Hopp til innhald

Fagstoff

Fartsskrivar

Ein fartsskrivar blir montert i køyretøyet for å registrere køyre- og kviletida til sjåføren.
Ein blå fartsskrivar av merket Siemens. Han har to opningar for å setje inn kort, eit lite display og høve til å skrive ut kvitteringar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Alle som køyrer godstransport med eit køyretøy som veg meir enn 3,5 tonn inklusiv tilhengar eller semitrailer, eller køyrer persontransport med fleire enn ni personar inklusiv sjåføren, må følgje den lovpålagde køyre- og kviletida.

For å kunne køyre eit slikt køyretøy må du ha førarkort i riktig klasse og eit sjåførkort utferda av Statens vegvesen. Sjåførkortet blir brukt til registrering i fartsskrivaren.

Statens vegvesen og politiet fører kontroll med køyre- og kviletida. Brot på reglane kan innebere store bøter for sjåførane.

Det er arbeidsgivaren eller bileigaren som er ansvarleg for at køyretøyet er utstyrt med dette utstyret.

Relatert innhald

Her lærer du om lover og reglar rundt køyre- og kviletid og konsekvensar av å ikkje følgje dei.

CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2021

Læringsressursar

Digitalt arbeidsutstyr