Skriv ein novelleanalyse
Del 1. Kva betyr det å skrive novelleanalyse?
Før du skal skrive ein analyse, er det viktig at du har klart for deg kva sjangeren går ut på. Kva betyr det eigentleg å skrive ein novelleanalyse?
Under ser du eit utdrag frå to ulike analysar av novella "Blodspor". Begge avsnitta handlar om forteljemåten i novella.
- Klarer de å peike på kva som er forskjellen på dei to utdraga?
- Det eine avsnittet kjem frå ein god novelleanalyse, det andre er utdrag frå ein noko svakare analyse. Kvifor er den eine betre enn den andre?
Analyse 1 | Analyse 2 |
---|---|
Novella er i stor grad skriven som ei blanding av handlings- og tankereferat. Handlingreferatet er fortalt gjennom guten sine auge: «Mens han løper, snur han hodet og kaster et raskt blikk på disse små blodsporene». Alt i alt bidrar referatet til å skape ei stressa stemning. Ei av årsakene er at det hektiske verbet «løpe» blir gjenteke fleire gonger. Guten «løper», og alle andre rundt han «løper». Særleg i det første avsnittet dominerer dette verbet og viser slik den einaste reaksjonen ein kan ha i møte med bomber frå himmelen: Du kan flykte og håpe på det beste. Ved å repetere verbet viser forfattaren kor hjelpelause barn, og vaksne, er i møte med krigsmaskineriet. | Forteljemåten i novella er prega av både handlings- og tankereferat. Dette ser vi mellom anna i innleiinga, der det både står "Han blir redd" og "han begynner å løpe". Verbet "løpe" blir repetert mange gonger i løpet av novella. Det same gjer orda "blod" og "hjarte". Handlingsreferata handlar om korleis guten flyktar frå bombene og etter kvart døyr. Tankereferata handlar om kor redd guten er. Mot slutten viser både handlingsreferata og tankereferata at guten døyr. |
Løysing
Del 2. Forarbeid
Lag deg eit tankekart der du skriv det du meiner er temaet i novella i midten og namn på verkemiddel rundt dette. Skriv i tillegg inn sitat frå novella og refleksjonar om korleis verkemiddelet får fram temaet.
Under ser du døme på eit tankekart som er laga til novella "Blodspor". Du kan bruke dette som utgangspunkt når du skal lage ditt eige tankekart.
Del 3. Innleiing med snert
Skriv ei innleiing der du presenterer novella. Her er det mange måtar å gå fram på. Under ser du to forslag som er meir kreative enn å berre skrive ein tørr presentasjon:
Innleiinga som reflekterer over temaet | Sitat-innleiinga |
---|---|
Dei fleste menneske i Noreg har aldri opplevd ein krig. I staden ser vi innslag om krig frå ulike delar av verda på nyhende eller les om det i aviser. "Triste greier", tenkjer vi kanskje, slår av TV-en og loggar oss på Instagram for å sjekke siste nytt som verkeleg "gjeld oss". Novella "Blodspor", skriven av Bakir Ahmethodzic, handlar om ein slik krig som vi i Noreg erfarte på avstand. Den gir eit innblikk i korleis ein krig blir opplevd gjennom auga til ein liten gut. | "Hjertet slår like raskt og like hardt, det vil ikke roe seg ned. Han er fremdeles redd som aldri før, og han løper og løper og er helt alene". Slik beskriv forfattaren Bakir Ahmethodzic flukta til ein liten gut i novella "Blodspor". Novella gir eit innblikk i korleis ein krig rammar uskyldige. |
Legg merke til: Innleiinga er todelt. Den første delen er ein refleksjon som set temaet i novella inn i kontekst. Den andre delen er ein presentasjon av novelle og forfattar. | Legg merke til: Skrivaren har vald eit sitat frå novella som får fram temaet og stemninga godt. Resten av innleiinga presenterer teksten og forfattaren. |
Del 4. Motiv og tema
Skriv to avsnitt: Først skal du skrive eit avsnitt om motivet i novella, deretter eit avsnitt om tema. Hugs at motivet skal presentere handlinga i novella utan å tolke teksten. Når du skriv avsnittet om tema, skal du skrive om kva forfattaren ønskjer å formidle med teksten sin.
Avsnitt om motiv | Avsnitt om tema |
---|---|
Motivet i novella er ein liten gut som spring frå noko skremmande. Dei fleste setningane i første halvdel skildrar løpeturen til guten og dei fysiske reaksjonane han har i denne korte flukta: "Hjertet hamrer", han er "redd" og vurderer "større bloddammer". Omtrent midtveges i den korte novella kjem det fram at det guten spring frå, er ein sterk lyd, sannsynlegvis ei bombe. Denne andre bomba kastar guten over ende og fører til at hjartet til guten sluttar å slå – altså døyr han. Avslutningvis kan vi lese setningar frå forteljaren sjølv som kommenterer teksten: "Alle gatene i Sarajevo har blitt sånn: Noen rakk enden – og noen gjorde det ikke." | Denne siste setninga viser kva som er temaet i novella: krig – eller nærare bestemt: den nådelause krigen som drep uskyldige små barn. Ved å la hovudpersonen vere ein liten gut gir forfattaren oss eit anna innblikk i krigen sin råskap enn det vi vanlegvis får gjennom nyhende. Ahmethodzic har nok vald denne uskyldige guten som hovudperson for å røre oss lesarar ekstra. Det er kjent at vi ofte har ekstra medkjensle med dei små. Dei verkar endå meir uskyldige offer for brutaliteten til krigen enn ein vaksen hovudperson ville gjort. |
Legg merke til: Skrivaren bruker sitat frå novella for å referere handlinga. | Legg merke til: Skrivaren beskriv temaet og viser til dei viktigaste grepa forfattaren har gjort for å få fram dette. |
Del 5. Komposisjonen
Beskriv komposisjonen. Her skal du berre skrive om det som er til stades i novella, ikkje det som ikkje er der. Du skal altså ikkje skrive "Novella har ikkje parallellhandlingar", dersom ho ikkje har det. Då hoppar du berre over dette punktet.
