Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skam og ære i "Luren" og "Faderen"

I denne oppgåva skal du utforske synet på skam og ære i to noveller frå 1800-talet. Tekstane har svært mykje til felles, men det er òg forskjellar som kan kome av den konteksten dei kom ut i.
Eit måleri som viser ein veg gjennom Gubrandsdalen omkransa av høge fjell. På vegen går det menneske og ein hest.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Lag hypotesar

I denne oppgåva skal du først lese ei novelle frå 1819 som heiter "Luren". Vi kan røpe at forteljinga handlar om akademikaren Carl Møllmann som reiser gjennom Gudbrandsdalen. Her møter han storbonden Thord, kona hans og dottera Ragnhild. Ei anna viktig rolle i novella har den fattige unge mannen Guttorm.

Lag hypotesar i par

Sit saman to og to. Lag hypotesar om kva novella handlar om før du les ho ved å svare på spørsmåla under:

  1. Korleis trur de naturen blir beskriven i novella? Kvifor? (Legg merke til årstalet novella kom ut og skildringa av motivet over).
  2. Korleis trur de bondefamilien blir beskriven? Kvifor?
  3. Dei fleste noveller har ein konflikt. Det vil seie eit problem som driv handlinga framover. Det kan vere ein indre konflikt i ein person eller ein ytre konflikt mellom personar i novella. I novella "Luren" løyser konflikten seg når Carl Møllmann tek fram Snorre og Bibelen og seier

    "Der, Thord, er boken, som lærer om din kongeslekt; men her ligger Herrens ord, som lærer at vi er alle like for Gud."

    Ta utgangspunkt i sitatet og diskuter: Kva trur de kan vere konflikten i novella?

  4. Kvifor heiter novella "Luren", trur de?

Del hypotesane med klassen

Få læraren til å dele tavla i tre og skriv ned hypotesane til alle para under punkta a, b og c. La dette stå på tavla under lesinga for å finne ut om nokon av hypotesane dykkar stemmer.

Del 2: Lesespel

No skal de lese novella. Det blir interessant å sjå om nokon har spådd rett om novella.

Del ut roller

"Luren" er ei novelle som eignar seg godt for høgtlesing med roller. Då blir den gamle teksten meir livaktig. Del ut desse rollene til elevar i klassen og les novella som eit lesedrama:

  • Carl Møllmann: akademikaren som reiser gjennom Gudbrandsdalen
  • Thord: storbonden i Gudbrandsdalen
  • kona til Thord
  • Ragnhild: barnet til Thord
  • Guttorm: ein ung, fattig mann

Del 3: Vend tilbake til hypotesane

I del 1 skulle de lage hypotesar om naturskildringane, personskildringane, konflikten og tittelen i novella. Beskriv desse fire momenta ved å fullføre setningane under og leggje til minst eitt døme frå teksten som beviser det du skriv:

  • Naturskildringane i novella "Luren" er ...
  • Når det gjeld personskildringane, så blir Thord og familien hans beskrivne som ...
  • Konflikten i novella er ...
  • Novella har fått tittelen "Luren" fordi ...

Del 4: Skam og ære i "Luren"

Livet på ei seter. Unge kvinner i bunad og dyr i samspel. Måleri.

Kva rolle speler omgrepa "skam" og "ære" i novella? Dette skal de diskutere i klassen ved å skrive anonyme lappar:

  1. Les gjennom novella ein gong til. Skriv ned eit sitat frå novella på ein lapp. Sitatet skal etter di meining tematisere skam og/eller ære. Brett lappen saman og gi han til læraren din.
  2. Læraren opnar lappane ein etter ein og les høgt sitatet som står der. Diskuter i plenum: Kvifor handlar dette sitatet om skam og/eller ære?
  3. Avslutt med å skrive ned alle momenta klassen har kome med i diskusjonen. Det er viktig at du skriv fyldig og sparer på desse notata, for du treng dei til samanlikningsoppgåva du skal gjere seinare.

