Hopp til innhald

Fagstoff

Døden i norrøn mytologi

Kva tankar om døden og livet etter døden viser litteraturen frå norrøn tid? Vi skal sjå på synet på dommedag, himmel og helvete, som kjem fram i norrøn litteratur.
Ragnarok. Odin sit til hest og skal til å stikke eit spyd i Fenrisulven. I bakgrunnen ser vi Tor kjempe mot Midgardsormen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi har fleire kjelder til mellomaldermennesket sitt syn på døden. Her vil vi særleg konsentrere oss om menneska som levde i Noreg før kristendommen blei innført. Vi skal utforske den norrøne mytologien sitt syn på døden.

Diskuter i grupper:

Kva veit de om desse omgrepa i norrøn mytologi?

  • Ragnarok
  • Valhall
  • Hel

Kjeldeproblem

Eit problem når vi skal undersøkje forholdet til døden som menneska som levde før år 1000 hadde, er at vi har veldig få skriftlege kjelder om emnet. Dei fleste tekstane blei overleverte munnleg og skrivne ned først på 1200-talet eller seinare. Dermed er nok nedskrivinga prega av kristendommen som blei innført i Noreg etter år 1000.

Vi må derfor lese kjeldene med eit kritisk blikk. Men på same tid er disse tekstane dei beste kjeldene vi har til emnet. Dei gir oss innblikk i ein kultur som er ganske annleis enn vår.

Trudde alle på det same?

"Omkring døden hersket det ulike slektsbaserte ideer", skriv forfattar og doktor i norrøn filologi, Bergsveinn Birgisson i boka Den svarte vikingen (Birgisson, 2019, s. 76). Det var altså ikkje slik at alle vikingar hadde dei same førestillingane om kva som skjedde etter døden. Men er det ikkje slik det er i moderne tid òg? Det er jo ikkje slik at alle i Noreg har same idé om kva som skjer med oss når vi døyr.

Tenk over medan du les:

  • Kva veit du om vikingane som kan forklare det synet dei hadde på døden?
  • Er det nokon av førestillingane om døden du synest er heilt utenkjelege at dagens moderne menneske skulle sjå føre seg? Kvifor, i så fall?

Ragnarok – dommedag

Gudinnen Hel og vakthunden Garm. Illustrasjon.

Nå stormgjør
ved ,
fester slitner
og ulven farer
all har hun innsikt,
jeg ser frem lenger:
til Ragnarok
for rådsguder
(Voluspå)

Sitatet over er strofe 44 i Voluspå. Det fortel om dommedag i den norrøne mytologien: Ragnarok. Det er ei truande framstilling, der mellom anna den fæle hunden Garm, som vaktar dødsriket til Hel, skal slite seg laus og bli med i den siste kampen mellom vonde og gode makter.

Gammal illustrasjon som førestiller guden Heimdall som blæs i Gjallarhorn. Illustrasjon.

Det er ikkje berre Garms lausriving som varslar at Ragnarok er i anmarsj. Det aller første varselet er den såkalla fimbulvinteren: tre forferdeleg kalde vintrar. I tillegg skal guden Heimdall blåse i Gjallerhornet. Og hanar i både Valhall (gudane sin heim), Jotunheimen (heimen til jotnane) og Helheim skal gale for å kalle inn krigarane til kamp.

Rolla til menneska i Ragnarok

Også menneska har ei rolle i Ragnarok. Eit forvarsel er at menneska i Midgard vil leve i ufred:

Åsgard i brann. Måleriet er prega av raudfargar og undergangsstemning. Måleri.

Brør skal drepa brør,
og verta kvarandres drapsmenn,
ættingar skal føra krig
mot kvarandre.
Det skal verta vanskeleg å bu på jorda
i ei tid av utruskap -
i ei øksetid, ei sverdtid,
eig stormtid, ei ulvetid;
skjold skal kløyvast.
Når jorda søkk i sjøen,
skal det vera ingen mann
som er trufast mot ein annan.
(Heimskringla.no)

Kampen mot Fenrisulven og Midgardsormen

Odin kjempar mot Fenrisulven ved Ragnarok. Han er i ferd med å stikke eit spyd i ulven. Måleri.

Ragnarok er forteljinga om det endelege oppgjeret om det vonde mot det gode. På sletta Vigrid utanfor Åsgard møtest fiendane i bitre duellar:

  • Odin skal møte Fenrisulven. Våpenet hans er spydet Gungne.
  • Tor skal kjempe mot Midgardsormen. Han har hammaren Mjølne som styrke.
  • Loke leier dei vonde sine styrkar og møter guden Heimdall.

Korleis avsluttar Ragnarok?

Ragnarok er undergangen til gudane. Fenrisulven sluker Odin, men guden Vidar drep ulven til slutt. Tor tek livet av Midgardsormen, men døyr kort tid seinare av gifta til ormen. Det same skjer med Loke og Heimdall: Begge døyr i duellen dei i mellom.

Etter Ragnarok stig ei ny verd fram, ei verd som verkar idyllisk som eit Paradis:

Vakkert landskap i soloppgang. Ei ørn fremst i biletet. Måleri.

Opp ser hun stige
andre gangen
jord av havet
evig grønnvokst,
fosser faller,
ørn flyr over,
den som på fjellet
veider fisken.
(Voluspå)

Men Voluspå fortel oss at også denne nye jorda skal gå under ein gong. For vondskapen vender tilbake: Draken Nidhogg kjem flygande med lik i fjørene sine.

Kva skjer med mennesket etter døden?

I Ragnarok speler altså gudane og åsane hovudrolla. Men kva trudde eigentleg menneska som levde før kristendommen blei innført, at skjedde med dei etter døden?

