Døden i Håvamål
Oppgåve 1. Håvamål om døden
I Den eldre Edda finn vi diktet Håvamål. Det er eit gudedikt på 164 strofer. Diktet skal vere Odins tale og gir oss innsikt i verdiane og mentaliteten til vikingane. Eitt av temaa i diktet er døden.
- Les dei to strofene frå Håvamål under høgt for kvarandre i grupper.
- Diskuter: Kva haldningar til døden synest de strofene viser? Kva veit de om vikingane og norrøn mytologi som kan forklare innhaldet i dei to strofene?
- Synest de desse to strofene er aktuelle i dag? Eller har det moderne mennesket eit anna syn på døden?
- Skriv ned det de har diskutert i oppgåve b og c.
Utdrag frå Håvamål | Ordforklaring |
---|---|
Vers 77 Fe dør, Vers 78 Fe dør, | Fe: Husdyr Ettermæle: Det omdømmet du har etter døden |
Oppgåve 2. Finn de rima?
Ei lita gåte: Dei to strofene frå Håvamål er fulle av rim. Finn du dei?
Les her om du treng eit hint.
Det er vanleg å tru at rim er det same som enderim, men rim er så mangt. Eit lite hint: Vikingane brukte ikkje enderim, men to andre typar rim:
- Sjå på første bokstav i orda.
- Legg merke til vokalane inni orda.
Oppgåve 3. Set teksten i kontekst
Kvifor hadde vikingane dette synet på døden? Dette kan du finne ut av ved å utforske den kulturhistoriske konteksten til Håvamål. Det vil seie at du lærer deg meir om den tida tekstane kom ut i.
- Les dei to fagartiklane under og skriv to avsnitt som kan forklare noko om synet vikingane hadde på døden.
- Samanlikn teksten de har skrive i grupper: Har de lagt vekt på det same?
Relatert innhald
Skrivehjelp
Treng du hjelp til å kome i gong?
Du skal altså skrive to avsnitt som knyter tekst og kontekst saman. Under finn du nokre setningsstartarar du kan bruke.
- Synet til vikingane på ære kan forklare ...
- Begge strofene frå Håvamål viser at ...
- For mellomaldermennesket var nemleg ære ...
- Ære, skam og ettermæle ...
- Ettermælet var sentralt for ...
- Også synet på kva som skjer etter døden ...
- Det var slik at den tapre krigaren hamna ...
- Den som ikkje døydde i kamp, derimot, ...
Oppgåve 4. Moderniser Håvamål
Førestill dykk at menneskja av ei eller anna årsak opplever ei stor krise og nesten går under, men nokre få overlever. I år 3000 ønskjer desse menneska å undersøkje noko om forholdet 2000-talsmennesket hadde til døden. Til alt hell finn dei to strofer som handlar om nettopp dette.
Jobb saman og skriv desse strofene. De skal bruke bokstavrim, akkurat slik vikingane gjorde.