Viktige faktorar ved vegtransportoppdrag
Du har sikkert høyrt om køyre- og kviletid. Statens vegvesen har ei grei oversikt over regelverket. Gå inn på lenkja Køyre- og kviletid, som du finn i margen.
Reglane er til for å sikre yrkessjåførane ein normal arbeidsdag og for å auke trafikktryggleiken. Likevel blir reglane brotne, og uhell kan lett oppstå. Sjåføren som sovnar og køyrer av vegen, er eit vanleg skrekkscenario. No begynner det å komme teknologi som skal bidra til å hindre slike uhell, men det viktigaste er å følgje regelverket.
Reglane gjeld for køyretøy i godstransport med ei totalvekt over 3,5 tonn (3500 kilo) og for køyretøy som er bygde for persontransport av meir enn ni personar medrekna føraren. Årsaker til at reglane blir brotne, er for knappe tidsfristar eller at sjåføren ønskjer å komme fram til ein bestemt stad før neste kvilepause. Ved brot på reglane kan både sjåføren og føretaket få store bøter. Brot kan straffast i det landet der dei blir avslørte.
Å tilpasse farten etter tilhøva er eit viktig tryggingstiltak for den som utfører eit transportoppdrag. Tunge køyretøy har ei fartssperre, slik at bilane ikkje skal kunne køyre fortare enn 89 kilometer i timen. Fleire store transportfirma har no innført endå lågare grenser for at tryggleiken skal bli betre både for deira eigne tilsette og for andre i trafikken. Det viktigaste tiltaket er likevel at sjåføren tilpassar farten etter tilhøva. Sjølv om det er lov med ei hastigheit på 80 kilometer i timen, er det ikkje sikkert at det er trygt å køyre i den farten i alle tilfelle.
Føraren og eigaren har begge eit ansvar for kva tilstand køyretøyet er i. Det følgjer av §§ 13 og 23 i vegtrafikklova. I § 23 heiter det:
Før kjøringen begynner, skal føreren forvisse seg om at kjøretøyet er i forsvarlig og forskriftsmessig stand og at det er forsvarlig og forskriftsmessig lastet. Han skal sørge for at kjøretøyet også under bruken er i forsvarlig stand og forsvarlig lastet.
Eier av kjøretøy eller den som på eierens vegne har rådighet over det, plikter å sørge for at kjøretøyet ikke brukes dersom det ikke er i forsvarlig stand.
Det er ein god og nødvendig regel at ein sjekkar køyretøyet både før start, under opphald langs vegen (pausar) og etter køyring.
Kvart år mister menneske livet som følgje av at last fell av køyretøy. Det kan vere medtrafikantar, men det hender også at føraren av køyretøyet blir drepen som følgje av at last ramlar ut når han opnar dørene for å losse. Å sikre lasten er heilt nødvendig for ein trygg transport. Hugs at dette må gjerast anten transportstrekninga er kort eller lang, og anten godset er tungt eller lett.