Under ser du forslag til kva du kan leggje merke til:
- Kor langt tidsrom går novella over?
- Er handlinga kronologisk fortalt?
- Er det tilbakeblikk i novella? Kva funksjon har i så fall desse?
- Har novella parallellhandlingar? Kvifor har i så fall forteljaren valt denne komposisjonen?
- Har novella eit tydeleg høgde- eller vendepunkt? Eller er spenningskurva flat?
Del 6. Forteljar og synsvinkel
Du bør alltid presentere forteljaren og synsvinkelen i novella. I tillegg bør du reflektere noko over kvifor forfattaren har valt akkurat denne synsvinkelen. Men legg merke til at val av synsvinkel er viktigare i somme noveller enn andre. Så ikkje skriv lange avsnitt om synsvinkelen om du ikkje synest du får til å forklare kvifor akkurat denne er vald.
Eit avsnitt viser kva funksjon val av synsvinkel har |
---|
Forteljaren er autoral og allvitande. I store delar av teksten ligg synsvinkelen hos den vesle guten. I mesteparten av novella får vi berre innsikt i guten sine tankar og kjensler. Men på same tid står det at «den lille hjernen hans skjønner ikke noe», ein kommentar som guten sjølv ikkje kunne tenkt. Her er det den allvitande forteljaren som bryt inn og tolkar tankane til hovudpersonen, og det er ei setning som viser kor uforståeleg og skremmande ein krig kan vere for ein uskyldig gut. Særleg tydeleg kjem den allvitande forteljaren til syne til slutt. Han kjem med ein metakommentar som fortel at skjebnen til guten ikkje er unik og kommenterer med det sin eigen tekst. |
Del 7. Skriv resten av hovuddelen
No skal du skrive resten av analysen. Det som er viktig, er at du vel å skrive om det som er viktigast. Viss novella er full av detaljerte miljøskildringar som er viktig for temaet, så skriv mykje om dette.
Men kanskje er ikkje miljøskildringane viktige i det heile? Dropp det! Det kan vere den novella du har framfor deg, krev tre avsnitt om språklege bilete som metaforar, besjelingar og symbol.
Her er tips til kva som kan vere viktig i ei novelle:
- Personskildringa: Er ho direkte eller indirekte? Kvifor er dette viktig for korleis vi oppfattar karakterane?
- Miljøskildringa: Korleis bidrar denne til å karakterisere omgivnadene til karakterane? Skaper ho kanskje ei spesiell stemning i novella? Korleis?
- Språklege bilete. Er det mykje bruk av metaforar, symbol, besjelingar, personifikasjonar eller metaforar? Kva funksjon har i så fall desse?
- Andre språklege verkemiddel: Bruker kanskje forfattaren verkemiddel som kontrastar eller verdiladde ord? Eller kva med setningsoppbygginga? Blir denne brukt bevisst for for å skape ei stemning eller få fram tematikken?
Hugs funksjon!
Uansett kva du skriv om, hugs kva som er målet med analysen din: Du skal vise korleis temaet kjem til syne gjennom skrivestilen.
Del 8. Avslutninga
Det er tallause måtar å skrive ei avslutning på. Men her får du to gode tips:
- Lag gjerne ein sirkelkomposisjon. Om du har reflektert over temaet i innleiinga, grip fatt i denne refleksjonen i avslutninga.
- Det er lov, og ofte ein styrke, å reflektere sjølvstendig over temaet til slutt.
Innleiinga | Avslutning med sirkelkomposisjon og sjølvstendig refleksjon |
---|---|
Dei fleste menneske i Noreg har aldri opplevd ein krig. I staden ser vi innslag om krig frå ulike delar av verda på nyhende eller les om det i aviser. "Triste greier", tenkjer vi kanskje, slår av TV-en og loggar oss på Instagram for å sjekke siste nytt som verkeleg "gjeld oss". Novella "Blodspor", skrive av Bakir Ahmethodzic, handlar om ein slik krig som vi i Noreg erfarte på avstand. Ho gir eit innblikk i korleis ein krig blir opplevd gjennom auga til ein liten gut. | Det er ved å skape denne kontrasten og innlevinga forfattaren kan vekkje oss lesarar, som vanlegvis berre les om krig i aviser og ser det på TV. Slik viser forfattaren kva styrke skjønnlitteraturen har: Ved å gi oss innsikt i skjebnen til eit uskyldig enkeltindivid kan han vekkje oss. |