Hopp til innhald

Fagstoff

Islandske ættesoger

Dei islandske ættesogene er prosaforteljingar som vart skrivne ned på 1200-talet. Dei fortel om ætter og hendingar på Island i perioden 900–1000. Denne perioden vert gjerne kalla landnåmstida, det vil seie den tida då nordmenn tok land og busette seg på øya.
Ingolf peikar der husstolpane skal stå. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forteljingar frå landnåmstida

Islendingesogene er nok den mest kjende sjangeren frå norrøn litteratur. Soge (eller saga) tyder ‘forteljing, noko som vert sagt fram’, og sogene vart opphavleg framført av forteljarar som rein underhaldning. Ættesoger er ei anna nemning som vert brukt.

Islendingane er stolte av sogene sine. Sogene vert rekna som stor kunst og er ein viktig del av verdslitteraturen. Mange kjende forfattarar gjennom tidene har hatt islendingesogene som førebilete. På 1600-talet vart det funne 700 pergamentrullar (kalveskinn som er skrivne på) på Island. Desse vart så nedteikna og samla.

Alt i alt finst det i dag ca. 40 soger. Njålssoga vert rekna som den viktigaste. Andre kjende soger er Soga om Egil Skallagrimsson, Soga om Gisle Sursson, Soga om Gunnlaug Ormstunge og Soga om laksdølane.

Kjenneteikn ved sogelitteraturen

Sogene skildrar eit ættesamfunn der strid og konflikt er vanleg. Det er stor grad av realisme og objektivitet i framstillinga, og persongalleriet er stort.

Vi får ikkje vite kva personane føler og tenkjer. Forteljemåten er sakleg og ordknapp. Underdriving er eit vanleg verkemiddel. Mannen som får eit spyd gjennom brystet, rekkjer akkurat å seie: «Det trefte godt», før han fell død om.

Blodhemn står sentralt. Det er tvingande naudsynt å ta hemn, og det er ei plikt å hemne. Sogene skildrar eit mannssamfunn, men kvinnene er med i handlinga, og dei syner ofte at dei er både sterke og fargerike.

Det vert lagt stor vekt på draumar og draumetyding.Trua på lagnaden går att i alle islendingesoger. Ein skal prøve å avverge katastrofen, men kjem han, skal ein stå oppreist og bere nederlaget med rak rygg.

Islendingesagaene

0:00
-0:00

Kva fortel sogene om landnåmstida?

  • at ætta, det vil seie slekta, var viktig
  • at makta i det islandske samfunnet ikkje låg hos ein konge, men var fordelt mellom mektige familiar
  • at slekta var viktigare enn einskildmennesket
  • at æra til familien stod på spel dersom ikkje urett vart hemna. Urett kunne rettast opp med blodhemn, bøter eller forlik.
  • at æra måtte forsvarast av menn og mot menn. Det vart rekna som ærelaust å gå laus på ei kvinne.
  • at kvinner ikkje sjølve kunne hemne, men dei kunne eggje mennene til strid. Eit liv i skam hadde ingen verdi.
  • at lojalitet, og det å vere trufast mot slekt og venner, var viktig
  • at menneska trudde på lagnaden. Døden kjem den dagen lagnaden har bestemt.
  • at ein skulle møte lagnaden oppreist og med rak rygg
CC BY-SASkrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2018

Læringsressursar

Norrøn tid 800–1350