Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

I djupet på Soga om Floafolket

Kva kan vi lære om Noreg og Island i norrøn tid og mellomalderen ved å lese Soga om Floafolket? Her skal vi sjå på kjønnsroller, verdiar og synet på tru og overtru.
Vikingkrigar med øks slåst innandørs. Blod spruter mot han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Kunnskap og forventningar til ei soge om vikingar

Diskuter desse spørsmåla i grupper. Ein av dykk skal skrive ned det som blir sagt:

  1. Veit de noko om dei norrøne ættesogene? Skriv ned alt de kan om dette.

  2. Hovudpersonen i Soga om Floafolket heiter Torgils. Kva eigenskapar trur de Torgils har? Korleis trur de ein typisk sogehelt kjem til å oppføre seg? Kva kjem til å skje med han i løpet av soga?
  3. Kva rolle trur de kvinnene kjem til å ha i soga?
  4. Torgils har ein konflikt med den norrøne guden Tor. Kva trur de denne kan gå ut på?

Del 2. Les Soga om Floafolket med lesestøtte

Les Soga om Floafolket saman med resten av klassen. Vel gjerne versjonen med lesestøtte. Då skal de stoppe opp og diskutere spørsmål om handlinga undervegs. Dette skal sikre at alle i klassen får med seg handlinga i soga. Dessutan kan slik aktiv lesing auke forståinga og engasjementet for teksten.

Relatert innhald

Del 3. Etter lesinga

Vend tilbake til spørsmåla de diskuterte i del 1. Korleis stod det til med kunnskapar og forventningar før de las teksten? Fekk de stadfesta at de kunne ein del, eller var det noko som overraska dykk?

Del 4. Er soga sann?

Diskuter i grupper:

  1. Trur de soga er sann? Grunngi svaret deira ved å vise til passasjar i teksten.

  2. Les den vedlagde artikkelen om sanningsgehalten i sogene, og diskuter desse spørsmåla etterpå:

    • Kva seier artikkelen om kvifor det er problematisk å bruke soger som kjelde til vikingtida?

    • Kva taler likevel for å bruke soger som kjelde?

    • Kvifor er trusskiftet frå heidensk norrøn mytologi til kristendommen eit viktig perspektiv når vi skal vurdere ættesoger som kjelde?

Relatert innhald

Del 5. Fordjup dykk i eitt tema i soga

I grupper på tre–fire personar: Vel eitt av temaa under som de vil fordjupe dykk i. Leit først etter stader i teksten som kastar lys over temaet de har valt. Lag så ei problemstilling, og framfør svaret de har funne for klassen. Følg stega under:

Steg 1. Vel tema

  • Kjønnsroller

  • Heltar

  • Skam og ære

  • Ætt og familie

  • Konfliktløysing

  • Tru og overtru

Steg 2. På sitatjakt i soga

Les gjennom soga kvar for dykk, og samle inn sitat som de meiner er aktuelle for problemstillinga dykkar. Lim desse inn i eit eige dokument, og skriv ned eigne tankar om sitata du plukkar ut.

Steg 3. Diskuter funna deira

Etter de er ferdige med steg 2, bør de setje dykk saman og diskutere kva de har funne. Diskuter sitata og eigne tankar om temaet.

Steg 4. Lag problemstilling

Lag ei problemstilling som de vil finne svar på og leggje fram for klassen i presentasjonen dykkar.

Hjelp til å lage problemstilling?

Det aller viktigaste for å lage ei god problemstilling, er at ho er utforma som eit spørsmål det er mogleg å svare på. Under ser de døme på gode problemstillingar til temaa de kunne velje mellom i steg 1.

  • Kor mykje kunne ei vikingkvinne bestemme over sitt eige liv?

  • Korleis var kjønnsrollene i norrøn tid samanlikna med i dag?

  • Er Torgils ein typisk ættesogehelt?

  • Kva syn på ære og skam viser ættesogene?

  • Er familie og ætta like viktig i dag som i vikingtida?

  • Korleis løyste vikingar konfliktar?

  • Kva forhold hadde vikingane til gudar og overtruiske vesen?

  • Korleis framstiller Sagaen om Floafolket trusskiftet på Island og i Noreg?

Steg 5. Finn svar på problemstillinga

No er det på tide å gå til kjeldene for å svare på problemstillinga. De skal bruke både primærkjelda (Soga om Floafolket) og sekundærkjelder. Vi tilrår at de jobbar mest mogleg saman og diskuterer undervegs i staden for å dele oppgåver og løyse dei kvar for dykk.

Tips til gode sekundærkjelder

Kjønnsroller, heltar, ære og skam

NDLA: Maskulin ære i norrøn tid

NDLA: Feminin ære i norrøn tid

Forskning.no: Vikingene tålte ikke fornærmelser

Norgeshistorie.no: Vikingtidens kvinner og menn

Systime: Æt og ære

Familie og ætt

NDLA: Familien i norrøne og moderne tekster

Norgeshistorie.no: Den vennlige vikingen

Tru og overtru

NDLA: Mennesket og maktene i eldre litteratur

Forskning.no: Bakgrunn: Ingen hvile i de dødes verden

Systime: Kult og rite

Konfliktløysing

Norgeshistorie.no: Hevn: kaoskraft eller etisk forpliktelse?

Norgeshistorie.no: Bevis i middelalderens rettssystem

UiO DUO: Den tidlig-moderne duellen: Et elitefenomen med lange røtter og stor kraft (s. 22)

Del 6. Framfør for klassen

Legg fram funna deira for klassen. Bruk sitat frå både primær- og sekundærlitteraturen når de legg fram funna deira.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Familien i litteraturen