Hopp til innhald

Fagstoff

Lær av ein forfattar

Får du skrivesperre av og til? Stoppar det opp fordi du ikkje veit kva skal du skrive om, og korleis? Du er ikkje åleine om det. Det finst ein del knep du kan bruke for å kome i gang med skrivinga. Eit av de viktigaste er å sjå korleis andre har løyst liknande oppgåver.
Elev som skriver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inspirasjon

Når du skal skrive ein tekst, som for eksempel eit essay, kan du be læraren om å vise deg tidlegare elevsvar. På Skrivesenteret si nettside Eksamensbesvarelser som modelltekster kan du også finne tekstar sjølv. Det er elevtekstar med vurdering og kommentarar som viser kva som var bra, og kva som kunne ha vore betre.

Du kan også la deg inspirere av korleis profesjonelle forfattarar skriv om eit tema. Tekstar dei får publiserte, har som regel god kvalitet. Du kan sjå på korleis forfattarane byggjer opp teksten, og kva for språklege verkemiddel dei bruker. Du skal ikkje kopiere, men du kan herme etter korleis dei gjer det.

Karl Ove Knausgård

Når vi skal sjå nærare på essaysjangeren, skal vi bruke Karl Ove Knausgård som inspirasjon. Han er ein prisvinnande forfattar, som nok er mest kjend for romanane Min kamp 1-6. I romanane bruker han gjerne essayliknande avsnitt som bryt opp handlinga i romanen. I tillegg har han skrive fleire essaysamlingar. Les gjerne eitt eller fleire essay frå desse samlingane for inspirasjon:

  • Om sommeren (Knausgård, 2016)
  • Om våren (Knausgård, 2016)
  • Om vinteren (Knausgård, 2015)
  • Om høsten (Knausgård, 2015)

Tips om andre forfattarar og tekstar kan du få hos læraren din eller på biblioteket.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Å skrive essay