Hopp til innhald

Litterære tekstar

Draumkvedet

Draumkvedet er ei av mange forteljingar som skildrar ei ferd ned til dødsriket. Slike tekstar blir gjerne kalla visjonslitteratur.
En svart hest med rytter leder en følge av hester og ryttere. Under sjeler på vei til himmel eller helvete. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grunnlaget for desse forteljingane er trua på at sjela gjer ei lang reise etter døden, før ho når fram dit ho skal vere. Ut av denne trua veks tanken om at det er råd å gjere denne reisa i levande live, og sidan vende attende til vår verd.

Om Draumkvedet

0:00
-0:00
Samandrag av handlinga i Draumkvedet

Olav Åsteson fell julekvelden i ein djup, ekstatisk svevn og vaknar ikkje att før trettande dag jul. Då rir han til kyrkja, set seg i kyrkjedøra og fortel kva han har drøymt.

Han har sett livet attom grava; skjærselden, himmeriket og helvetet. Ferda til den andre verda var full av uhyggje og redsle. Han laut ned på havsens botn og opp att til skyene, det var høge fjell og djupe dalar, og han høyrde korleis det dura i elvar under jorda, men elles var alt stilt.

Han kjem til ein stor tornemo og fer over den, endå han riv sund kåpa si og sting sund føtene, og han når då fram til brua over til den andre verda; den gull-dekte Gjallarbrua. Ho er ikkje god å gå: Ho heng høgt i lufta, er sett med sylkvasse piggar og tindar, og skremmelege dyr held vakt. Berre dei rettvise sjelene slepp over. Så lyt han vasse over botnlause myrar, og då først er han kommen til den verda der dei avlidne er – den "andre heimen".

Først får han sjå dei fagre, sollyse englane i Paradiset, men det varer ikkje lenge før Guds mor byr han å fare til Brokksvalene, forhallen til pinslestaden, der førebelsdommen som sjela får straks etter dauden, står. Så kjem den mektige skildringa av dommen, med dei to hærane som møter einannan – djevlehæren frå nord på svarte hestar, og englehæren frå sør på kvite hestar. St. Mikael løfta domsbasunen og kallar sjelene fram for dommen, og syndesjelene skjelv som ospelauv i vinden, og alle græt for syndene sine.

Så fer han gjennom skjærselden og helvetet, og ser mykje naud. Straffa svarar til synda: Drapsmannen lyt bere den han har drepe, med seg kvar han står og går, den gjerrige som hadde ei "trong" sjel, er smidd fast i ei kåpe av bly.

Til slutt gir Olav Åsteson oss den lærdommen som desse takande synene har prenta inn i han: Gode gjerningar blir til lønn i den andre verda, dei følgjer den daude på den siste ferda og vernar han mot vondt. Men det gode må vere gjort med heil hug, utan baktankar.

Draumkvedet vart skrive ned av Molkte Moe, og blir her gitt att i modernisert utgåve av Knut Liestøl. Du finn ordforklaring under teksten.

Del I

1.
Vil du meg lyde, eg kveda kan
om einkvan nytan drengjen,
alt om 'n Olav Åsteson,
som heve sovi so lengje.

2.
Han la seg ned om joleftan
sterkan svevnen fekk;
vakna kje fyrr om trettandagjen,
då folkje åt kyrkjun gjekk.

Og det var Olav Åsteson,
som heve sovi so lengje.

3.
Han la seg ned om joleftan,
no hev 'n sovi så lengje,
vakna 'kje fyrr um trettandagjen,
då fuglane skoke vengjir.

4.
Han vakna 'kje fyrr om trettandagjen,
då soli rann i lie,
då sala han ut fljotan folen,
han ville åt kyrkjun rie.

5.
Presten stend'e fyr altare
og les upp lestine lange,
Olav set seg i kyrkjedynni
og tel'e draumane mange.

6.
Gamle mennar og unge
dei gjev'e ette gaum'e,
med' han Olav Åsteson
tele sine draume.

Del II

7.
Eg la meg ned um joleftan
sterkan svevnen fekk,
vakna 'kje fyrr om trettandagjen,
då folket åt kjyrkjun gjekk.

Fyr månen skin'e
og vegjine falle so vide.

8.
Eg hev vori meg opp med sky
og ned-att med havet svarte; -
den, som vil mitt fotspor fylgje,
lær 'kje av blidom hjarte.

9.
Eg hev vori meg opp med sky
og ned-att med havsens grunne; -
den, som vil mitt fotspor fylgje,
lær 'kje av blidom munne.