Kjelder fortel om kraftige gravferdsritual der både dyr og andre menneske blei ofra for å heidre nylege døde høvdingar. Dette fortel oss at vikingane var opptekne av etterlivet. Målet for dei fleste vikingheltane var nok Valhall.

Valhall

Måleriet Valkyrie av Peter Nicolai Arbo (1865). Måleri.

Vi kan godt seie at Valhall er svaret til vikingane på Paradis. Grimnesmål er ein av dei beste kjeldene våre til framsyningane vikingane hadde om kva som ville skje dei om dei døydde ein ærefull død i kamp. Det var nemleg berre dei som kunne bli brukte i Odins hær i Ragnarok, som kom til Valhall. Odin sende ut medhjelparane sine – dei kvinnelege valkyrjene som held auge med kampane i Midgard.

heter den femte
der den
vide Valhall kneiser
der velger Odin
hver eneste dag
dem som skal dø for våpen.
(Grimnesmål)

Kvardagsliv i Valhall

Å bli valt til eit etterliv i Valhall var altså stas. Når det gjeld førestillingar om dagleglivet i Odins rike, var dei prega av både krigarideal, kvinner, vin og mat.

I Valhall er kvar nye dag eit høve til å slåst og krige. I etterlivet blir mennene Odin har valt ut kalla for einherjar. Einherjane møtest dagleg til vill strid . Om dei døyr, vaknar dei utkvilte og sprell levande neste dag. Og sjølvsagt: klare til nye kampar.

Livet i Valhall. Mannlege krigarar, einherjar, sit ved borda. Dei blir serverte mat og mjød av kvinnelege valkyrjer. Til høgre ser vi Odin med ein av ulvane sine. Måleri.

Maten og mjøden er alltid tilgjengeleg. Mellom anna steikjer kokken Andrimne kjøt av grisen Særimne kvar kveld. Neste dag er nemleg grisen, akkurat som einherjane, sprell levande og klar for å bli mat igjen:

Andrimne
lar i Eldrimne
Særimne syde
flesket er godt
men det er få som vet
hva einherjene eter
(Grimnesmål)

Det er nok slik at førestillingane om Valhall ikkje eksisterte for menneska som levde tidleg i vikingtida. For forteljinga om denne vakre staden for vikingheltar kom seint til den norrøne verda (Birgisson, 2019, s. 76). Dermed var nok døden noko vikingane stort sett frykta og ville unngå. På same tid blei du ikkje ein vikinghelt om du viste frykt for døden, unngjekk kamp og oppførte deg som ein feiging.

Kunne kvinner kome til Valhall?

Vi har langt færre skriftlege kjelder om kva vikingane meinte skjedde med kvinner etter døden, enn med menn. I Valhall blir dei ikkje vigd nokon plass. Rett nok høyrer vi om valkyrjene, men dei var kvinnelege gudar som skulle hente gode krigarar og servere dei mjød i Odins salar.

Men vi veit at vikingane òg hylla sine falne kvinner, for det er funne flotte skip der store kvinner har blitt gravlagde. Ein teori er at vikingane trudde kvinnene kunne hamne hos fruktbarhets- og dødsgudinna Frøya. For medan Odin regjerte i Valhall, hadde Frøya sitt eige dødsrike: Folkvang. Det er kjent frå Grimnesmål at halvparten av mennene som fell i krig, går til Valhall og den andre til Folkvang. Somme skriftlege kjelder fortel òg at ærefulle kvinner kunne kome hit.

Hel

Ulike kjelder fortel om ei rekkje dødsrike i norrøn mytologi, så vikingane sitt syn på etterlivet var nok ikkje likt overalt. Men heilt sikkert var det at det eksisterte ei førestilling om kvar dei som ikkje levde ærefullt, hamna: i Hel hos dødsgudinna med same namn. Ho er søstera til Midgardsormen og Fenrisulven. Snorre fortel om henne i Gylfaginning:

Han kastede Hel i Niflheim og gav hende magt over ni verdener, hvori hun skulle fordele alle de folk, som blev sendt til hende — og det er dem, der dør af sygdom og alderdom. Hun ejer dér en stor gård, og hendes indhegning er umådelig høj, og porten er stor. Hendes sal hedder Regnvåd, hendes fad Hunger, hendes kniv Sult, hendes træl Gangslap, hendes trælinde Gangsløv, hendes dørtærskel Uførefalden, hendes leje Sotteseng og hendes sengeforhæng Ulykkesskær. Hun er let genkendelig, for hun er halvt sort og halvt hudfarvet med et særligt bistert og stygt udseende. (Heimskringla.no)

I Hel må dei døde vasse i sverd, knivar og ormegift. Her er det kaldt og mørkt, og ikkje minst vaktar den fryktelege hunden Garm over riket.

Døde i Hel. Menn vassar rundt i ei væske som skal førestille ormegift. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Birgisson, B. (2019). Den svarte vikingen (4. utg.). Oslo: Vigmostad og Bjørke.

Edda (omsett av Ludvig Holm-Olsen, 1975). Oslo: J.W. Cappelens forlag.

Holtsmark, A. (1970). Norrøn mytologi. Oslo, Det Norske Samlaget.

Hultkrantz, Å. (1992). Hvem er hvem i norrøn mytologi. Oslo, Arnkrone.

Steinsland, G. (2005). Norrøn mytologi. Oslo, Pax forlag.

Uddrag af Snorres Edda. Omsett til dansk av Jesper Lauridsen (2020). Henta frå https://heimskringla.no/wiki/uddrag_af_snorres_edda

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2020

Læringsressursar

Memento mori