Hopp til innhald

Fagstoff

Fagfornyinga i norsk vg2 på NDLA

Vi har revidert norsk vg2 SF etter den nye læreplanen LK20 og laga spennande nytt innhald!
Ei jente og ein gut samarbeidar på ein datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fullverdig læremiddel

I faget norsk vg2 SF på NDLA vil du finne fagartiklar, oppgåver, tidslinjer, læringsstiar, filmar og interaktive oppgåver som dekkjer alle kompetansemåla i norskfaget i LK20.

Vi har lagt vekt på å følgje intensjonane i overordna del, kjerneelementa og tekstane som beskriv relevansen til faget og sentrale verdiar. Det vil seie at du vil finne fagressursar som skal få elevane til å utforske, vere kreative og skapande. Elevane blir utfordra til å reflektere, sjå etter samanhengar, vere kritiske og gå i djupna. Vi har òg teke på alvor at norsk er eit sentralt fag for kulturforståing og identitetsutvikling. Gjennom tekstar og oppgåver vil elevane utfordrast til å finne stemma si, få eit nytt blikk på seg sjølv og "dei andre".

Kva er nytt?

Vi held fram med å strukturere faget etter kjerneelementa, men det dukkar opp mange nye undertema, og dessutan kan plasseringa skilje seg noko frå dagens fag. Nokre velbrukte fagressursar har fått ei lita ansiktsløfting, men vi har laga mykje nytt innhald, som mellom anna nye kjeldetekstar (både skjønnlitteratur og sakprosa), nye undervisningsfilmar og svært mange nye oppgåver. Under kan du lese om nokre grep vi har teke:

Skriveopplæring

Vi vidarefører grepa frå vg1 med modelltekstar og steg- for-steg-læringsressursar som styrkjer skriveferdigheitene til elevane. Oppdraga blir litt meir krevjande, og vi innfører nokre fleire omgrep for å sikre progresjon i skriveopplæringa.

Tematisk tilnærming

Under kjerneelementet "Tekst i kontekst" held vi fram med tematisk inndeling av ressursane. I vg2 legg læreplanen vekt på at elevane skal setje tekstar i kulturhistorisk kontekst og drøfte korleis dei er relevante i dag. Derfor vil det å trekkje linjer mellom fortid og notid vere viktig i både oppgåvene og fagstoffet vårt under dei ulike temaa.

Undertema i vg2 er "Kulturmøter og identitet", "Kjønnsroller i tekstar", "Naturen og mennesket", "Memento Mori", "Skam og ære", "Mennesket og maktene", "Familien i litteraturen" og "Heltar". Kvart tema har ein fagartikkel som trekkjer linjene mellom eldre og nyare litteratur og dessutan fleire oppgåver som hjelper elevane til å utforske og gå i djupna.

Ny vinkling på språkhistoria

Kompetansemålet som omfattar heile språkhistoria seier at elevane skal gjere greie for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg i dag. Vi har valt å ta utgangspunkt i dagens språksituasjon når vi tek opp dei sentrale hendingane i norsk språkhistorie. Ei rekkje ulike artiklar, filmar og oppgåver skal hjelpe elevane til å forstå kvifor vi skriv og snakkar slik vi gjer i Noreg i dag.

Sjølv om kompetansemålet om nabospråka ikkje tek for seg forståing mellom nabospråka, ønskjer vi å bidra til nabospråkforståinga ved å lage nye ressursar til dette temaet.

Ikkje berre tematisk

I tillegg til tematiske inngangar til "Tekst i kontekst" vil du òg finne ressursar ordna kronologisk under temaet "Litteraturhistorie" og i den nyoppussa "Språk- og litteraturhistoriske tidslinja" vår.

Støtte til læringsarbeidet og planlegging

Metodane og tilnærmingane som ligg i overordna del gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa, det er delt i Verktøykassa for elevar og Verktøykassa for lærarar. Der ligg ressursar som både lærarar og elevar vil ha nytte av i planlegging av undervisning og i læringsarbeidet.

Jobb tverrfagleg

Du kan jobbe med tverrfaglege tema berre i norskfaget, og då finn du ressursane ved å søkje på temaet når du er i faget. Du kan òg la elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. Vi har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: Tverrfaglege tema.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 06.08.2021

Læringsressursar

Om faget