Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Essay: Forstå sjangeren ved å dekonstruere ein elevtekst

Essayet er ein utfordrande sjanger som det kan ta litt tid å lære seg, men om du først knekkjer koden, er det lite som er så gøy og kreativt som å skrive eigne essay. Her skal du jobbe med å forstå kva som kjenneteiknar eit godt essay ved å lese og diskutere ein tekst skriven av ein vg3-elev.
Skriveblokk og penn. Ordet essay er skrive med handskrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Diskuter kva de veit, og kva de kan tenkje dykk til

  1. Kva kan de om sjangeren essay frå før?

  2. Sjangernemninga essay kjem frå det franske ordet essay som betyr "å prøve". Kva seier det dykk om sjangeren?

  3. Kva er forskjellen på eit essay og ein artikkel, trur de?

Del 2. Les eit elevessay

  1. Les essayet "1 800 000 000 › 4 600 000".

  2. Skriv ned minst tre sjangertrekk du la merke til som er spesielle for sjangeren.

  3. Skriv alle sjangertrekka elevane i klassen har lagt merke til, på tavla.

  4. Sjå på illustrasjonen under. Det er ei visuell framstilling av forskjellen på eit essay og ein artikkel. Forstår de denne?

Øvt ein illustrasjon av artikkelsjangeren: Eit strekmenneske går på ei linje fra start til mål. Nedst ein illustrasjon av essayet der strekmannen går mange omvegar rundt streken før han kjem til mål.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3. Les teori om essaysjangeren

Relatert innhald

  1. Les fagartikkelen "Kva er eit essay?". Mens du les, skal du skrive ned dei typiske sjangertrekka essayet har, punktvis.

  2. Vend tilbake til elevteksten. Kva for nokre av sjangertrekka frå fagartikkelen kan du finne igjen i essayet "1 800 000 000 > 4 600 000"?

Del 4. Nærles modellteksten

No skal du gå tettare inn på essayet og finne ut korleis eleven som har skrive denne teksten, bruker essayverkemidla for å skrive utprøvande om eit emne.

Sjangerkjennetrekk 1. Eit essay er som ein spasertur

Essayet er ei vandring i eit tema. I motsetning til artikkelen er ikkje målet å kome til eit klar svar, ein konklusjon. Du skal i staden skrive utprøvande.

Dette kan du få til ved å bruke "omvegar" eller "digresjonar". Eleven som har skrive essayet "1 800 000 000 > 4 600 000", bruker mykje av dette.

  1. Lag ein kopi av illustrasjonen under. Skriv inn kva som er hovudemnet i teksten ved den svarte rette streken, og skriv deretter inn kva digresjonar eleven bruker for å vandre i temaet.

  2. Kva funksjon meiner de digresjonane i essayet har?

Sjangerkjennetrekk 2. Argumenta essayisten har

Ein essayist har synspunkt og argumenterer for dei, men målet er ikkje nødvendigvis å vere etterprøvbar, men heller å bruke kreative innfallsvinklar som får lesaren til å tenkje.

Finn døme på

  • argument i teksten

  • kreativ argumentasjon til ettertanke

Sjangerkjennetrekk 3. Språkleg leik

I essayet kan du sleppe deg laus språkleg. Du treng ikkje skrive sakleg og objektivt slik du gjer i artikkelsjangeren.

  1. Finn døme på subjektivt språk i teksten.

  2. Trekk ut døme på det du meiner er godt, kreativt språk.

Sjangerkjennetrekk 4. Kunnskap er makt

Sjølv om essayet skal vere leikent og utprøvande, bør du òg vise kunnskap om emnet du skriv om. Elevteksten meistrar blandinga av kunnskap og ein kreativ skrivestil godt.

Finn døme på korleis eleven bruker kunnskap om

  • bibelhistorie

  • økonomi og globalisering

  • historie

  • dataspel og teknologi

  • språk og språkhistorie


Del 5. Vurder essayet

Målet ved essayet er at lesaren skal bli teken med på ei vandring og få nye perspektiv på eit tema. Essayet skal òg ha ein tydeleg raud tråd, trass i digresjonane.

  1. I kva grad synest de dette essayet oppnår dette?

  2. Kva endringar kunne ha gjort teksten endå betre? Kom med konkrete forslag, eller argumenter for kvifor teksten ikkje bør endrast.

Del 6. Samanfatning

Skriv ei samanfatning av det du har lært om essaysjangeren. Du skal prøve å skrive samanfatninga med skrivestilen og verkemidla som er typisk for essayet.

Bruk gjerne spørsmål som verkemiddel om det er noko du lurer på eller framleis ikkje forstår om sjangeren.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2021

Læringsressursar

Å skrive essay