Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Petter Northug – ei moderne historie om ære og skam?

Er Petter Northug si historie ein moderne saga? Ei forteljing om ære, skam og vanære? I denne oppgåva skal du skrive ein moderne saga, der Petter Northug har hovudrolla. I tillegg skal du tolke Instagram-unnskyldninga han la ut etter å ha blitt arrestert for å ha køyrd for fort.
Petter Northug under pressekonferanse i Trondheim 21.08. 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Del 1: Kva veit du om Petter Northug?

Det er ikkje sikkert du kjenner til Northug i det heile. Uansett om du er Northug-ekspert eller heilt blank, bør du sjå dokumentaren "Revansjens mann" på NRK for å førebu deg til sagaskrivinga.

Sjå filmen og noter:

  • Kva for nokre hendingar frå Northug sin karriere synest du handlar om skam og ære?
  • Kven er Northug sin verste fiende?
  • Korleis oppfører Petter Northug seg når han vinn skirenn?

Del 2: Samanlikn Petter Northug med sagaheltane

Les fagartikkelen "Kva er ein sagahelt?" Diskuter etterpå i grupper:

  • Kan vi kalle Petter Northug ein moderne sagahelt? Kvifor (ikkje)?
  • Kva for nokre konkrete hendingar frå Northug sitt liv ville ein sagaforteljar ha trekt fram om han skulle skrive ned Sagaen om Petter Northug?
  • Vurder kva rolle ære, skam og ettermæle speler i historia om Petter Northug. Kan vi i det heile bruke desse omgrepa om moderne menneske?

Del 3: Skriv ein moderne saga

No skal du prøve deg på å skrive ein moderne saga. Målet er å skrive slik nedskrivarane av dei islandske sagaene gjorde. Motiv og tema er Petter Northug sitt liv som ei historie om ære, vanære, skam og hemn. I avslutninga di bør det kome fram om du meiner Petter Northug etterlèt seg eit godt eller dårleg ettermæle.

Hugs at når du skriv, skal du etterlikne stilen til sagaforteljarane. Tips finn du under:

Skrivestil og innhald i sagaene

Døme frå Gunnlaug Ormstunge

Start med ei detaljert skildring av hovudpersonen. Du skal skildre både utsjånad og åtferd direkte.

"Om Gunnlaug er det sagt, at han ble tidlig voksen og stor og sterk; han hadde vakkert, lysebrunt hår, sorte øine og et godt ansikt, men nesen kunne vært penere. Han var midjesmal og bredskuldret og meget velbygget. Av lynne var han arrogant og ærekjær, stri og hard støtt og en god skald, glad i å gjøre nidviser, — derfor ble han kalt Gunnlaug Ormstunge."

Synsvinkelen skal vere autoral refererande. Det vil seie at du som fortel skal stå utanfor handlinga og sjå inn på ho. Du skal ikkje gå inn i tankane til nokon av personane i sagaen. Teksten din skal byggjast opp av handlingsreferat og replikkar.

"Han sa: «Det er meg som har lagt ut sekkene». Illuge spurte, hvorfor han det hadde gjort. Han svarte at det var til reisen hans. «Til den får du ingen hjelp av meg», sa Illuge, «og ingensteds skal du reise, før jeg vil»; og dermed kastet han varesekkene inn igjen."

Berre det viktigaste skal med. Sagaforteljarane hoppar gjerne over det dei ser på som uviktig. I staden fordjupar dei seg i duellar. Ein sagahelt lèt seg aldri plukke på nasen og vinn stort sett alle duellar på ein imponerande måte.

"Så bar det ihop med de to, og de hugg store hugg og gikk hardt på hverandre, og var like ville begge to. Gunnlaug brukte sverdet Adalrådsnaut, og det var et overlag gildt våpen. Gunnlaug traff omsider Ravn med et veldig hugg, som tok foten av ham."

Sagaheltar er æretørste og handlingsdyktige. Men dei bryt ofte med normene i samfunnet ved til dømes å vere litt for valdelege, spydige eller hemngjerrige. Men feige er dei aldri!

«Hva feiler det foten din, islending?» sa Jarlen. «Det er en svull, herre», sa han. «Men du halter ikke, likevel?» «Ikke skal en gå haltende, så lenge begge føtter er jevnlange», svarte Gunnlaug. En hirdmann som het Tore, sa da til jarlen: «Han er stor i munnen, denne islendingen (...).

Oppgåve 2

Del 1: Analyser Petter Northug si Instagram-unnskyldning

14. august 2020 publiserte Petter Northug ei offentleg innrømming på Instagramprofilen sin. Han innrømde å ha køyrd for fort og å ha oppbevart kokain i heimen sin. Eit veldig mediekøyr følgde.

Les unnskyldninga under og diskuter i grupper:

  1. Kva delar av utsegna meiner de appellerer til etos? Grunngi.
  2. Kva appellerer til patos? Grunngi.
  3. Kva delar er logosargument? Grunngi.

Jeg har gjort en stor feil. I går kveld ble jeg stoppet av politiet i fartskontroll. Jeg kjørte altfor fort, og ble også tatt med på legevakten til blodprøve. I tillegg fant politiet en mindre mengde narkotika hjemme hos meg. Det dreier seg om kokain. Jeg er fortvilet og redd for hva fremtiden vil bringe, og utrolig lei meg for alle de som jeg nå har skuffet, igjen. Jeg vet at det nå blir en straffesak. Da skal jeg ta ansvar for det jeg har gjort.


Petter Northug på sin Instagramprofil 14. august, 2020.

Del 2: Gjer greie for den retoriske situasjonen

Når du skal gjere greie for den retoriske situasjonen til ein tekst, skal du vurdere den konteksten han kom ut i. Dette kan du gjere ved å sjå på det påtrengjande problemet, det retoriske publikummet og dei tvingande omstenda.

