I dei aller fleste uhella med transportmiddel verkar den menneskelege faktoren inn. Statens havarikommisjon for transport (SHT) hevdar at den menneskelege faktoren ikkje er ei årsak, men eit symptom på systemfeil. Med det meiner dei at det er fleire faktorar som speler inn ved alle ulykker, og at når krava frå trafikksystemet overstig yteevna til mennesket, vil det kunne skje ei ulykke.
Tenk deg denne situasjonen: Ein bussjåfør snakkar med ein passasjer samtidig som han køyrer. Merksemda er delt mellom køyringa og samtalen med passasjeren. Med eitt spring eit barn over vegen. Krava frå trafikksystemet aukar brått og kan overstige det føraren er i stand til å yte. Ei ulykke kan oppstå.
Menneske kan gjere feil. Vi blir trøytte, slitne, påverka av kjensler eller opptekne av andre ting. Det er det den menneskelege faktoren handlar om.
Lenkje til video om tungtransport på gamle, smale veier: Tor Tenden.