10.
Eg hev vori meg upp med sky
og ned att på svarte dikje,
eg hev sett åt heite helvite
og ein deil av himmerikje.

11.
Eg hev fari ivi vigde vatnet
og ivi djupe dalar;
høyrer vatn og ser det inkje,
unde jordi so mune det fara.

12.
Eg er så trøytt og ferde-mod,
og inna så mune eg brenne;
eg høyrer vatn, og fær det inkje,
unde jordi så mune det renne.

13.
Inkje kneggja soten min,
inkje gjøydde min hund'e,
inkje gol dei ottefuglan',
det tottest meg vera under.

14.
Eg var meg i auromheime
i mange netter og trå,
det veit gud i himmerik
hosse mang ei naud eg såg.

15. Eg kan noko av kvòrom
derfyr tikjest eg frod;
eg var longe i moldi mòka,
ha eg tott den dauden god.

Del III

16.
Fysste eg var i uteksti,
eg fór ivi tynnyr-mog;
sund'e gjekk mi skarlakskåpe,
og neglan' av kvòr min fot.

For månen skin'e,
og vegjine falle så vide.

17.
Så var eg meg i uteksti
igjenom den tynnyr-ring:
sund'e gjekk mi skarlakskåpe
og neglan' av kvòr mi fing.

18.
Kjem eg meg åt Gjallarbrui,
ho heng'e så hågt i vinde;
ho er òll me gulle slegji
og saum i kvòrjom tinde.

19.
Ormen høgg'e, og bikkja bit'e
og stuten stend mitte på leii;
tri er tingji på Gjallarbrui
og alle er gramme og vreide.

20.
Bikkja bit, og ormen sting,
og stuten stend og stangar —
der slepp ingjen ivi Gjallarbrui,
som feller domane vrange.

21.
Eg hev gjengji Gjallarbrui,
ho er båe bratt og lei;
vassa så hev eg dei Våsemyran',
no er eg kvitt'e dei.

22.
Va'i så hev eg dei Våsemyran',
der hev 'kje sta'i meg grunn;
no hev eg gjengji Gjallarbrui
med rapa moll i munn.

23.
Eg hev gjengji Gjallarbrui,
og der var krokane på;
men eg totte tyngre dei Gaglemyran',
gud bære den dei skò gå!

Del IV

24.
Så kom eg meg åt votno dei,
der isane brunne blå,
Gud skaut det i hugjen min:
eg vende meg derifrå.

For månen skin'e
og vegjine falla så vide.

25.
Eg var meg i auromheime,
ingjen der eg kjende,
berre ho sæle gudmor mi
med raude gull på hende.

26.
Sume fór ivi Grimaråsen
og sume ivi Skålestrond,
men dei som fór ivi Gjallarhylen,
dei kome våte fram.

27.
Så tok eg av på vetterstig
alt på mi høgre hònd:
Der såg eg meg til Paradis,
det lyser ivi vene lònd.

28.
Der såg eg att'e gudmor mi;
meg mune 'kje betre gange:
"Reis du deg te Brokksvalin,
der skò domen stande!"

Del V

29
Eg var meg i aurom heime
i mange nættar og trå;
det veit Gud i himmerik,
hossi mang' ei nau eg såg.

I brokksvalin
der skò domen stande.

30.
Der kom ferdi norante
og den rei no så kvast:
fyre rei Grutte Gråskjeggje
alt med sitt store brass.

31.
Der kom ferdi norantil,
det totte eg vera verst:
fyre rei Grutte gråskjeggje,
han rei på svartan hest.

32.
Der kom ferdi sunnantil
det tottest meg vera best;
fyre rei sankte Såle-Mikkjel
han rei på kvitan hest.

33.
Der kom ferdi sunnantil
og den rei no so tvist:
fyre rei sankte Såle-Mikkjel
neste Jesum Krist.

34.
Der kom ferdi sunnantil
ho tottest meg vera trå;
fyre rei sankte Såle-Mikkjel
og luren unde armen låg.

35.
Det var sankte Såle-Mikkjel,
han bles i luren lange:
"Og no skò alle såline
fram fyr domen gange!"

36.
Men då skolv dei synde-såline
som ospelauv fyr vinde,
og kvòr den, kvòr den sål der var,
ho gret fyr syndine sine.

37.
Det var sankt Såle-Mikkjel,
han vog i skåle-vikt;
so vog han alle synde-såline
bort til Jesum Krist.

Del VI

38.
Eg såg meg einom drengjen
det fyste eg vart ved,
liten småsvein bar han i fangje
og gjekk i jordi til knes.

39.
Kjem eg med åt manne dei,
kåpa den var bly:
hass arme sål i dessom heime
var trong i dyre tid.

40.
Kjem eg med åt manne dei,
dei bar på gloande jord:
Gud nå'e dei fatige såline,
som flutte deildir i skog!

41.
Kjem eg meg at bonno dei,
dei stoge so høgt på glo:
Gud nå'e dei synduge såline,
ha banna bort far og mor!

42.
Kjem eg meg åt podda og ormen
dei hoggje kvòrare i sporde:
det var dei synduge syskjenbonni
som gifte kvòrare på jordi.

