Kjem vikingideala tilbake?
Vi er i ferd med å forlate kristne verdiar og gå tilbake til ideala til vikingtida, hevdar historiestudenten Mary-Ann Manninen i eit lesarinnlegg på NRK Ytring. Kan det verkeleg stemme? Her skal de både lese kritisk, diskutere og skrive sjølv.
Del A: Førlesing
Før de set i gong med å lese teksten, skal de diskutere desse spørsmåla:
- Kva vil de seie var typiske verdiar i norrøn tid? Fokuser på ære og status.
- Kva er typiske kristne verdiar? Korleis skil desse seg frå verdiane frå vikingtida?
- Kva med dagens samfunn? Vil de seie at vi har typisk kristne eller norrøne verdiar?
Del B: Inn i teksten
No skal de lese teksten til Manninen. Han blei publisert på NRKs debattsider Ytring og heiter Tilbake til vikingtida.
- Formuler det du meiner er hovudsynet i teksten.
- Samanlikn med ein medelev. Har de skrive det same?
- Jobb i par med å kjenne igjen argumenta i Manninens tekst. Les han ein gong til og skriv inn argumenta ho bruker for hovudsynet sitt i skjemaet under.
Del C: Kritisk tilnærming til teksten
Diskuter i grupper:
Sjå på argumenta frå skjemaet over. Er de einige i det Manninen skriv om kva som er typisk for
- dagens verdiar
- kristne verdiar
- verdiar frå vikingtida?
Hugs å kome med konkrete døme i diskusjonen. Er du til dømes heilt ueinig i at audmjukskap pregar kristendommen, medan vi i dag berre er opptekne av personleg ære, så må du vise til noko frå det verkelege livet for å ha belegg for påstanden din.
Skriv ned:
No skal du jobbe aleine.
- Skriv ned alle argumenta du og dei andre i gruppa hadde for eller i mot Manninens hovudsyn.
- Kva meiner du sjølv? Skriv fire–fem setningar der du seier deg einig eller ueinig med Manninen.
Del D: Argumenter for synet ditt
Skriv ein tekst der du anten argumenterer for eller mot at vi utviklar oss i feil retning – mot brutale norrøne verdiar og bort frå audmjuke kristne verdiar.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2020