Gå saman i grupper og diskuter den retoriske situasjonen. Bruk punkta under i diskusjonen. Ein i gruppa noterer viktige moment.

  • Kva er det påtrengjande problemet? Altså: Vurder kva som er problemet som har utløyst Northug si Instagram-unnskyldning.
  • Kven er det retoriske publikummet? Det vil seie: Kven er det Petter Northug vender seg til og prøver å påverke, når han prøver å løyse det påtrengjande problemet?
  • Kva er dei tvingande omstenda? Kva omstende må Petter Northug ta omsyn til når han prøver å overtyde? Kva moglegheiter og avgrensingar har han?

Del 3: Skriv ein retorisk analyse

No skal du øve deg på å skrive fem avsnitt i ein retorisk analyse:

  1. eit avsnitt der du greier ut om den retoriske situasjonen
  2. eit avsnitt om innleiande og avleia etos
  3. eit avsnitt om korleis Northug bruker logos
  4. eit avsnitt om korleis Northug appellerer til patos
  5. eit avsnitt om korleis etosargument blir brukte i teksten

Bruk gjerne modellteksten under som inspirasjon. Modellteksten er ein analyse av Gretha Thunberg sin tale under ein klimakonferanse før FN-toppmøtet i New York.

Mange synest gode formuleringar og struktur er vanskeleg. Då er det lov å kopiere frå modelltekstar.

Modelltekst: Avsnitt om Gretha Thunbergs FN-tale

Legg merke til

Når vi skal vurdere den retoriske situasjonen i Thunberg sin tale, må vi først sjå på det påtrengjande problemet, altså det som utløyser talen. I dette tilfellet er det utan tvil klimakrisa som er bakteppet for heile talen. Men meir konkret er det den manglande innsatsen til verdsleiarane for å løyse denne krisa, som Thunberg adresserer i talen. Det retoriske publikummet er først og fremst verdsleiarane som var samla på klimakonferansen i New York, men Thunberg veit jo godt at møtet blir filma, og at heile verda kan sjå talen hennar. Likevel viser både form og innhald i talen at ho vender seg direkte til dei mektigaste politikarane i verda. Dei tvingande omstenda er dei moglegheitene og avgrensingane Thunberg må ta omsyn til. Moglegheita hennar her er å påverke verdsleiarane til å tenkje annleis. Men avgrensingane er at ho ikkje har reell makt i form av å kunne delta eller stemme på det kommande toppmøtet.

Avsnittet om den retoriske situasjonen ser på korleis talaren stiller seg til det påtrengjande problemet, det retoriske publikummet og dei tvingande omstenda.

Thunberg har ein tendens til å splitte befolkninga. Mange vil meine ho har eit sterkt innleiande etos fordi ho har vigd livet sitt til å kjempe for miljøet. Men andre kritiserer henne og meiner ho farer med dommedagsprofetiar. Den innleiande etosen hennar er altså ikkje eintydig. Ein kan nok tenkje seg at befolkninga vil vere like splitta om Thunbergs avleia etos etter talen, som dei var før. Folk som ser på henne som ei heltinne, kan meine at framtoninga og ordbruken viser ektefølt engasjement. Kritikarane hennar vil få vatn på mølla og meine at ho blei altfor kjensleladd og lét seg rive med.

Eit avsnitt om innleiande og avleia etos.

Hugs at det kan vere ueinigheit om den innleiande etosen til ein person.

Talen er i stor grad patosprega. "Korleis vågar de?", seier Thunberg og er direkte i kritikken mot leiarane som skal ta avgjerder. Ho bruker sterke ord om kva konsekvensane av klimakrisa blir for mange unge: "De har stole barndommen min og draumane mine med tomme ord". Her set ho uskulda til barnet opp mot råskapen til leiarane ved å bruke orda "barndom" og "draumar" som representantar for det uskuldige, medan "stole" og "tomme ord" viser åtferda til toppleiarane. Patosen til talen blir understreka av framføringa: Thunberg verkar både knust og rasande, noko som blir understreka av eit aggressivt kroppsspråk.

Legg merke til at avsnittet bruker sitat frå talen som bevis. I tillegg viser teksten kva funksjon ordvalet i talen har.

Også etosargumentasjon blir brukt i talen. Thunberg verkar som ein som viser engasjement og bryr seg om andre. Ho seier at "ho er ein av dei heldige" og viser slik at engasjementet hennar går lenger enn til henne sjølv. Vi kan òg seie at det blir brukt etosargumentasjon når ho gjentek at "vi vil halde auge med dykk" og "vi vil ikkje la dykk sleppe unna". Slik verkar ho som ein vi kan stole på i miljøkampen, ein som ikkje vil gi seg – sjølv ikkje for ei overmakt som statsministrane og presidentane i verda.

I tillegg til innleiande og avleia etos ser analysen på korleis det blir brukt etosargumentasjon i sjølve teksten.

Tekstens logos viser seg ved at Thunberg viser til fakta som FN sjølv har peika på: "Vi ser byrjinga på ei masseutrydding", seier ho. Vidare peikar ho på forsking og tal. Ho viser kunnskap om situasjonen ved å peike på både "vippepunkt" og "tilbakekoplingseffektar". Slik viser Thunberg at ho ikkje berre er ein kjensleladd ungdom, men også har gode kunnskapar om situasjonen. Desse faktaa bidreg til å styrkje den endelege etosen hennar.

Når du skal skrive om logos, skal du sjå på kva for fakta- og saksopplysningar som kjem til syne i teksten. Ofte blir desse brukte for å styrkje eigen etos. Kunnskap er makt!

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2020

Læringsressursar

Skam og ære