Hopp til innhald

Fagstoff

Ein hektisk kvardag

Alle har opplevd ulike former for stress. Vi skal no sjå nærare på kva stress kan bety i trafikken.
Buss i rushtid i by. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stress kan vere både positivt og negativt. Det kan vere ein positiv faktor i strategien vi møter truslar og farar med. Negativt stress oppstår gjerne når vi får ei kjensle av ikkje å strekke til, når det er mange ting vi skulle ha gjort, men ikkje rekk å gjere, eller når vi ikkje meistrar oppgåva vår.

Det er mange årsaker til stress. Ein lastebilsjåfør kan bli stressa om tida blir for knapp til å rekke alle leveringane til avtalt tid. Ein bussjåfør som ligg etter ruteplanen, kan oppleve det same. Ein skipsførar med mange småbåtar i fart rundt skipet vil kunne kjenne stress. Evna til å ta korrekte avgjerder blir redusert under stress, og vi blir meir disponerte for uhell.

Stress over lang tid kan føre til kroniske lidingar som mellom anna hjarte- og karsjukdommar og psykiske lidingar. Er du stressa? Gå inn på lenkja Stresstest i margen.

«Skulle berre …» er ei utsegn du kanskje kjenner til. Utsegna blir ofte brukt når vi skal gjere noko ekstra i ein stressa arbeidssituasjon. Vi «skal berre …», og så skjer det eit uhell. I mange tilfelle kjem det av at vi har nådd ei kapasitetsgrense, og at denne grensa blir overskriden.

Lenkjer

Stress

Stresstest

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.12.2018

Læringsressursar

Trafikktryggleik