Del 5: Hypotesar om "Faderen"

Bjørnstjerne Bjørnson i finstasen og med stokk. Han står ute i naturen og ser rett på målaren. Måleri.

Novella "Faderen" av Bjørnstjerne Bjørnson er ei av dei mest kjende novellene i Noreg. Ho kom ut i 1860. I denne novella er det tre personar: ein prest, ein storbonde som heiter Tord og sonen til Tord.

No skal de prøve å lage hypotesar av denne novella på same måten som de gjorde om "Luren" ved å svare på spørsmåla under:

I par:

  1. To sentrale sitat frå novella er ein av storbonden Tord sine første replikkar "Jeg har heller ingen sorger" og den aller siste setninga i novella om Tord: "han så opp, og to tårer rant tunge ned over hans ansikt."

    Kva trur de skjer med hovudpersonen Tord i løpet av novella?

  2. Novella heiter "Faderen". Kven trur de tittelen viser til?
  3. Korleis trur de naturen blir skildra i novella?
  4. Korleis trur de bonden Tord blir skildra i novella?

I plenum:

Diskuter og skriv ned hypotesane slik de gjorde i del 1.

Del 6: Les novella

Les novella "Faderen" av Bjørnstjerne Bjørnson. Også denne novella er fin å lese med roller. Då må de ha desse rollene:

  • ein forteljar
  • storbonden Tord
  • ein prest
  • sonen til Tord

Del 7: Diskuter hypotesane

  • Korleis gjekk det med hypotesane de hadde laga til denne novella? Diskuter om det de hadde skrive ned på førehand, stemde.

Del 8: Samanlikn "Luren" og "Faderen"

Samanlikn dei to novellene ved å fullføre setningane under. Du bør òg leggje til to–fire setningar for å svare godt på denne oppgåva:

  • Ein viktig forskjell mellom novellene er naturskildringane. I "Luren" ..., medan i novella "Faderen" ...
  • Personskildringa i novellene er ...
  • Når det gjeld utviklinga til dei to hovepersonene Tord og Thord, så ...

Del 9: Skam og ære i "Faderen" og "Luren"

Skriv ein korttekst der du samanliknar synet på skam og ære i dei to novellene. Sjå gjerne gjennom presentasjonen under. Her finn du både ein modelltekst, tips til samanlikninga av dei to novellene og nokre gode skrivetriks som kan hjelpe deg.

Del 10: Tekst i kontekst

Sjølv om "Luren" og "Faderen" på mange måtar er påfallande like, er det òg nokre forskjellar mellom dei. Det er dette de skal fordjupe dykk i her.

Diskuter forskjellane

Kva for nokre viktige forskjellar er det mellom "Faderen" og "Luren"? Diskuter dette i grupper. De skal særleg leggje vekt på

  • naturen si rolle i tekstane
  • personskildringane
  • tema

Kva rolle speler konteksten?

Maurits Hansen skreiv "Luren" i 1819, medan Bjørnstjerne Bjørnson skreiv "Faderen" i 1860. Kan tida tekstane kom ut i, ha hatt påverknad på tema, natur- og personskildringane i teksten?

Del 11: Thord og Tord – to menn som er gått ut på dato?

  • Korleis hadde Thord blitt møtt om han gjekk rundt i Noreg i dag og skrøytte av å stamme frå Harald Hårfagre? Eller kva hadde han synst om dagens seksualmoral?
  • Og korleis hadde Tord blitt møtt om han kom til ein lærar frå 2000-talet og bad om at sonen hans fekk spesialbehandling fordi han kom frå den rikaste familien i bygda/byen?

Svar på desse spørsmåla ved å velje presentasjonsform sjølv. Nokre forslag kan vere:

  • ein kort podkast der de samarbeider i par eller grupper
  • eit skodespel der dei to gamle storbøndene reiser fram i tid til dagens Noreg. Presenter framfor klassen.
  • ein skriftleg dialog mellom Thord og Tor der dei fortel om opplevingane sine etter å ha vendt tilbake til 1800-talet frå ei tidsreise til det moderne Noreg
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2023

Læringsressursar

Skam og ære