Markedsundersøkelser - Markedsføring og ledelse 1 - NDLA

Hopp til innhald

Markedsundersøkelser

Marknadsundersøkingar er innsamling og analyse av data om marknaden. For verksemder kan marknadsundersøkingar gi verdifull innsikt om kundane. Denne innsikta kan mellom anna vere til hjelp for å ta strategiske val om ulike marknadsføringstiltak og for å evaluere tidlegare avgjerder.

Ein ung mann ser smilande på eit nettbrett. Ved sida av han er det illustrert eit smilefjes, eit nøytralt fjes og eit surt fjes med avmerkingsboksar under, og det er huka av i boksen under smilefjeset. Illustrasjon.