Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor ler vi av vikinghumor?

Serien Vikingane handlar om vikingar. Han har gått i tre sesongar på NRK. Kva er det eigentleg som skaper humor i historia?

Oppdraget dykkar er å utforske kva som gir den komiske effekten i første episode frå sesong tre av Vikingane. For å få til dette er det ein fordel å vite litt om vikingkulturen. Vi tilrår derfor at de først les fagartikkelen "Maskulin ære i norrøn tid" og teksten "Vikingene tålte ikke fornærmelser" frå Forskning.no.

De skal jobbe i grupper og diskutere spørsmåla under.

Relatert innhald

Del 1: Jarl Varg på fest

  1. Sjå dei ti første minutta av episode 1, sesong tre av Vikingane. Medan de ser, skal de skrive ned replikkar eller hendingar de meiner skaper komisk effekt.
  2. Kva verkemiddel har skaparane av serien brukt for å få til humor?
Tips
  • Sjå på blanding av moderne og gamle verdiar.
  • Kva verdiar finn de i miljøet, klesdrakter og utsjånad, og kva verdiar reflekterer replikkane?

Del 2: Dostongbanditten

No skal de konsentrere dykk om den andre handlinga i episoden – forteljinga om høvdingbroren Orm som er livredd for å bli avslørt som dostongbanditten. Sjå fram til 14:00 og diskuter desse spørsmåla:

  1. Korleis skaper Orms replikkar komisk effekt?
  2. Kva for moderne verdiar meiner du kjem til syne i replikkane hans?
  3. Korleis står desse i kontrast til det som er typiske vikingverdiar?

Del 3: Sjå resten av episoden

Sjå resten av episoden og oppsummer:

  1. Kva er det viktigaste verkemiddelet skaparen av serien bruker for å lage humor?
  2. Lag ei oversikt som viser korleis to ulike verdisett møtest i serien.
  3. Kva rolle speler kjønnsroller i serien?

Del 4: Skriv

No skal du skrive ei oppsummering av episoden du nettopp har sett. Oppsummeringa skal vere eit avsnitt på 10–15 setningar. I teksten skal du vise kunnskap om vikingideal, og dette skal du gjere ved å bruke alle orda under i oppsummeringa. Dei fleste orda finn du i artiklane du las før du såg serien, men bruk internett til hjelp om det er ord du er usikker på.

  • ære
  • skam
  • hemn
  • hemnplikt
  • nid
  • niding
  • ergi
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2020

Læringsressursar

Skam og ære