Dei får mange barn saman», står det. Etter nokre år vert folka på garden ramma av ein hard sjukdom. Helga vert også sjuk og døyr. Slik endar soga.

Forteljemåte

Det er ein enkel, knapp forteljemåte som pregar soga, ein stil som har inspirert mange store forfattarar opp gjennom tidene. Berre det som er viktig for handlinga, er komme med. Forteljaren gir eit objektivt referat av det som hender. Personskildringa er nesten berre indirekte, vi lærer personane å kjenne gjennom utsjånad, handlingar og replikkar.

Men også namnet til ein person kan fortelje mykje. Gunnlaug vert for eksempel presentert slik:

Så er sagt om Gunnlaug at han var tidlig voksen og stor og sterk, og hadde lysebrunt hår som falt pent. Han var svartøyd, med litt stygg nese, men hadde et tiltalende ansikt, var midjesmal og herdebrei, uvanlig velvoksen, storlåten i hele sitt huglynne, tidlig framfus, strid og hard i alt, en stor skald, men laget gjerne nidviser og ble kalt Gunnlaug Ormstunge.

Underdriving er eit viktig verkemiddel. Under London-opphaldet er Gunnlaug i teneste for kongen, og ein dag kjem han i kamp med ein viking som heiter Tororm. Det går føre seg om lag slik:

– Ikke er jeg redd for det sverdet! roper Tororm. Gunnlaug gir han da straks banehogg. Kongen takket han for verket.

Skildringa av forholdet mellom Gunnlaug og Helga er heller ikkje detaljrik, men vi får likevel fleire små hint om kva dei to føler. Soga fortel at Helga gruer seg til giftarmålet med Ravn, og at ho verkar trist i bryllaupet sitt. Når ho får vite at Gunnlaug er kommen heim, skjøner ho også at ho er vorten sviken. Ho vert så tverr og ugrei mot Ravn at han har «lite glede av samlivet med henne».

Første gong Gunnlaug og Helga møtest etter giftarmålet hennar, gir han henne ei kostbar kappe i gåve. Denne gåva vert det kjæraste minnet hennar, og ho tek fram kappa og ser på henne så ofte ho kan. Det siste ho ber om før ho døyr, er å få sjå kappa ein gong til. Slik vert det tydeleg for lesaren at ho aldri har gløymt Gunnlaug.

I denne YouTube-videoen er nynorskversjonen av fagteksten lesen inn av Terje Føyn: Gunnlaug Ormstunge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Norrøn tid 800–1350