43.
Der møtte eg dei ormane tvei
dei bit'e kvòrare i sporde:
dei sto kinna i raude blodet,
det var så tung ei vinne.

44.
Kjem eg meg åt Syslehuset;
der var trollkjerringan' inne:
dei sto kjinna i raude blodet,
det var så tung ei vinne.

45.
Der er heitt i helvite,
heitar hell nokon hyggje.
er hengde dei 'pivi ein tjørukjetil
og brytja ned-i ein presterygg'e.

Del VII

46.
Sæl er den i fø'sheimen
fatige gjev'e sko:
han tar inkje berrføtt gange
på kvasse heklemog.

Tunga talar
og sanning svarar på domedag.

47.
Sæl er den i fø'sheimen
fatige gjeve ku.
Han tar inkje sulum gange
på håge Gjallarbru.

48.
Sæl er den i fø'sheimen
fatige gjeve brau:
Han tar inkje ræ'ast i auromheime
fyr horske hundegau.

48.
Sæl er den i føisheimen
fatige gjeve konn;
han tar inkje ræ'ast på Gjallarbrui
fyr kvasse stutehonn.

50.
Sæl er den i fø'sheimen
fatige gjeve mat;
han tar inkje ræ'ast i auromheime
anten fyr hæ'e hell hat.

51.
Sæl er den i fø'sheimen
fatige gjeve klæ'e;
han tar inkje ræ'ast i auromheime
fyr håge kjellar-bræ'e.

Del VIII

52.
Gamle mennar og unge,
dei gjeve atte gaum'e:
det var han Olav Åsteson,
no hev han førtålt sine draume.

Statt upp, du Olav Åsteson,
som heve sovi så lengje.

Ordforklaringar


Del I – Ramma for visjonen
einkvan nytan drengjen – ein eller annan dugande kar
skoke – skaka
fljot – rask, snar
lestine – dei heilage tekstene
tel'e – fortelje
gaum – merksemd

DEL II – Forord av visjonæren
fotspor fylle – gjere same ferda
blidom – dativform av blid
dikje – hengjemyr, søylehol
vigde vatnet – elva i dødsriket
ferdemod – trøytt av ferda
sote – svart hest, her: helhesten
ottefuglan' – morgonfuglane
auromheim – den andre verda
trå – langvarig, som går langsamt
kvòrjom – kvar og ein
frod – vis, kunnskapsrik

Del III – Ferda til dødsriket
uteksti (extasis + exitus) – vanlege ord i visjonslitteraturen om sjela som fer ut or lekamen
tynnyrmo – tornekratt, tornemo
i vinde – i lufta
oll – heile
ting – her: skapnad, vette
der hev kje sta'i meg grunn – eg fann ikkje fast grunn nokon stad
krok – mothake
med rapa mold i munn (med gravmold i munnen) – som daud mann

Del IV – Ferda i dødsriket I
votno dei – dei vatna
brunne – brann
blå – svart (kolblå = kolsvart)
"der isane brann svarte" – der det samstundes var isande kulde og kokande heite
med raude gull på hende – med gullringar på fingrane
vetterstig – vintervegen
meg mune kje bet'e gange – det gikk meg ikkje betre enn så at ...

Del V – Førebelsdommen
Pilegrimskyrkja = Brokksvaline
Grutte gråskjeggje = djevelen
brass – sverm, låkt følgje
såle Mikkjel – "sjele-Mikael" = erkeengelen Mikael som etter den katolske trua tar imot sjela når ho fer ut or kroppen
tvist – stilt

Strofe 33: Det at Kristus er med her ved førebelsdommen, er neppe opphavleg i kvedet.

Del VI - Ferda i dødsriket II
i dessom heime – i denne verda
deild – merkestein
bonno dei – dei barna
stoge – stod
banne bort – forbanne
tvei – to
syslehuset – straffestaden for trolldom
vinne – arbeid
hyggje – tenkje
tjørukjetil – tjørekjel
brytje – skjere opp kjøt til koking

Del VII – Lønna for gode gjerningar
i fø'esheimen – her i verda, medan ein lever
sumlug – svimmel
horsk – harsk
gau - gøying
hæ'e – spott
kjellarbræ'e – truleg dei store ismengdene som er omtalte i strofe 24

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Folkediktning.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Memento mori