Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Grip dagen, men hugs at du skal dø

Menneska si livshaldning på 1600-talet kan karakteriserast med dei to latinske uttrykka Carpe Diem, som tyder ‘Grip dagen’, og Memento mori, som tyder ‘Hugs at du skal dø’.

Livet er kort, alt er forgjengeleg, så grip dagen og lev mens du kan. Døden ventar, og han kjem vi ikkje utanom. Desse to uttrykka seier noko om den motsetnadsfylte livshaldninga som ofte trer fram i barokk kunst.

I denne oppgåva skal du ta utgangspunkt i tre ulike tekstar: eit måleri frå 1655, utdrag fra eit dikt frå 1677 og eit intervju frå 2012.

Tekst 1

Eldre kvinne som ber. Måla av den nederlandske kunstnaren Nicolaes Maes ca. 1655.

Eldre kvinne som ber. På bordet timeglass og dødningehode. Maleri
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekst 2

Utdrag frå «Afften Psalme» (1677) av Dorothe Engelbretsdotter (gitt att i ei omsetjing frå 2013):

Våre dager ser sin slutt.
Timeglasset renner ut.
Døden oss i hælen går.
Evigheten forestår.

Tekst 3

Intervju i VG 31. oktober 2012:

Kreftsyke Per Fugelli: – Jeg nærmer meg siste dans

Oppgåve 1

Førebuing til skriveoppgåve

  1. Kva har desse tre tekstane til felles?
  2. Per Fugeli meiner at «memento mori» er ei viktig påminning for menneske i vår tid. Korleis argumenterer han for denne påstanden?

Oppgåve 2

Ta utgangspunkt i ein av desse tekstane, og skriv ein personleg tekst med tittelen «Grip dagen».

Teksten skal vere på ca. 500 ord.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Memento mori