Hopp til innhald

Fagstoff

Flåtestyring av buss

Med eit datasystem kan busselskapet følgje med på kvar bussane er til kvar tid, og kven som køyrer bussen.
Biletet viser ein mann som arbeider med ruteplanlegging for bussruter ved kontorpulten sin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På eit flåtestyringsprogram på datamaskina kan ein følgje med i sanntid kvar bussane er på ruta. Med dette programmet kan ein lett omdirigere bussane viss det skulle oppstå uventa hendingar som gjer at bussane bør velje ein annan trasé, slik at det ikkje blir forseinkingar på bussruta.

Biletet viser eit utsnitt frå eit kart som viser kvar bussane er i ruta, og kva type buss som køyrer.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I kombinasjon med dette flåtestyringsprogrammet har busselskapet eit datasystem der dei kan sjå kva sjåfør som skal køyre til kvar tid, og kva buss dei er sett opp til å køyre.

Biletet viser eit utsnitt av eit dataprogram med ein kalender som har kopling mellom bussjåfør og bussnummer.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022

Læringsressursar

Digitalt arbeidsutstyr